Høyring - forslag til forskrift om forbod mot bonusprogram i norsk innanriks luftfart

Fornyings- og administrasjonsdepartementet sender med dette på høyring utkast til forskrift om forbod mot bonusprogram i norsk innanriks luftfart. Vedlagt følgjer høyringsnotat og utkast til forskrift.

Konkurransetilsynet gjorde i 2002 eit vedtak etter den førre konkurranselova, retta mot SAS Braathens og Widerøe, som sette forbod mot å tilby passasjerar å opptene bonuspoeng eller tilsvarande i samband med norske innanriksreiser. Forbodet gjeld fram til 1. august i år. 

Fornyings- og administrasjonsdepartementet er oppteke av å oppretthalde og styrkje konkurransen i norsk luftfart. Prisutviklinga syner at den konkurransen vi har hatt dei siste åra er viktig både for næringsliv og forbrukarar. Frå 2001 til 2005 vart flyprisane reduserte med nær 30 pst. Departementet meiner at fråvær av bonusopptening innanlands har vore ei viktig årsak til den auka konkurransen og at det derfor er viktig å gjennomføre tiltak som hindrar gjeninnføring av slike ordningar.

Etter den nye konkurranselova frå 2004 vil forbodet måtte ha ei anna form enn det gjeldande forbodet, og det vert derfor fastsett som ei forskrift med heimel i lova som vil gjelde alle flyselskap.

Forskrifta set forbod mot at flyselskap tilbyr flypassasjerar opptening av gode gjennom bonusprogram på innanlands flyreiser. Bakgrunnen for at opptening i bonusprogram vert foreslått forbode, er at slik opptening bind kundane til eitt selskap på ein måte som svekkjer konkurransen.  Vi syner til utførleg grunngjeving i høyringsnotatet.

Departementet har særskilt vurdert om det også bør vere forbode for flyselskapa å tilby  bruk innanlands av bonuspoeng opptente i utlandet. Departementet har kome til at bruk av bonuspoeng har verknader på konkurransen som er mykje mindre enn verknadene som fylgjer av opptening i bonusprogram. Det er heller ikkje eintydig om verknadene er positive eller negative. Departementet har derfor ikkje foreslått noko slikt forbod.

Utkastet til forskrift har eit unntak som gir flyselskap høve til å tilby opptening i bonusprogram på einskilde ruter i innanriks luftfart, når selskapet har ein marknadsdel på under 15 prosent på den aktuelle ruta, samstundes som selskapet har ein marknadsdel på under 15 prosent samla på alle ruter innanriks. Vi syner til drøftinga i høyringsnotatet pkt. 7.6, og oppmodar særskilt høyringsinstansane om merknader til dette punktet.

Høyringsfristen vert sett til 21. mai 2007.


Med helsing

Jan A. Halvorsen (e.f.)
ekspedisjonssjef 
Steinar Hauge
avdelingsdirektør