§ 48: Kommunane sine årsrekneskap og årsmeldingar
Tolkningsuttalelse | Dato: 07.07.2015 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Sak 01/4143
Departementet fekk fleire spørsmål frå ein kommunerevisjon knytte til kommunane sine årsrekneskap og årsmelding.
- Det vart spurt om det var tilstekkeleg at kommunestyret fekk seg førelagt årsrekneskapen innarbeidd i kommunen si årsmelding. Departementet svara at det i kommunelova § 48 nr. 1 heiter at kommunar, for kvart kalenderår, skal utarbeide årsrekneskap og årsmelding etter forskrift om årsrekneskap og årsmelding av 15. desember 2000 (forskrifta)gitt med heimel i kommunelova § 48 nr. 6.
- Kommunerevisjonen ønskte at det skulle innarbeidast i kommunestyrevedtaka; ”revisjonsberetningen av xx og kontrollutvalgets uttalelse tas til etterrettning” når det ikkje var merknader til årsrekneskapen. Departementet svara at kommunerevisjonane må uttøve god revisjonsskikk og at det ikkje er naudsynt med sentrale retningsliner i samband med denne problemstilinga.
- I ein kommune vart det lagt fram andre rekneskapsdokument enn § 10 i forskrifta føreskriv. Det vart her snakk om sektorane sine detaljerte årsmeldingar. Spørsmålet var om andre rekneskapsdokument kan leggast fram enn det forskrifta seier. Departementet svara at forskrifta seier at årsrekneskap og årsmelding skal leggast fram for kommunestyret, og det skal gjerast vedtak vedrørande desse dokumenta. Om kommunestyret ønskjer å få lagt føre seg andre dokument i tillegg, bør det understrekast at dokumenta ikkje er ein del av årsrekneskapen/årsmeldinga. Fôrreninga for god kommunal rekneskapskikk har til vurdering om det bør utarbeidast ein standard eller tilråding for årsmeldingar.
- Det var vidare eit spørsmål om årsrekneskapen formelt var rett handsama om fråsegn frå kontrollutvalet mangla? Departementet viste til forskrifta § 10 som gir ei grundig forklaring på korleis ein på rett måte handsamar årsrekneskapen fram til eit vedtak. Brot på desse sakshandsamingsreglane kan føre til at vedtaket ikkje er komme til på rett måte og evt. kan opphevast.
- Revisjonen spurde og om ein administrasjonssjef eller eit økonomiutval kan lage forslag til innstilling på disponering av eit overskot/inndekning av eit underskot, eller om formannskapet på eiga hand må komma med eit forlag til innstilling på disponering av årsresultat. Departementet svara at den korrekte framgangsmåten er at formannskapet ber administrasjonssjefen om eventuelt å lage innstilling på disponering av ev. overskot/inndekning av underskot.
- Det var og stilt spørsmål rundt reglane om revisor si underskrift på sjølve rekneskapen. Departementet peika på at regelen om revisor si underskrift står i ”Forskrift om revisjon” av 13. januar 1993 gitt med heimel i kommunelova § 60. Denne må følgjast om dette formelt skal bli rett.
- Revisjonen gav uttrykk for at kommunerekneskapane må handsamast etter dei same strenge reglane som når ei generalforsamling godkjenner eit årsrekneskap etter rekneskaps- og aksjelova. Departementet gjorde det klart at kommunelova § 48 nr. 3 omtaler reglane for handsaming av årsrekneskapen.