§ 9 - Klage over klageinstansen sitt avvisingsvedtak etter offentleglova
Tolkningsuttalelse | Dato: 13.07.2000 | Justis- og beredskapsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Justis- og politidepartementet
Tolkningsuttalelse fra lovavdelingen
Saksnummer: 2000/8555 E TME/TFJ |
Dato: 13.07.2000 |
Klage over klageinstansen sitt avvisingsvedtak etter offentleglova
Vi viser til brev 23. mai 2000 frå fylkesmannen i Buskerud, der vi blir bedne om å ta stilling til Laagendalspostens klage over avslag på innsyn i saksdokumenta til Kongsberg Energi AS.
Spørsmålet er om klageinstansen si avvising av ein klage kan påklagast etter reglane i offentleglova.
Etter offentleglova § 9 tredje ledd første punktum kan den som har fått avslag på eit innsynskrav, påklage avslaget til det forvaltingsorganet som er nærmast overordna det forvaltningsorganet som har treft vedtaket. Fylkesmannen er klageinstans når avslaget er treft av kommunalt eller fylkeskommunalt organ, jf. andre punktum. Dersom det organ som har avslått kravet på innsyn, ikkje er eit kommunalt eller fylkeskommunalt organ, skal fylkesmannen avvise klagen. Dette gjeld uavhengig av om det påklaga vedtaket er eit avvisingsvedtak.
Offentleglova § 9 tredje ledd gir berre heimel for å påklage eit avslag i eitt ledd. Føresegna gir såleis ikkje grunnlag for å påklage klageinstansen sine avslag.
Ifølgje § 9 femte ledd gjeld klagereglane i forvaltingslova kapittel VI tilsvarande for klagesaker etter offentleglova så langt dei passar. Hovudregelen etter forvaltingslova er at klageinstansen sitt vedtak i klagesak ikkje kan påklagast, jf. § 28 første ledd tredje punktum. Slik Lovavdelinga ser det, gjeld dette også når klageinstansen har avvist ein klage (jf. uttalar i sakene 99/16463 E og 95/7682 E som følgjer vedlagt). Etter vårt syn må det same gjelde for klagar etter offentleglova. Dei momenta som er nemnde i dei to tolkingsuttalane om forvaltingslova, er relevante også etter offentleglova. Det kan dessutan hevdast at klagehandsaminga etter offentleglova § 9 er meint å vere noko raskare, enklare og meir uformell enn etter forvaltingslova § 28, sjå Arvid Frihagen, Offentlighetsloven, bind II, 3. utgåve 1994, s. 249 og 266. Det ville harmonere dårleg med dette om ein skulle opne for ein meir vidtgåande klageadgang etter offentleglova enn etter forvaltingslova.
Fylkesmannen i Buskerud peiker i sitt brev på at slike avvisingssaker gjerne reiser prinsipielle spørsmål, og at det tilseier at dei kan påklagast vidare. Det stemmer at avgjerder i desse sakene kan vere av prinsipiell art, men dette er ikkje særmerkt for avvisingsvedtaka. Også klagar over realitetsavgjerder kan reise prinsipielle spørsmål, utan at det medfører rett til å få prøvd klagen for ein ekstra instans. Dersom det er ønskjeleg med ein meir prinsipiell uttale, er det høve til å be Lovavdelinga om det. Den som er misnøgd med ei avgjerd etter offentleglova kan på si side ta saka opp med Stortingets ombodsmann for forvaltinga – Sivilombodsmannen.
I denne saka har Fylkesmannen i Buskerud allereie treft vedtak om at offentleglova ikkje gjeld for Kongsberg Energi AS. Dette vedtaket kan som nemnt ikkje påklagast til overordna organ. I ein slik situasjon er det ikkje naturleg at Lovavdelinga tek stilling til realiteten i saka.