Høringsbrev

Høyring av lovframlegg om statleg godkjenning av kommunale låneopptak og leigeavtalar før iverksetjing av kommunereforma

Det skal gjennomførast ei kommunereform, sjå Prop. 95 S (2013–2014) Kommuneproposisjonen 2015. Departementet har utarbeidd eit framlegg til lovendring som styrker den statlege kontrollen med økonomien til kommunane. Framlegget går ut på at kommunale vedtak om låneopptak og langsiktige leigeavtalar for budsjettåra 2015–2017 ikkje er gyldige før dei er godkjende av fylkesmannen. Høyringsfristen er 25. juni 2014.

Høyringsfråsegner kan sendast til postmottak@kmd.dep.no eller til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112, Dep 0032 Oslo, merka sak 14/3975. Vi ber høyringsinstansane vurdere om saka bør leggjast fram for eller sendast vidare til underliggjande organ, organisasjonar osb. som ikkje står på høyringslista. Vi gjer merksam på at alle kan sende inn sine synspunkt. Fråsegnene vil bli lagt ut på nettsida til departementet.


Med helsing 


Sølve Monica Steffensen (e.f.)
ekspedisjonssjef
                                                                                                   Siri Halvorsen
                                                                                                   avdelingsdirektør

Vedlegg: Høyringsnotat

Dette dokumentet er elektronisk godkjent og blir sendt utan signatur