Jondal kommune - motsegn til endring av område OT1 og VB1 i reguleringsplan for Kvernurdi (steinbrot)
Brev | Dato: 18.01.2010 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Miljøverndepartementet
Mottakar:
- Fylkesmannen i Hordaland
- Postboks 7310
- 5020 BERGEN
Dykkar referanse:
2007/12464 421.4
Vår referanse:
200902238
I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 stadfestar Miljøverndepartementet Jondal kommune sitt vedtak av 1. april 2009 om endring av reguleringsplan for del av Kvernurdi, Jondal kommune.
Les førsegner til reguleringsplanen frå Miljøverndepartement i pdf
Vi viser til brev frå Fylkesmannen i Hordaland datert 15. juni 2009. Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 av 1985 sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd, etter motsegn frå Fylkesmannen i Hordaland. Motsegna er grunngjeve med manglande omsyn til Gullbergnotten naturvernområde og dei uheldige landskapsmessige verknadene planlagd endring kan skape.
I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 stadfestar Miljøverndepartementet Jondal kommune sitt vedtak av 1. april 2009 om endring av reguleringsplan for del av Kvernurdi, Jondal kommune. Samstundes nyttar departementet si rett til å endra planen ved at merknadene Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning har til opphavleg plan vert innarbeidd i planføresegna. Avslutningsplan av 22. oktober 2009 og reglar for terrengforming blir med det gjort juridisk bindande, for å sikra naudsynte landskapsomsyn.
Motsegn frå Fylkesmannen i Hordaland ved miljøvernavdelinga er dermed delvis tatt til følgje.
Bakgrunn for saka
Gjeldande reguleringsplan for Kvernurdi vart vedteken 21. juni 2001 og omfattar i alt omlag 773 daa. I 2005 vart om lag 229 daa av planen endra.
Etter kvart som drifta utvikla seg i den øvre delen av førekomsten i perioden 2006 – 2007 vurderte Bergvesenet situasjonen slik at delar av område VB1 regulert til vegeta-sjonsbelte, ville kome til å utgjere ein sikkerheitsrisiko dersom førekomsten nedanfor brotet ST1.1 skal kunne nyttas fullt ut. Drift på toppen i område sør for vegetasjonsbeltet, synte at drivbar skifer gjekk djupare ned enn tidligare kartlagt. Sprekker og svakheitssoner i det attståande partiet hadde ugunstig orientering. Det blei særleg peika på farleg arbeid oppunder den brattaste delen av området, og ei generell fare for ustabile forhold med utgliding av det attståande partiet. Bergvesenet anbefalte difor tiltakshavar om å søke reguleringsendring for å utnytte ressursen betre og sikre stabilitetsforholda i brotet. Varsel om oppstart av reguleringsendring er dagsett 09.11.2007, og planforslaget blei sendt ut på høyring 30.01.2008.
Reguleringsendringa gjeld eit mindre område på 23 daa langs austgrensa av planen. Området VB1 på 12.9 daa er i gjeldande plan regulert til vegetasjonsbelte, og delar i sør området S1 for steinbrot mellom det bratte arealet mot fjorden og det flate arealet bakanfor. Område OT1 på 10,3 daa er regulert til opplag og tilkomst. I endringa vert 5,2 daa av VB1 og OT1 omgjord til stein¬brot slik at S1 vert udelt og utvida. Område OT1 blir utvida til 14,4 daa i delar av VB1. Vegetasjonsbeltet vert med det redusert frå 12,9 daa til 2 mindre område på samla 3,6 daa. Endringa vert grunngjeven med omsynet til å utnytta stein¬ressursane betre, samstundes som området både under drifta og etter at steinut¬taket er avslutta vil framstå med ein høgare tryggleik.
Fylkesmannen i Hordaland kom med motsegn til planen i brev datert 31 mars 2008. I motsegna viser fylkesmannen til at Jonahornet representerer eit særprega og viktig landskapselement i denne delen av Hardanger, eit preg som i dag er sterkt endra som følgje av den industrielle aktiviteten i steinbrotet. Det aktuelle vegetasjonsbeltet VB1 vart regulert inn av estetiske omsyn, både i forhold til Gullbergnotten naturreservat, men mest av alt av omsyn til korleis Jonahornet og nærområde vil stå fram på avstand. Buffersona/vegetasjonsbeltet er dermed i gjeldande reguleringsplan eit verkemiddel for å dempe det visuelle inntrykket av steinbrotet. Fylkesmannen peikar på at ein bør vurdera storleiken og uttaks¬mengda på feltet før ein vel å regulera bort dei grøne buffersonene, og går derfor mot at vegetasjonsbeltet vert redusert. Både i uttale til reguleringsendringa og i meklings¬møtet har fylkesmannen peika på at dei saknar ei betre illustrering av korleis tiltaket vil påverke landskapet før det kan takas avgjerde om å tillate endringar.
Mekling vart gjennomført i møte 1. juli 2008. Under meklingsmøtet sette fylkesmannen som vilkår for å trekke motsegna, at det vert utarbeidd ein avslutningsplan for heile steinbrotet som illustrerer korleis landskapet skal sjå ut etter avslutta drift. Kommunen har på si side lagt til grunn at planen ikkje skal omfatte meir enn området motsegna gjeld. Partane har i etterkant ikkje oppnådd semje om dette punktet, og meklinga førte ikkje fram.
Kommunestyret i Jondal vedtok planen 1. april 2009 utan at motsegna var løyst.
Fylkesmannen i Hordaland oversendte saka i brev av 15. juni 2009. Fylkesmannen meiner gjeldande planar ikkje godt nok ivaretar omsyn til visualisering av landskapsmessige verknader, i eit fjordlandskap av nasjonal interesse. Heile steinbrotet utgjer eit stort inngrep i Hardangerlandskapet, og er godt synleg frå riksvegen på motsett side av fjorden. Fylkesmannen synest ikkje det er urimeleg å stille formelle krav til planar som på ein tilfredsstillande måte visualiserer og illustrerer avslutninga av steinbrotet. Fylkesmannen tilrår at motsegna vert tatt til følgje.
Synfaring skjedde 15. oktober 2009 med representantar for kommunen, Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning, Bergvesenet, Hardangerskifer AS og Miljøverndepartementet.
Direktoratet for naturforvaltning (DN) er i brev av 17. desember 2009 samd med Fylkesmannen i Hordaland i at vegetasjonsbeltet VB1 i gjeldande plan er viktig som buffersone mot Jonahornet ,og at det er uheldig å regulere vegeta¬sjonsbeltet til steinbrot. DN meiner drifta i steinbrotet har undergrave den positive verknaden vegetasjonsbeltet var tiltenkt gjennom uttak av massar heilt inntil ”foten” av VB1. Det har skapt den såkalla ”skalken” med ei tilnærma vertikal brotflate med vegeta¬sjon på toppen. Truleg vil den halde fram å vera svært synleg i landskapet, sjølv om dei omkringliggande brotflatane vert tilgrodd av vegetasjon. ”Skalken” utgjer og ein sikker-heitsrisiko slik den no står, med fare for utgliding av steinmassane. DN tilrår difor at denne delen av vegetasjonsbeltet VB1 blir regulert til steinbrot.
DN legg som føresetnad for ei slik tilråding at MD gjer endringar i planen for å kompensere at funksjonen vegetasjonsbeltet har som overgang mellom steinbrotet og Jonahornet, går tapt. Mellom anna ved å sikre at føresegnene til reguleringsplanen, avslutningsplanen og dei framtidige driftsplanar sikrar at resten av vegetasjonen opp mot Jonahornet vert tatt omsyn til. Etter avslutta drift må ein sikra at jordmassar blir fylt på brotflatane slik at stadeigen vegetasjon kjem tilbake. Det er viktig at uttaket av massar i området der VB1 blir regulert til S1.1 (steinbrot) og OT1 (opplag/tilkomst), vert gjort slik at området etter avslutta drift kan sås til, og ikkje vert prega av høge brotkantar. Føresegna må difor fastsetje maksimal uttaksdjup og avslutningsnivå, samt ha krav om ein avslutn¬ingsplan som illustrerer korleis landskapet innan heile stein-brotet vil sjå ut etter istand¬setting.
Nærings- og handelsdepartementet har i brev av 9. desember 2009 oversendt Bergvesenet si faglige vurdering av endringa. Dei peikar på at det aktuelle skiferbrotet er av nasjonal interesse. Det sysselsett 16 personar i Hardangerskifer AS, som er ein av dei største private verksemdene i Jondal kommune. Bergvesenet meiner dagens drift er hemma av vegetasjonsbeltet som gjev korte ”stuffer” av omsyn til sikkerheita. Noko som fører med seg at det må sprengjast kvar dag med påfølgjande maskinflytting. Ved å fjerna vegetasjonsbeltet vil ein binde saman ST1 og ST2 og kunne doble lengda på pallane. Dette vil gje færre sprengingar, mindre maskinflytting og betre utnytting av steinen. Omregulering av vegetasjonsbeltet vil og gje økt ressurstilgang i sjølve vegeta-sjons¬beltet, samt frigjere skifervolum i djupet nedanfor. Endringa vil forlenge brotets levetid med om lag 7 år.
Etter Bergvesenet si vurdering vil landskapet på toppen av lia kunne terrengformast og rehabiliterast slik at opphavlig horisontline blir oppretthaldt. Dette kan gjerast ved å fylle brottet på toppen med skrotstein opp til opphavleg terrengnivå. Fyllinga kan jordslåas og etterkvart vil vegetasjon kome tilbake. Bergvesenet peikar og på at det planlagde tiltaket ikkje omfattar Gullbergnotten naturreservat direkte.
Bergvesenet meiner at i denne saken må dei samfunnsmessige verknadane av syssel-setjing og verdiskaping leggjast vekt på. Tiltaket er lokalisert i et område med svært liten næringsverksemd frå før. Her bør det difor leggjast avgjørande vekt på omsynet til samfunnsutviklinga.
Hardangerskifer AS har i brev av 1. desember 2009 (ved advokatfirmaet Harris) oversendt ein oppdatert avslutningsplan (dagsett 22.10.09) og endra profil A (dagsett 19.10.09). Her kjem det fram at endringane i forhold til gjeldande driftsplan om omsøkt uttak av delar av vegetasjonsbelte VB1 vert tillate. Bergvesenet har i brev av 13. november 2009 stadfest at det innsendte forslaget til endring av driftsplanen vil kunne godkjennast av dei når endeleg reguleringsplanvedtak ligg føre.
Miljøverndepartementet si vurdering
St.meld. nr. 26 (2006-2007) ”Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand” har som ei viktig nasjonal arealpolitisk føring at: ”Miljøkvaliteter i landskapet skal bevares og styrkes gjennom økt kunnskap om verdier og bevisst planlegging og arealpolitikk.” Miljøverndepartementet har og som overordna resultatmål for landskap i arealplanlegginga at; ”Heilskapleg planlegging og arealforvaltning skal bidra til berekraftig lokal og regional utvikling og sikre landskaps- natur- og kulturverdiar.”.
Departementet legg til grunn at alle driftsplanar og uttaksløyver for stein- og sand-massar skal fylgje dei ytre rammene reguleringsplanen set for tiltaket. Når det i reguleringsplanen er avsett eit vegetasjonsbelte med ei bestemd funksjon, må uttaksplanen sjå til at denne kan gjennomførast på ei forsvarleg måte, både visuelt og tryggleiksmessig. I denne saka er det godkjent driftsplanar som ikkje gjer det mogleg å oppretthalde vegetasjonsbeltet med ein sikker og naturleg avtrapping i framkant. Ein har i staden valt å ta ut så mykje stein at vegetasjonsbeltet står att som ein ”skalk”. I ettertid har det og synt seg at denne ”skalken” ikkje kan bli ståande av di sprekker og veike soner gjer at steinmassane kan gli ut. Det er uheldig at det er tillate ei drift som ikkje berre visuelt har øydelagt vegetasjonsbeltet, men som og gjer at ein i ettertid må søke det fjerna av omsyn til tryggleiken.
Det er departementet sitt syn at omregulering burde ha skjedd tidlegare, då ein vart klår over at skiferen gjekk djupare ned enn tidligare kartlagd. Miljøverndepartementet er samd med fylkesmannen i at det ikkje er urimeleg å stille formelle krav om planar som på ein tilfredsstillande måte visualiserer og illustrerer avslutninga av steinbrot. Ikkje minst i eit så nasjonalt viktig område som Hardangerfjorden. Den gjeldande planen har ikkje i naudsynt grad sikra at uttaket skjer på ein måte som sikrar dei visuelle kvalitetane i landskapet omkring Hardangerfjorden og sikkerheita i området .
Miljøverndepartementet er også samd med fylkesmannen og Direktoratet for natur-forvaltning i at ny reguleringsplan må sikra at resten av vegetasjonen opp mot Jona-hornet og Gullbergnotten naturreservat vert tatt omsyn til, og at jordmassar blir fylt på brotflatane slik at stadegen vegetasjon kjem tilbake etter avslutta drift.
Miljøverndepartementet finn ut frå ei samla vurdering at ny plan vedteki av Jondal kommune ikkje rettar opp påpeikte manglar ved opphavleg plan. Planen er mangelfull og sikrar ikkje viktige landskapsverdiar godt nok. Departementet er ikkje samd med Jondal kommune i at bindinga av korleis landskapsprofilane skal verta kan avgrensast til det vesle området som blir omregulert, då heile steinbrotet påverkar sluttresul¬tatet. Miljøverndeparte¬mentet er dermed samd i motsegna frå fylkesmannen. Samstundes kom det under synfaringa fram at situasjonen no er slik at vegetasjons¬beltet ikkje kan opp¬retthaldas, då attståande del er eit tryggleiksproblem for vidare drift. Departementet har difor kome til at realitetane i saka er slik at vegetasjonsbeltet må fjernast av omsyn til sikkerheita. Dette er akseptert av fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning.
Tiltakshavar Hardangerskifer AS har oversendt ein oppdatert avslutningsplan som Bergvesenet i brev har stadfesta at dei kan godkjenna, og som saman med føresegn for maksimale uttaksdjup, avslutningsnivå, høgder på brotflatar, med vidare kan sikra at motsegnas siktemål vert tryggja. Avslutningsplanar for steinbrot vert normalt ikkje lagt ut på offentleg ettersyn og det er ikkje krav om noko offentleg vedtaksprosess. Miljø-verndepartementet finn det difor mogleg å knyta avslutnings¬planen av 22. oktober 2009 til føreliggjande reguleringsplan gjennom føresegna, av di Bergvesenet allereie har gjeve si tilsegn. Endringa av føresegnene endrar ikkje meininga bak reguleringa.
Miljøverndepartementet har ut frå sakens realitetar, kome til at reguleringsplanen kan stadfestast med dei endringane som er nemnd ovanfor. Miljøverndepartementet stadfestar dermed planen, men endrar føresegna så drift i steinbrotet blir knytt til ei bindande avslutningsplan og tilhøyrande reglar for terrengforminga.
Vedtak
I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 stadfestar Miljøverndepartementet Jondal kommune sitt vedtak av 1. april 2009 om endring av reguleringsplan for del av Kvernurdi, Jondal kommune, med følgjande endringar: Reguleringsføresegnene oppdateras så avslutningsplan av 22. oktober 2009 vert gjort juridisk bindande, og reglar for terrengforminga vert teke inn som ei ny § 6 til planen.
Det stadfesta plankartet og ajourførde reguleringsføresegner saman med underliggande planar med påteikning om stadfestinga, følgjer vedlagt (Les førsegner til reguleringsplanen frå Miljøverndepartement i pdf).
Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.
Med helsing
Erik Solheim
Kopi til;
Jondal kommune, 5627 Jondal
Hordaland fylkeskommune, Pb. 7900, 5020 Bergen
Nærings- og handelsdepartementet, Pb. 8014 Dep, 0030 Oslo
Bergvesenet, Pb. 3021 Lade, 7441 Trondheim
Direktoratet for naturforvaltning, 7485 Trondheim
Hardangerskifer AS ved Advokatfirmaet Harris, Pb. 4115 Dreggen, 5835 Bergen