10 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovframlegget
Kollektivtransportforordninga vil bli inkorporert i norsk lov ved ei felles forskrift for veg- og banesektoren. Det er heimel i yrkestransportlova §§ 8 sjuande ledd og 35 for å fastsetja reglane i forordninga som forskrift. Yrkestransportlova må endrast på dei punkta der lova er i strid med forordninga, og på nokre punkt må ordlyden i lova tilpassast reglane i forordninga. Jernbaneloven må endrast for å gje heimel til å gjennomføra forordninga i forskrift på jernbaneområdet.
10.1 Endring i yrkestransportlova
Til § 8 Konkurranse ved tildeling av løyve
Gjeldande § 8 første ledd må endrast fordi han har som utgangspunkt at konkurranse er frivillig. Ny ordlyd i artikkel 8 første ledd skal slå fast at konkurranse skal nyttast innanfor rammene av dei fastsette reglane som gjeld på området. Reglane om når konkurranse skal nyttast vil gå fram av anna regelverk.
Prinsippa om når konkurranse skal nyttast for tenestekontraktar, følgjer av regelverket om offentleg innkjøp både for veg- og sjøtransport.
For tenestekonsesjonar følgjer det av kollektivtransportforordninga når konkurranse skal nyttast innan vegtransport, og av den maritime kabotasjeforordninga når konkurranse skal nyttast innan sjøtransport.
Med unntak av prinsippa for konkurranseutsetjing gjeld reglane i kollektivtransportforordninga både for tenestekontraktar og tenestekonsesjonar.
Til § 22 Lokal rutetransport
§ 22 femte ledd slår fast at fylkeskommunen har eit visst spelerom ved inngåing av kontraktar om offentleg godtgjersle. I og med innføring av krava i forordninga for tildeling av kontraktar om offentleg tenesteyting, vert det innført ei plikt til bruk av konkurranse ved tildeling av kontraktar der ein etter gjeldande rett har kunna vald mellom anbod og direkte tildeling av kontrakt.
Til § 23 Administrasjonsselskap
Regelen er tilpassa endringa i § 22 femte ledd, men gjer ingen innskrenkingar med omsyn til å kunna nytta administrasjonsselskap i same omfang som i dag.
Til § 24 Riksvegferjer
Det vert her vist til omtalen til § 22 femte ledd. Det gjeld dei same reglane for staten ved Samferdselsdepartementet ved tildeling av offentleg godtgjersle til riksvegferjesamband, som for fylkeskommunane ved tildeling av godtgjersle til båtruter eller fylkesvegferjer.
Til § 27 Kor lenge eit løyve gjeld
Løyve for rutetransport vert framleis gjeve for 10 år, som etter gjeldande lov § 27 andre ledd.
Regelen vil få sjølvstendig meining ved direkte tildeling av kontrakt, slik det i visse tilfelle er høve til.
Elles vil løyve tildelt etter konkurranse verta knytt til lengda på kontraktsperioden, slik ordninga òg er etter gjeldande rett. Kollektivtransportforordninga fastset i artikkel 4 (3) at kontraktar om busstransport skal vera tidsavgrensa og høgst 10 år for busstransport, og paragrafen avgrensar løyveperioden til maksimal kontraktsperiode i samsvar med artikkel 4 (3).
10.2 Endring i jernbaneloven
Til § 7d
Føresegna gjev departementet heimel til å ta kollektivtransportforordninga inn i forskrift og gi utfyllande reglar til denne. Føresegna tek høgd for at framtidige endringar i forordninga som ikkje går ut over verkeområde til lova, kan gjennomførast gjennom forskrift gjeve av departementet. Andre endringar av materiell karakter som går ut over verkeområde til jernbaneloven vil krevja lovendring.
10.3 Iverksetjing
Ettersom endringane skal fastsetjast i forskrift, vil lovendringa først kunne setjast i verk når forskriftene er fastsette.