4 Tidlegare høyringar
Arbeidet med førebuing av forordning nr. 1370/2007 har teke lang tid innanfor EU-systemet. Fleire forslag i ulike former og detaljeringsgrad har vorte lagt fram til fråsegn. I Noreg har Samferdselsdepartementet gjennomført tre høyringar av tidlegare utkast til forordning, ved brev av høvesvis 12.10.2000, 08.08.2002 og 08.11.2005.
I høve til dei utkasta som tidlegare har vore til høyring, har den endelege forordninga fått ei form som ligg nærare norske interesser enn før.
Dei viktigaste endringane i forordninga i høve til høyringsutkastet frå 2005 er:
Det vert gjeve høve til å stilla krav om at regelverk om tilsette sine rettar ved overdraging av verksemd skal nyttast ved konkurranse om kollektivtransport.
Maksimal kontraktslengd for persontransport med buss vert høgst 10 år (mot høgst 8 år i tidlegare utkast).
Det vert utvida høve til direktetildeling av kontrakt for små og mellomstore bedrifter som driv med høgst 23 køyretøy, grenseverdiane vert i slike høve heva frå ein til to millionar euro, eller frå 300 000 til 600 000 km årleg
Overgangsordningane (artikkel 8) har vorte romslegare.
I den endelege forordninga vil ein for jernbane kunna nytta direktetildeling av kontrakt til lokaltransport – ikkje berre til fjern- og regionaltransport, slik det vart gjort framlegg om tidlegare.
Medlemsstatane vert gjeve høve til å la reglane i forordninga gjelda òg for offentleg persontransport i nasjonale farvatn, med atterhald for bruk av rådsforordning (EØF) nr. 3577/92 av 7. desember 1992 om anvendelse av prinsippet om adgangen til å yte tjenester innen sjøtransport i medlemsstatene (den maritime kabotasje forandringa).