5 Gjeldande rett
5.1 Veg- og sjøtransport
Yrkestransportlova § 6 stiller krav om behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute.
Yrkestransportlova § 7 stiller krav om behovsprøvd løyve for persontransport med fartøy (over 8 m lengde svarande til 4 bruttotonn) i rute. Det krevst likevel ikkje løyve for transport med fartøy mellom Noreg og andre land som tek med passasjerar mellom hamner i Noreg. Det trengs heller ikkje løyve for transport med fartøy av inntil 12 personar, dersom det ikkje krevst passasjersertifikat etter lov av 16. februar 2007 om skipssikkerhet.
Når det gjeld krav om tildeling av tilskot, må ein gjera eit skilje mellom kontraktar som fell inn under regelverket om offentlege innkjøp og dei som ikkje gjer det.
For inngåing av offentlege kontraktar gjeld lov om offentlige anskaffelser av 16. juli 1999 nr. 69, med tilhøyrande forskrift om offentlige anskaffelser av 7. april 2006 nr. 402 og forskrift om innkjøpsregler i forsyningssektoren av 7. april 2006 nr. 403. Det følgjer av begge desse forskriftene at tenestekonsesjonskontraktar ikkje er omfatta av regelverket. Tenestekonsesjonskontraktar vert definerte som kontraktar av same type som tenestekontraktar, med det unntak at godtgjersla for den tenesta som skal utførast, anten utelukkande gjeld retten til å utnytta tenesta eller gjeld ein slik rett saman med godtgjersle. Ein tenestekonsesjonskontrakt er såleis kjenneteikna ved at konsesjonsinnehavaren må ha ein risiko for å sikra inntening til å etablera og driva tenesta. Overtakinga av risikoen må vera reell. I alle tilfelle gjeld dei allmenne EØS-rettslege prinsippa om mellom anna ikkje-diskriminering, likehandsaming og transparens for tildeling av tenestekonsesjonskontraktar.
Tenestekonsesjonskontrakt samsvarar langt på veg med omgrepet nettokontrakt som er kjent frå kollektivtransportsektoren. Omgrepet tenestekontrakt samsvarar i hovudsak med omgrepet bruttokontrakt. Desse omgrepa er likevel berre hjelpeomgrep, og har inga direkte rettsleg meining.
Ved inngåing av tenestekontrakt gjeld lov om offentlige anskaffelser direkte.
Tenestekonsesjonskontraktar vert regulerte av reglane i yrkestransportlova. Yrkestransportlova har frå 1994 hatt heimel for løyvestyresmakta til å kunna nytta anbod som alternativ måte å tildela tilskot på ved tildeling av løyve for personrutetransport på veg og sjø, jf. yrkestransportlova § 8. Bruk av anbod etter yrkestransportlova var opphavleg eit frivillig alternativ. Rettsutviklinga i EØS har dei seinare åra modifisert dette utgangspunktet. Dette gjeld både i høve til sektorregelverket og i høve til regelverket om statsstøtte. Når det vert inngått kontrakt om utføring av transporttenester, medfører det ofte ei plikt for transportøren til å utføra tenesta mot å få einerett til å driva transporten, eventuelt kombinert med tilskot frå offentleg styresmakt. Dette kan utgjere restriksjonar på tilgangen til marknaden. Tilskot kan i tillegg vera i strid med statsstøttereglane i EØS-avtalen, jf. lov av 27. november 1992 nr. 109, del IV kapittel 2. Restriksjonar på den frie tilgangen til marknaden må ha særskilt heimel i EØS-retten.
Det er gjeve ei særskild forskrift om bruk av anbod for tenestekonsesjonskontraktar etter yrkestransportlova.
5.2 Særleg om sjøtransport
Yrkestransportlova skil i utgangspunktet ikkje mellom løyve for personruter på veg og til sjøs. Når det gjeld sjøtransport følgjer det likevel av lov om fri utveksling av tenesteytelser innen sjøtransport av 4. desember 1992 (lov om sjøtransporttjenester), som gjennomfører den maritime kabotasjeforordninga, at det skal være fri tilgang for EØS-reiarlag til å yta sjøtransporttenester innanfor EØS, jf. artikkel 1 (1).
Spørsmålet om ein kontrakt om plikt til offentleg teneste innan nasjonal rutetransport til sjøs er i samsvar med den maritime kabotasjeforordninga, må vurderast på bakgrunn av rettspraksis frå EU- og EFTA- domstolane og tolkingsfråsegner frå Kommisjonen.
Den maritime kabotasjeforordninga statuerer i artikkel 1 prinsippet om fri tilgang til å yta sjøtransporttenester innanfor EØS for reiarlag registrerte i EØS. Det må takast omsyn til dette ved tildeling av løyve for rutetransport til sjøs. Medan innskrenkingar i retten til fritt å kunna etablera seg har vore akseptert i lokal rutetransport med buss, er utgangspunktet etter den maritime kabotasjeforordninga motsett: Det krevst særskilt grunnlag for innskrenkingar i denne fridomen.
I artikkel 4 i kabotasjeforordninga er det opna opp for at styresmaktene kan fastsetja innskrenkingar i retten til fri tenesteyting når dette vert vurdert som naudsynt for å sikra tilstrekkelege transporttenester for alle. Styresmaktene kan gjera dette til dømes ved å inngå kontrakt med ein operatør om plikt til offentleg teneste. Denne moglegheita gjeld berre for øykabotasje (transport til, frå eller mellom øyar, jf. artikkel 2 (1). For å oppfylla kravet om like rettar for alle reiarlag innanfor EØS, er prosedyrane for tildeling av løyve til rutetransport i samband med kontrakt om offentleg teneste til sjøs i stor grad lik prosedyrane som går fram av kollektivtransportforordninga artikkel 5 (3). Kommisjonen har kome med tolking til den maritime kabotasjeforordninga i KOM(2003)595 endeleg og KOM(2006)196 endeleg. I tolkinga er det mellom anna presisert at øykabotasje òg omfattar overfart over fjordar og liknande der ei omkøyring på land vil medføra ein omveg på meir enn ca. 100 km.
Det følgjer vidare av artikkel 4 at tildeling av kontrakt skal gjerast på ein ikkje-diskriminerande måte. Kommisjonen har i tolkinga slått fast at bruk av anbod vil vera den beste måten å sikra ikkje-diskriminering ved inngåing av kontraktar om offentleg teneste. Det følgjer av tolkinga at det for øykabotasje på strekningar med mindre enn 300 000 passasjerar årleg òg vil vera mogeleg å oppfylla kravet om ikkje-diskriminering gjennom ei kunngjering av styresmaktene sin intensjon om å inngå kontrakt om utføring av tenester på ei strekning der interesserte reiarar vert oppmoda til å melda si interesse for å utføra transport, utan at det vert gjennomført ein fullstendig anbodsprosedyre.
Kommisjonen meiner at kontraktar om offentleg teneste innan sjøtransport normalt ikkje bør gjelda for periodar på meir enn 6 år. Dette følgjer òg av retningslinene frå EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) om statsstøtte innan maritim transport, jf. punkt 9 i retningslinene. For kontraktar som gjeld passasjertal under 300 000 passasjerar årleg, er opp til 12 år nemnt som ei akseptabel kontraktslengde.
5.3 Jernbanetransport
Jernbaneloven fastset vilkår for å driva jernbaneverksemd. Jernbaneloven kap. II A inneheld reglar om konkurranse om avtalar om persontransport med jernbane. Det er ikkje laga eigne prosessreglar for gjennomføring av ein eventuell konkurranse, men dei generelle prinsippa i EØS-retten om openheit, rettferd, transparens og ikkje-diskriminering er tekne inn i lova. Kapittelet inneheld berre reglar om situasjonen der departementet (staten) er kjøpar og skal slutta kontrakt om offentleg teneste. Det er i lova ikkje lagt føringar for om konkurranse skal nyttast ved tildeling. I jernbaneloven § 8g er det teke inn ein regel som vernar tilsette sine rettar ved bruk av konkurranse. Regelen gjeld både konkurranse på det nasjonale jernbanenettet og annan skinnegåande transport som sporveg, tunnelbane og forstadsbane.
Den nasjonale persontransportmarknaden med jernbane er ikkje liberalisert i Noreg. Jernbanepakke III vart vedteken i EU 23. oktober 2007 og rettsaktene vart publiserte i Official Journal 3. desember 2007. Direktiv 2007/58/EF som mellom anna endrar direktiv 91/440 om utviklinga av fellesskapet sine jernbaner, opnar jernbanesektoren ytterlegare ved å liberalisere den internasjonale persontransportmarknaden frå 1. januar 2010. Det vil vera høve til å ta opp passasjerar og setja dei av i same medlemsstat, men dersom dette kan vera øydeleggjande for det økonomiske grunnlaget for ein kontrakt om offentleg persontransport, kan det gjerast enkelte unntak. Direktivet er teke inn i norsk rett gjennom endringar i lisensforskriften og fordelingsforskriften.
Staten nyttar nettokontraktar ved kjøp av persontransport med jernbane på det nasjonale jernbanenettet. Det er operatøren som har risikoen for drifta og billettinntektene. Trafikkavtalen staten har med NSB AS, er tildelt direkte etter forhandlingar. Det er per i dag berre ei strekning som er konkurranseutsett, strekninga Oslo – Gjøvik (Gjøvikbana). Ved gjennomføringa av konkurransen vart prosedyrereglane i forsyningsforskrifta nytta.
Departementet er ikkje kjend med at det i Noreg har vore nytta konkurranse om kontrakt om offentleg teneste med annan skinnegåande transport, til dømes sporveg, tunnelbane og forstadsbane.
5.4 Overdraging av verksemd
I forordninga artikkel 4 (5) vert rett styresmakt gjeve høve til å krevja at reglane for overdraging av verksemd skal nyttast tilsvarande ved konkurranse etter forordninga. Det vert vist til nasjonal rett på området. Departementet viser i den samanheng til Ot.prp. nr. 60 (2008-2009), jf. Innst.O. nr. 74 (2008-2009) som slår fast at arbeidsmiljøloven §§ 16-2 til 16-7 skal gjelda ved all konkurranse om tildeling av løyve/kontrakt etter yrkestransportlova og jernbaneloven, ikkje berre ved konkurranse etter regelverket i kollektivtransportforordninga. Endringslova vart på dette punktet sett i verk 1. september 2009.