2 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 av 8. april 2014 om endring av vedlegg XX til EØS-avtala (Miljø)
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «EØS-avtala», særleg artikkel 98, og
på følgjande bakgrunn:
1) Kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 av 14. august 2013 om endring av vedlegg III til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket1 skal takast inn i EØS-avtala.
2) Kommisjonsavgjerd 2013/641/EU av 7. november 2013 om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU-miljømerket til vassklosett og urinal2 skal takast inn i EØS-avtala.
3) Vedlegg XX til EØS-avtala bør difor endrast –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I vedlegg XX til EØS-avtala vert det gjort følgjande endringar:
1. I nr. 2a (europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 66/2010) vert følgjande lagt til:
«, endret ved:
– 32013 R 0782: Kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 av 14. august 2013 (EUT L 219 av 15.8.2013, s. 26).»
2. Etter nr. 2zi (kommisjonsavgjerd 2013/250/EU) skal nytt nr. 2zj lyde:
«2zj. 32013 D 0641: Kommisjonsavgjerd 2013/641/EU 7. november 2013 om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU-miljømerket til vassklosett og urinal (EUT L 299 av 9.11.2013, s. 38).»
Artikkel 2
Teksta til forordning (EU) nr. 782/2013 og avgjerd 2013/641/EU på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 3
Denne avgjerda tek til å gjelde 9. april 2014, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala3.
Artikkel 4
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 8. april 2014.
For EØS-komiteen
Gianluca Grippa
Formann