3 Bakgrunn
Gjennom mange år er dei økonomiske ytingane til soldatane regulert med basis i løneoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn reguleringa i lågaste lønetrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.
Løneoppgjeret for statstilsette i løneramme 02, lønstrinn 18 gav eit kronetillegg på 8 800 på A-tabellen. Dette utgjer ei regulering på 3,6 %.