10 Økonomiske og administrative konsekvensar
Gjeldande reglar om møteoffentlegheit har visse økonomiske og administrative konsekvensar for så vel kommunal som statleg forvaltning. Forslaget som blir lagt fram i denne proposisjonen, er i all hovudsak av redaksjonell og presiserande karakter. Slik forslaget er utforma, vil regelverket bli enklare og meir oversiktleg for alle som skal bruke føresegnene. Forslaget medverkar på den måten til å oppfylle generelle mål om eit enklare regelverk. Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar, verken for kommunal eller statleg forvaltning.