11 Merknader til føresegnene i lovforslaget
Til forslag til endring i kommuneloven § 30 nr. 1
Det er presisert i føresegna at folkevalde organ, i tillegg til å gjere vedtak, skal handsame sakene sine i møte. Presiseringa inneber ikkje meir enn ei lovfesting av gjeldande rett. Også den gjeldande føresegna er blitt tolka slik at folkevalde organ har ei plikt til å handsame sakene sine i møte. Kva som utgjer eit «møte», må avgjerast ut frå kva som er formålet med møtet. I denne vurderinga vil formålet med føresegna vege tungt. Eit samkome i eit folkevalt organ vil vere eit møte slik det er definert i lova, når det er fastsett på førehand at medlemmene skal tre saman som folkevalt organ for å forhandle, drøfte, gjere vedtak eller på annan måte handsame saker og spørsmål som det etter lov, forskrift eller delegert avgjerdsmakt har som oppgåve å handsame. Det vil også vere eit «møte», sjølv om det ikkje ligg føre ei formell innkalling, saksliste eller at representantar for administrasjonen og politikarar som ikkje er medlemmer av organet, er til stades og deltek, dersom det som går føre seg, er eit ledd i ei sakshandsaming som organet etter lov, forskrift eller delegert avgjerdsmakt har som oppgåve å handsame. Endringa av uttrykket «møte» til «møter» er berre av språkleg karakter.
Til forslag til endring i kommuneloven § 31
I nr. 1 blir prinsippet om møteoffentlegheit slått fast. Føresegna inneber ingen endringar i gjeldande rett, men framhevar at prinsippet om møteoffentlegheit er ei rettsføresegn. Det inneber at alle som ønskjer det, har rett til å vere til stades på møta i folkevalde organ, så lenge ikkje noko anna følgjer av vedtak etter § 31 eller § 31 a nr. 3. At møte blir haldne for opne dører, inneber at alle som ønskjer det, kan vere til stades i møta, men utan tale-, forslags- og røysterett.
Nr. 2 er ei vidareføring av gjeldande rett. Det er likevel presisert i lovteksten at også når det ligg føre teieplikt fastsett ved lov, slik at det folkevalde organet pliktar å lukke møtet, skal lukkinga skje på grunnlag av eit vedtak.
Nr. 3 regulerer lukkingsgrunnlaget for handsaming av personalsaker. Det er teke inn ei presisering om at saka må gjelde «en arbeidstakers tjenstlige forhold». Presiseringa inneber ei lovfesting av gjeldande rett. Som i nr. 2 er det presisert at lukking av møtet skal skje på grunnlag av eit vedtak.
Uttrykket «tjenstlige forhold» omfattar saker om tilsetjing, oppseiing, lønnsvilkår, permisjonar osv. Om kritikk av tenestlege tilhøve for enkeltpersonar vil falle inn under føresegna, må vere avhengig av ei konkret vurdering. Saker av meir overordna, generell og arbeidsgivarpolitisk karakter vil derimot klart falle utanfor denne føresegna. Slike saker kan til dømes vere generelle saker om lønnspolitikken i kommunen, organisasjonsmessige tilhøve eller sakshandsamingsrutinar.
Nr. 4 slår fast at omsynet til personvern kan vere eit sjølvstendig lukkingsgrunnlag. Føresegna er i alt vesentleg ei vidareføring av gjeldande rett. Det er likevel føreslått ei innskjerping i ordlyden: For å vedta lukking etter føresegna er det teke inn eit vilkår om at omsynet til personvern krev det. Dette signaliserer at terskelen for å lukke møte av omsyn til personvern skal vere høg. Om det folkevalde organet kan lukke eit møte etter denne føresegna, må vere avhengig av ei konkret avveging av personvernomsynet på den eine sida mot omsynet til ålmenta si interesse av å vere til stades på møtet på den andre sida. Møtet kan berre lukkast dersom omsynet til personvern veg tyngst. Opplysningar som kan danne grunnlag for å lukke møtet etter denne føresegna, vil vere av personleg og sensitiv karakter, slik at personen som opplysningane gjeld, bør skjermast mot at dei blir offentleg kjende.
Nr. 5 regulerer høve til å lukke møte når omsynet til tungtvegande offentlege interesser tilseier det. Føresegna stiller vilkår både om at tungtvegande offentlege omsyn krev lukking og om at offentleglova inneheld ein heimel om unntak frå innsyn dersom opplysingane hadde stått i eit dokument. Det folkevalde organet må altså vurdere begge desse elementa, og kome til at vilkåra er oppfylte, før det kan vedta at møtet skal lukkast. Det må også identifisere kva for ein unntaksheimel i offentleglova som gjer at vilkåret er oppfylt. Det vil vere dei unntaksheimlane etter offentleglova som er gitt av omsyn til offentlege interesser, som kan være aktuelle. Vilkåret om at omsynet til tungtvegande offentlege interesser må kreve lukking av møtet, fører til at terskelen for lukking skal vere høg.
Fleire av unntaksheimlane etter offentleglova inneheld eit vilkår om at unntak frå innsyn må vere «påkravd» av omsyn til ulike offentlege interesser. Når ei slik føresegn er aktuell, vil vurderinga av om det ligg føre tungtvegande offentlege omsyn og om lukking er «påkravd» i praksis gjerne overlappe kvarandre. Likevel er det ikkje slik at alle dei aktuelle føresegna i offentleglova inneheld eit slikt vilkår, jamfør til dømes offentleglova § 18. I slike høve har vilkåret om tungtvegande interesser openbart ei sjølvstendig meining.
Dei mest praktiske unntaksgrunnlaga i offentleglova er truleg omsynet til dei økonomiske interessene det offentlege har i forhandlingar (§ 23), omsynet til partsinteressa det offentlege har i sivile søksmål (§ 18), og omsynet til gjennomføringa av lovpålagde kontroll- eller reguleringstiltak (§ 24). Denne oppramsinga er ikkje uttømmande.
Når det folkevalde organet skal vedta lukking etter ny § 31 nr. 5, må det ved protokolleringa av vedtaket både vise til § 31 nr. 5 og den aktuelle føresegna i offentleglova som vernar dei relevante offentlege interessene, til dømes skjerming av forhandlingsposisjonen til det offentlege etter offentleglova § 23.
Til forslag om ny § 31 a Prosedyreregler mv.
Nr. 1 oppgir nærmare kva prosedyrar som må følgjast ved lukking av møte. Debatten om lukking av eit møte skal haldast i eit lukka møte dersom møteleiaren eller organet det gjeld, krev det. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett. Det er også teke inn ei ny føresegn i andre punktum, der det blir slått fast at sjølve avrøystinga skal skje i ope møte. Eit organ som har debattert om eit møte skal lukkast, pliktar såleis å opne møtet før avrøystinga skjer.
Nr. 2 regulerer retten til å gjere opptak eller overføre lyd eller bilete frå opne møte. Nr. 2 er ei vidareføring av gjeldande rett, men med ein noko endra ordlyd. Føresegna er i realiteten ei forlenging av prinsippet om møteoffentlegheit, ettersom dei omsyna som taler for møteoffentlegheit, også taler for at det bør vere høve til å formidle det som skjer i desse møta. Møteleiaren kan berre nekte å tillate å gjere opptak mv. dersom dette verkar forstyrrande på gjennomføringa av møtet.
Nr. 3 regulerer møta i kommunerådet. Utgangspunktet er at møta i rådet skal vere lukka. Rådet har likevel høve til å vedta at eit møte skal vere ope. Til liks med andre folkevalde organ er rådet pålagt å lukke møtet når det ligg føre teieplikt fastsett ved lov, eller når det skal handsame ei sak som gjeld tenestlege tilhøve hos ein arbeidstakar.