Prop. 152 L (2009–2010)

Endringar i kommuneloven (møteoffentlegheit)

Til innhaldsliste

3 Høyringa

3.1 Forslag frå departementet i høyrings­notat 9. september 2005 – møte­offentlegheit

Departementet sende 9. september 2005 ut eit høyringsnotat med ei rekkje forslag til endringar i kommuneloven. Høyringsfristen blei sett til 15. desember 2005. Dei fleste av desse forslaga blei følgde opp av departementet i Ot.prp. nr. 96 (2005–2006) Om lov om endringer i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m. (komitémodell, avtalevalg m.m.).

I kapittel 5 i høyringsnotatet vurderte departementet føresegna om opne og lukka møte (møte­offentlegheit) i lys av den nye føresegna i Grunn­loven § 100 og forslag til ny offentleglov. Gjennomgangen departementet gjorde, hadde også som siktemål å gjere føresegna (kommuneloven § 31) enklare og meir forståeleg. Ei rekkje av endringsforslaga var derfor av teknisk og redaksjonell karakter. I tillegg føreslo departementet ei realitets­endring når det gjaldt retten til å lukke dørene ved førebels handsaming av saker i folkevalde organ (noverande nr. 5). Departementet føreslo at høvet til å lukke dørene når organet ikkje sjølv skal gjere endeleg vedtak, burde avgrensast til budsjetthandsaminga i formannskapet, men presiserte at det framleis er kommunestyret som må gjere eit slikt vedtak. I tilknyting til dette endringsforslaget føreslo departementet at representantar frå parti eller grupperingar i kommunestyret som ikkje er representerte i formannskapet, skal ha møterett når det blir vedteke at budsjettmøta skal vere lukka (tilsvarande i fylkesutvalet). Departementet føreslo også at vedtak om å lukke dørene i møte i folkevalde organ skal kunne lovlegkontrollerast, og at «enhver» (til dømes innbyggjarar og media) skal kunne fremme ein slik klage.

Da departementet seinare følgde opp forslaga i høyringsnotatet, i Ot.prp. nr. 96 (2005–2006), varsla departementet at det ville fremme eventuelle endringar i føresegna i kommuneloven om møteoffentlegheit på eit seinare tidspunkt, fordi departementet meinte det var nødvendig å sjå lovendringar i føresegnene i kommuneloven om møteoffentlegheit i samanheng med handsaminga i Stortinget av lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (den nye offentleglova).

3.2 Høyringsinstansar

Høyringsnotatet blei sendt til desse høyringsinstansane:

  • Sametinget

  • Departementa

  • Fylkesmennene

  • Fylkeskommunar

  • Kommunar

  • Registrerte politiske parti

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Longyearbyen lokalstyre

  • Noregs Bank

  • Statistisk sentralbyrå

  • Riksarkivet

  • Riksrevisjonen

  • Riksantikvaren

  • Rikstrygdeverket

  • Aetat Arbeidsdirektoratet

  • Direktoratet for arbeidstilsynet

  • Direktoratet for naturforvaltning

  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

  • Skattedirektoratet

  • Sosial- og helsedirektoratet

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • Utdanningsdirektoratet

  • Utlendingsdirektoratet

  • Vegdirektoratet

  • Barneombodet

  • Forbrukarombodet

  • Likestillingsombodet

  • Sivilombodsmannen

  • Konkurransetilsynet

  • Kredittilsynet

  • Mattilsynet

  • Statens forureiningstilsyn

  • Statens helsetilsyn

  • Forbrukarrådet

  • Kommunal landspensjonskasse

  • Kommunalbanken

  • Likestillingssenteret

  • Statens pensjonskasse

  • Statskonsult

  • Innovasjon Noreg

  • SIVA Selskapet for industrivekst

  • Noregs forskingsråd

  • Handelshøyskolen BI

  • Høgskolen i Bodø

  • Høgskolen i Oslo

  • Norges handelshøyskole NHH

  • NTNU

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Stavanger

  • Universitetet i Tromsø

  • KS

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Verdipapirfondenes forening

  • Sparebankforeningen

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Arbeidsgiverforeningen NAVO

  • Finansnæringens Arbeidsgiverforening

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Akademikerne

  • Unio

  • Fagforbundet

  • Fellesforbundet

  • Kommunalansattes Fellesorganisasjon

  • Norsk Sykepleierforbund

  • Utdanningsforbundet

  • Finansforbundet

  • Norsk Journalistlag

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Redaktørforening

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Den norske legeforening

  • Den norske Revisorforening

  • Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring

  • Den norske tannlegeforening

  • Norsk Psykologforening

  • Friluftsrådenes Landsforbund

  • Kulturminnevernets fellesorganisasjon

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

  • Norges idrettsforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kommunerevisorforbund

  • Norsk Kommunalteknisk Forening

  • Norsk Pensjonistforbund

  • Norsk Rådmannsforum

  • NORVAR

  • Private Barnehagers Landsforbund

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Norges Handikapforbund

  • Norsk Pasientforening

  • Samarbeidsorganet for funksjonshemmedes organisasjoner c/o Norges Handikapforbund

  • Statens råd for likestilling av funksjonshemmede

  • Elevorganisasjonen

  • Foreldreutvalet for grunnskulen

  • Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner

  • Norsk forening for bolig- og byplanlegging

  • Samarbeidsrådet for yrkesopplæring

Departementet tok i alt imot 121 fråsegner i tilknyting til forslaga om møteoffentlegheit. 49 høyringsinstansar slutta seg til forslaga. I mange av desse fråsegnene blei det streka under at det er positivt at kommuneloven § 31 blir klarare, og at departementet har trekt opp viktige grenser og kome med viktige presiseringar. 30 høyringsinstansar hadde ingen merknader til forslaga, medan 42 høyringsfråsegner inneheldt spesifikke merknader til forslaga. Mellom høyringsinstansane som hadde merknader, var det stor ueinigheit om forslaga. Somme syntest at endringsforslaga var for vidtrekkande, medan andre syntest at departementet ikkje gjekk langt nok i å endre kommuneloven § 31.

Departementet gir att nokre av høyringsfråsegnene i dei neste kapitla i denne proposisjonen, før kvart av dei konkrete lovforslaga blir endeleg vurdert.

Til forsida