5 Behov for endringar i møteprinsippet og prinsippet om møteoffentlegheit
5.1 Møteprinsippet
5.1.1 Forslaga frå departementet i høyringsnotatet
Møteprinsippet følgjer av kommuneloven § 30. Departementet viste i høyringsnotatet til at føresetnaden i lova er klar på at møteprinsippet ikkje er avgrensa til å gjelde sjølve vedtaket. Også sakshandsaminga på førehand skal skje i møte. Departementet meinte det ville vere formålstenleg å slå dette tydeleg fast. Ved å ta inn ei presisering i § 30 nr. 1 vil det framstå som utvilsamt at sakshandsaminga føreåt skal skje i møte.
5.1.2 Synet til høyringsinstansane
Svært få høyringsinstansar kommenterte forslaget særskilt. KS , interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen til kommunane, gjekk imot. KS uttalte:
KS meiner dette er unødvendig. Det vil kunne føre til vanskelege avgrensingsspørsmål og til at heilt vanlege og nødvendige politiske arbeidsformer blir ulovlege. Er alt arbeid med ei politisk sak saksbehandling? Blir det då ulovleg å snakke om saka utanom i møte? Om ikkje, kvar går grensa mellom det som er saksbehandling og det som ikkje er det? Uformell kontakt er ein viktig og nødvendig del av eit levande folkestyre.
Andre høyringsinstansar uttalte seg derimot positivt til forslaget. Fylkesmannen i Vest-Agder uttalte:
Det er et klart behov for å presisere dette i selve loven. Fylkesmannen er kjent med flere eksempler på at folkevalgte organer ikke synes å opptre i samsvar med møteprinsippet (...)
Departementet bør dessuten under det videre lovarbeidet vurdere å knytte noen merknader i forarbeidene til hva som nærmere ligger i begrepet «saksbehandling». Fylkesmannens erfaring er at folkevalgte representanter ikke alltid forstår dette riktig.
Også Norsk Presseforbund var positive til forslaget, men uttalte at forslaget ikkje i tilstrekkeleg grad vil fange opp dei praktiske problema som ofte dukkar opp. Norsk Presseforbund føreslo derfor at ordlyden i § 30 nr. 1 blir noko endra, slik at møteomgrepet kjem tydelegare fram. Forslaget lyder:
En sammenkomst av folkevalgte vil være et møte i lovens forstand når det på forhånd er fastsatt at medlemmene av organet skal tre sammen for å treffe vedtak eller behandle saker.
5.1.3 Vurderinga til departementet
Det alminnelege møteprinsippet er slått fast i § 30 nr. 1. I det ligg det at avgjerder blir tekne i eit formelt møte som er innkalla og gjennomført i samsvar med visse grunnleggjande reglar. Departementet strekar under at endringsforslaget ikkje inneber noko meir enn å lovfeste gjeldande rett. Også etter gjeldande rett gjeld møteprinsippet også for samkome der det ikkje blir gjort vedtak. Dette må sjåast i samanheng med at eit kollegialt organ ikkje fungerer på nokon annan måte enn gjennom møte.
Departementet er ikkje einig i synet til KS om at lovendringa vil medverke til å skape meir kompliserte tolkingstema i lova. Departementet er einig i fråsegna frå Fylkesmannen i Vest-Agder , og meiner at ei presisering av § 30 nr. 1 vil medverke til å klargjere rettstilstanden og leggje til rette for ei meir korrekt praktisering av lova.
Når det gjeld oppmodinga frå Fylkesmannen om å gjere nærmare greie for kva som ligg i omgrepet «sakshandsaming», finn departementet det formålstenleg å vise til at Sivilombodsmannen har uttalt seg tydeleg om innhaldet i møteomgrepet, og under dette kva som ligg i omgrepet sakshandsaming. I sak 2008/1667 uttalte Sivilombodsmannen:
Spørsmålet om hva som må karakteriseres som et møte i lovens forstand, må bestemmes ut fra hensikten med møtet og i lys av formålet med lovens bestemmelse om åpne dører. En sammenkomst i et folkevalgt organ vil være et møte i lovens forstand når det er fastsatt på forhånd at medlemmene av organet skal tre sammen som folkevalgt organ for å forhandle, drøfte, treffe vedtak eller på annen måte behandle saker og spørsmål som det etter lov eller forskrift har som oppgave å behandle. Tilsvarende vil det etter kommuneloven § 30 foreligge plikt til å behandle slike saker i møter. Rent sosiale samvær eller andre uformelle sammenkomster med andre formål enn å gjennomføre saksbehandling, f.eks. selskapelige eller opplæringsmessige formål, vil ikke kunne karakteriseres som møter i forhold til §§ 30 og 31.
Departementet sluttar seg til denne utsegna. Departementet står etter dette ved forslaget om å ta inn ei presisering i § 30 nr. 1 om at også sakshandsaming som skjer før vedtak blir gjorde i folkevalde organ, skal skje i møte.
5.2 Prinsippet om møteoffentlegheit
5.2.1 Forslaget frå departementet i høyringsnotatet
Prinsippet om møteoffentlegheit er i dag teke vare på i kommuneloven § 31 nr. 1 i form av ein sakshandsamingsregel for folkevalde organ. Retten publikum har til å vere til stades på møte i folkevalde organ, er formulert som ei plikt for organet til å halde møta sine for opne dører. Departementet gjekk i høyringsnotatet ut frå at føresegna vil bli meir i tråd med Grunnloven § 100 femte ledd, og at formålet vil kome tydelegare fram dersom ho i staden blir formulert som ein rett for publikum («enhver») til å vere til stades på møta i folkevalde organ. Departementet føreslo derfor å endre utforminga av § 31 nr. 1, slik at føresegna lyder:
Enhver har rett til å overvære møtene i folkevalgte organer så fremt dørene ikke er lukket for å ivareta lovbestemt taushetsplikt. Også ellers kan et organ vedta å stenge publikum ute fra forhandlingene når vedtaket har hjemmel i denne paragraf.
Etter gjeldande rett er retten til å vere til stades på møte avgrensa av teieplikt fastsett ved lov eller av at dørene er lukka med heimel i nokon av føresegnene i § 31
5.2.2 Synet til høyringsinstansane
Få høyringsinstansar kommenterte forslaget særskilt. Lier kommune uttrykte ein viss skepsis til utforminga av forslaget, og uttalte:
Kommunen forstår lovutkastet slik at det fortsatt skal være en plikt for kommunen til å lukke møte for å ivareta lovbestemt taushetsplikt. Dette må komme klart fram i regelen. I utkastet er dette perspektivet blitt borte ved at regelen er foreslått speilvendt: fra plikt for kommunen til rettighet for den enkelte borger. Dette grepet virker lite heldig og er heller ikke nødvendig for å følge opp Grunnlovens bestemmelse.
Norsk Presseforbund uttalte seg positivt:
Vi mener departementets forslag om å formulere kommuneloven § 31 første ledd som en rett for «enhver» til å være til stede i møtene i folkevalgte organer, er helt i tråd med det øvrige lovverket om alminnelig innsynsrett. Vi støtter derfor utkastets ordlyd.
5.2.3 Vurderinga til departementet
Departementet er einig med Lier kommune i at plikta til å lukke møte for å ta vare på teieplikt fastsett ved lov bør kome klart fram. Som det går fram av kapittel 6.2, legg departementet opp til at plikta til å lukke møte på grunn av teieplikt vil kome tydeleg fram ved at dette lukkingsgrunnlaget blir skilt ut i eit eige ledd i ei ny føresegn.
Departementet står elles ved forslaget om at prinsippet om møteoffentlegheit blir utforma som ein rett for alle («enhver») til å vere til stades på møta til folkevalde organ, i staden for slik formuleringa er i dag: ei plikt for organet til å halde møte for opne dører. Å utforme føresegna om møteoffentlegheit som ei rettsføresegn vil, slik departementet ser det, gjere føresegna meir i samsvar med Grunnloven § 100 femte ledd og anna regelverk om innsyn i det offentlege. Dessutan meiner departementet at når prinsippet om møteoffentlegheit no blir utforma som ei rettsføresegn, vil det kunne gjere føresegna enklare og publikum meir medvitne om høvet til å vere til stades på møte i folkevalde organ.