Prop. 152 L (2009–2010)

Endringar i kommuneloven (møteoffentlegheit)

Til innhaldsliste

8 Vedtak om lukking av dørene – kompetanse- og prosedyrereglar

8.1 Forslaga frå departementet i høyringsnotatet

Lukkingskompetanse

Departementet fremma i høyringsnotatet ingen særskilde forslag til endringar når det gjeld sjølve lukkingskompetansen. Det er i all hovudsak det folkevalde organet som har den aktuelle saka til handsaming, som har kompetanse til å gjere vedtak om å lukke møtet. Lukking av møte av omsyn til den interne sakshandsaminga, jamfør forslaget i § 31 nr. 6 i høyringsnotatet, må likevel kommunestyret sjølv vedta.

Vedtak om lukking av dørene

Departementet fremma forslag om at organa skal påleggjast å oppgi heimel for lukkingsvedtaket i møteboka. Forslaget er seinare vedteke og følgjer no av kommuneloven § 30 nr. 4. I kapittel 4.2 er det gjort nærmare greie for regelendringa.

Prosedyrereglar

Når det gjeld prosedyrereglane, føreslo departementet å føre vidare føresegna om at debatt om lukking av møtet skal haldast for stengde dører dersom møteleiaren krev det eller organet det gjeld, vedtek det. Departementet føreslo likevel eit unntak frå denne hovudregelen, nemleg at debatten om å lukke budsjettmøta i formannskapet skal gå for opne dører.

Opptak og overføring av møte

Gjeldande § 31 nr. 2 regulerer retten til å gjere opptak frå forhandlingane i opne møte eller kringkaste dei over radio eller fjernsyn. Departementet såg i høyringsnotatet ikkje behov for å gjere endringar i denne føresegna, utover ei oppdatering av ordlyden når det gjeld overføringsmedium som er tilpassa den teknologiske utviklinga.

8.2 Synet til høyringsinstansane

Ingen høyringsinstansar var ueinige i å føre vidare reglane om sjølve lukkingskompetansen.

Om prosedyrereglane uttalte Norsk Redaktørforening:

NR mener det bør presiseres at selv om debatten om hvorvidt dørene skal lukkes går for lukkede dører, så skal selve avstemningen foregå for åpne dører. Dette er i mange sammenhenger viktig for å kunne dokumentere hvem av medlemmene i det aktuelle organet som har gått inn for å lukke dørene og hvem som har gått inn for åpne dører. I en rekke tilfeller vil avgjørelsen om dette være preget av skjønnsmessige overveininger med til dels politisk preg. Dermed har det interesse å få slått fast hvem som har stemt for hva. Vi mener også det bør stilles som krav at vedtak om å lukke dørene skal fattes med 2/3 flertall. Dette fordi spørsmålet om å lukke dørene ikke er et spørsmål om å velge mellom to i utgangspunktet likestilte alternativer, men tvert imot et spørsmål om å fravike det som er den klare og prinsipielle hovedregel.

Også Norsk Presseforbund gav uttrykk for at avrøystinga om dørene skal lukkast eller ikkje, må gå for opne dører. Norsk Presseforbund meinte også:

Begrensninger i det grunnleggende møteoffentlighetsprinsippet kan etter vår mening videre ikke avgjøres enerådende av den enkelte møteleder. Skjønnsmessige vurderinger av åpenhet og innsyn må, av rettssikkerhetsmessige hensyn, bygge på et flertallsvedtak.

Det var elles få høyringsinstansar som hadde særskilde kommentarar til prosedyrereglane. Enkelte kommunar, mellom andre Sør-Fron, Nord-Fron, Vestre Toten og Ringebu uttalte:

I nr. 8 er det foreslått regler for om lukkings­debatten skal skje for «lukkede dører» eller ei. Vi er enige i høringsnotatets forslag. Imidlertid syntes vi at første setning i nr. 8 er «rotet», og foreslår derfor en redaksjonell endring.

Ingen høyringsinstansar hadde særskilde kommentarar til føresegna om opptak og overføring av møte.

8.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Lukkingskompetanse

I tråd med høyringsnotatet, fremmar departementet ingen særskilde endringsforslag i tilknyting til sjølve lukkingskompetansen.

Prosedyrereglar

Departementet har merka seg forslaga som enkelte høyringsinstansar har kome med. Norsk Redaktørforening føreslo at vedtak om å lukke møtet bør fastsetjast med 2/3 fleirtal. Departementet deler ikkje dette synet. Eit slikt kvalifisert fleirtalskrav vil bryte med det alminnelege fleirtalsprinsippet, som i alt vesentleg elles gjeld for avrøystingar i folkevalde organ, jamfør kommuneloven § 35 nr. 1. Slik departementet ser det, bør det vere tungtvegande grunnar for å gjere unntak frå det alminnelege fleirtalsprinsippet. At eit vedtak om å lukke møtet er å fråvike ein klar og prinsipiell hovudregel om offentlegheit, som Norsk Redaktørforening peiker på, meiner departementet ikkje er ein slik tungtvegande grunn. Det er innhaldet i dei enkelte lukkingsføresegnene som bør vere avgjerande for om eit møte skal lukkast, ikkje skjerpa fleirtalskrav.

Norsk Presseforbund føreslo at møteleiaren ikkje aleine skal kunne krevje at debatten om lukking av møte skal haldast i lukka møte. Norsk Presseforbund meiner at det bør liggje eit fleirtalsvedtak til grunn for ei slik avgjerd. Departementet meiner likevel framleis at det bør vere tilstrekkeleg at møteleiaren krev det. Departementet er ikkje kjent med at den gjeldande føresegna, som elles blir føreslått ført vidare, er opphav til problem. Det er grunn til å tru at møteleiaren har særlege føresetnader for å identifisere saker som det kan vere aktuelt å handsame i lukka møte. Det tilseier at møteleiaren bør ha rett til å krevje at debatten skal gå føre seg bak stengde dører. Departementet kan ikkje sjå at omsynet til rettstryggleik i avgjerande grad taler mot ein slik regel.

Departementet deler oppfatninga til Norsk Redaktørforening og Norsk Presseforbund om at sjølve avrøystinga om møtet skal lukkast eller ikkje, bør skje i ope møte. Departementet viser til at sjølve avrøystinga ikkje vil offentleggjere sensitive opplysningar. Departementet er einig med Norsk Redaktørforening i at det er ein demokratisk verdi at det er openheit om korleis dei enkelte representantane og partia har røysta. Departementet fremmar derfor eit forslag til ein ny regel i tråd med desse synspunkta.

Departementet har også merka seg at kommunane Sør-Fron, Nord-Fron, Vestre Toten og Ringebu bad om ei redaksjonell endring i forslaget i høyringsnotatet til § 31 nr. 8 første punktum. I forslaget som departementet fremmar no, er det gjort enkelte språklege justeringar for å gjere meiningsinnhaldet tydelegare.

Departementet fremmar såleis forslag til ny § 31 a nr. 1:

Hvis møteleder eller vedkommende organ krever det, skal debatten om lukking av et møte holdes i lukket møte. Avstemningen skal skje i åpent møte.

Opptak og overføring av møte

Ingen av høyringsinstansane kommenterte forslaget frå departementet om å føre vidare retten til å gjere opptak av opne møte eller overføre møtet direkte til nokon utanfor møtet. Departementet meiner framleis at det ikkje er behov for realitetsendringar i føresegna, men at ordlyden må justerast i takt med den teknologiske utviklinga. Departementet har gjort enkelte justeringar i ordlyden, samanlikna med forslaget i høyringsnotatet. Heller ikkje desse endringane tek sikte på å endre realitetsinnhaldet i føresegna. Departementet fremmar såleis forslag til ny § 31 a nr. 2:

Møteleder skal etter anmodning gi tillatelse til at det gjøres opptak av eller overføres lyd eller bilde fra åpne møter, såfremt dette ikke virker forstyrrende på gjennomføringen av møtet.

Til forsida