Prop. 18 L (2014–2015)

Lov om forsvunne personar og lov om endringar i arvelova (avvikling av arveretten for staten til fordel for frivillig verksemd)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Ny lov om forsvunne personar

2.1.1 NOU 2007: 16 Ny skiftelovgivning

Sidan vedtakinga av lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer mv. har det skjedd store endringar i samfunnet. Reiseaktiviteten er høgare. Samstundes gjer ny teknologi at ein kan kommunisere med kvarandre langt enklare enn tidlegare.

Flodbøljekatastrofen i Søraust-Asia 26. desember 2004 viste at den gjeldande lova om forsvunne personar var moden for revisjon. Lova var til dels uklar, og fristane for å seie dom om dødslysing var lange.

Skiftelovutvalet, som blei satt ned ved kongeleg resolusjon 9. september 2005 for å utarbeide ei ny skiftelov, fikk difor som ein del av sitt mandat også å foreta ein etterkontroll av lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer mv.

Skiftelovutvalet overleverte si utgreiing 23. november 2007. Utgreiinga er trykt som NOU 2007: 16 Ny skiftelovgivning. Utvalet gjorde framlegg om ei ny lov om forsvunne personar, sjå lovforslaget på side 24 flg. og vurderingane til utvalet på side 172 flg.

Departementet viser òg til at Europarådet i 2009 ga ei tilråding for reglane om forsvunne personar, jf. Recommendation CM/Rec (2009)12 on principles concerning missing persons and the presumption of death. Formålet med tilrådinga var å gi rettleiing til utforminga av den nasjonale lovgivinga på området. Tilrådinga er ikkje rettsleg bindande.

2.1.2 Høyringa

NOU 2007: 16 Ny skiftelovgivning blei sendt på høyring 25. november 2008 med høyringsfrist 1. mai 2009. Framlegget blei sendt til følgjande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Barne- og ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barneombodet

  • Brønnøysundregistra

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for naturforvaltning

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukerrådet

  • Fylkeskommunane

  • Fylkesmannen

  • Husleietvistutvalet

  • Justissekretariata

  • Kredittilsynet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Overformynderia i Bergen, Bærum, Oslo, Tromsø og Trondheim

  • Politidirektoratet

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Statens innkrevingssentral

  • Statens landbruksforvaltning

  • Statistisk sentralbyrå

  • Statsadvokatembeta

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • Tilsynsrådet for advokatvirksomhet

  • Trygderetten

  • Verdipapirsentralen

  • Høgsterett

  • Lagmannsrettane

  • Tingrettane

  • Domstoladministrasjonen

  • Akademikerne

  • Aksjonærforeningen i Norge

  • BI Handelshøyskolen, institutt for regnskap, revisjon og juss

  • Debitorforeningen

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforeningen

  • Den norske Revisorforening

  • Det Norske revisjonsselskap

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Fylkesnemndsledernes arbeidsutvalg

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Juridisk rådgivning for kvinner

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • Juss-Buss

  • Jussformidlinga i Bergen

  • Kirkens familievern landssekretariatet

  • Kommuneadvokaten i Oslo

  • Kreditorforeningen i Oslo

  • KS – kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Nasjonal Støttegruppe etter Flodbølgekatastrofen

  • Nordenfjeldske Creditreform

  • Noregs Bondelag

  • Norges Bygdekvinnelag

  • Norges Jordskiftekandidatforening

  • Norges Kvinne- og Familieforbund

  • Norges Politilederlag

  • Norges Røde Kors

  • Norges Skogeierforbund

  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag

  • Norsk Folkehjelp

  • Norske Inkassobyråers Forening

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Norskog

  • Politiembetsmennenes Landsforening

  • Politiets fellesforbund

  • Rettspolitisk forening

  • Skattebetalerforeningen

  • Skogeierforbundet

  • Sparebankforeningen i Norge

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund

  • Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

  • Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo

  • Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø

Det kom inn 67 høyringsfråsegner til høyringa om Skiftelovutvalet si utgreiing. Finansdepartementet, Borgarting lagmannsrett, Generaladvokaten, Den Norske Advokatforening, Finansnæringens Hovedorganisasjon (no Finans Norge), Nettverket for overformynderiene i Norge, Norges Kvinne- og familieforbund og Oslo byfogdembete hadde merknader til framlegget om nye reglar om forsvunne personar.

2.1.3 Talet på personar som er sakna eller forsvunne – statistikk

Kripos sitt saknaregister inneheld opplysingar om forsvunne personar. Når ein person er komen bort, blir han først meldt sakna der han har allment verneting. Om han ikkje kjem til rette att innan tre månader, blir forsvinninga registrert i det nasjonale saknaregisteret. Registeret blir oppdatert laupande, slik at saker som er oppklarte, blir tatt ut av statistikken. Talet på registrerte saker kan variere noko frå år til år. Dette kan ofte ha bakgrunn i ekstraordinære hendingar så som ulukker eller naturkatastrofar. Statistikken viser at når det ikkje har inntruffe større hendingar, er talet for det vesentlege nokså stabilt.

Saknaregisteret inneheldt per 28. februar 2014 1440 forsvinningssaker. Dette er forsvinningar som ikkje er oppklarte. Den første saka i registeret er frå 1938. Dei seinaste fire åra har det i snitt vore registrert 20 nye saker kvart år. I 2010 var det 15 nyregistrerte saker. I 2011 økte talet til 17 saker. Året etter økte talet igjen til 29 saker, mens det i 2013 sank til 19 saker.

Det at ein person rettsleg sett er rekna for å vere død, stengjer ikkje for vidare etterforsking med tanke på å finne personen att eller å finne ut av årsaka til forsvinninga. Dette inneber at ein person kan vere registrert i registeret jamvel om personen juridisk sett er vurdert som å vere død.

2.2 Avvikling av arveretten for staten

2.2.1 NOU 2014: 1 Ny arvelov

Arvelovutvalet blei oppnemnd ved kongeleg resolusjon 15. april 2011. Utvalet blei i mandatet punkt 3 bokstav g gitt i oppdrag å vurdere reglane om staten sin arverett. Utvalet blei mellom anna bede om å sjå på «spørsmålet om det bør innføres en ordning som sikrer at midler fra falt arv kommer frivillige organisasjoner til gode».

Arvelovutvalet konkluderte i NOU 2014: 1 Ny arvelov med at det ikkje ville foreslå endringar i dei gjeldande reglane om arveretten for staten. Utvalet uttalte på side 56:

«For det første er det forholdsvis få dødsbo hvert år hvor staten er arving. Det er også forholdsvis små beløp selv om det etter hva utvalget har fått opplyst, ofte vil være beløp på mellom 10 og 20 millioner hvert år. Hvis det skal opprettes et eget fond, vil dette kreve en del administrasjonskostnader. Dette vil spise av de allerede beskjedne arvebeløpene. Dagens ordning, hvor både administrasjon av arven og vurderingene av om avkall skal gis, tas av statsansatte som også har andre oppgaver, antas å være lagt mindre kostnadskrevende enn å opprette et nytt organ for dette formålet».

Utvalet peika også på utfordringar med å finne eit samlande formål som midla skulle gå til dersom staten ikkje lenger skulle arve:

«Tidligere forslag har knyttet fondet opp mot formål for barn og unge. Dette kunne kanskje være i tråd med ønskene til arvelatere flest tidligere, men i dag kan det like gjerne være en formodning for at midlene skulle gå til tiltak for eldre. Arvelaterne det er tale om, vil være i svært forskjellige livssituasjoner. Det er neppe mulig å finne frem til formål som alle ville være tilfreds med».

Utvalet peika også på at arveretten for slekta i norsk rett, der også søskenbarn er legalarvingar, medfører eit mindre behov for eit eige arvefond enn ved ein snevrare krets av arvingar, og at ordninga i dag stort sett fungerer tilfredsstillande og blir praktisert på ein smidig måte.

Utvalet foreslo nokre endringar i føresegnene om avkall på arv som staten arvar, mellom anna ei viss oppmyking i krava om tilknyting mellom avdøde og den eller dei som det skal gis avkall til føremon for.

Sjå elles utvalet si vurdering av spørsmålet om staten sin arverett i NOU 2014: 1 Ny arvelov side 55–56 og side 188.

2.2.2 Høyringsnotatet 31. mars 2014

Det følgjer av regjeringsplattforma (Sundvollen, 7. oktober 2013) punkt 11 at Regjeringa vil «[l]a «herreløs arv» tilfalle frivillige organisasjoner istedenfor staten».

På bakgrunn av dette utarbeidde Justis- og beredskapsdepartementet eit høyringsnotat med forslag om avvikling av arveretten for staten etter arvelova. Notatet blei utarbeidd med bidrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kulturdepartementet og i samarbeid med Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Hovudtrekka i høyringsnotatet var at arveretten for staten skulle bli avvikla og at fallen arv som ingen arvingar hadde krav på, i staden skulle kanaliserast til barne- og ungdomsorganisasjonane via Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar.

2.2.3 Høyringa

Høyringsnotatet blei sendt på høyring saman med NOU 2014: 1 Ny arvelov ved høyringsbrev 31. mars 2014.

Høyringsbrevet blei sendt til følgjande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barneombodet

  • Bispedømmerådene

  • Domstoladministrasjonen

  • Domstolane

  • Fylkesmannen

  • Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

  • Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Nasjonalt folkehelseinstitutt

  • Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA)

  • Norsk senter for barneforskning (NOSEB)

  • Norsk senter for menneskerettigheter

  • Riksrevisjonen

  • Sametinget

  • Sentralkontoret for folkeregistrering

  • Sivilombodsmannen

  • Statens råd for likestilling av funksjonshemmede

  • Statens sivilrettsforvaltning

  • Statistisk sentralbyrå

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Universitetet i Agder

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Nordland

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Stavanger

  • Universitetet i Tromsø

  • 4H Norge

  • ACTIS – Rusfeltets samarbeidsorgan

  • AFS Norge Internasjonal utveksling

  • Akademikerne

  • Aleneforeldreforeningen

  • Amnesty International Norge

  • Angstringen

  • Antirasistisk senter

  • Arbeidssøkerforbundet

  • Bellona

  • Blå Kors Norge

  • CARE Norge

  • Childwatch International – UiO

  • De Unges Orkesterforbund

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Dommerforening

  • Den Norske Misjonsallianse

  • Det Norske Bibelselskap

  • Det Norske Misjonsforbund

  • Det Norske Misjonsselskap

  • Eiendomsmeglerforetakenes forening

  • Fattighuset

  • Flyktninghjelpen

  • Folkeakademienes Landsforbund

  • Forandringsfabrikken

  • Forbundet Kysten

  • Forbundet mot rusgift

  • Foreningen for hjertesyke barn

  • Foreningen 2 Foreldre

  • Frelsesarmeen

  • Friluftslivets Fellesorganisasjon

  • Frivillighet Norge

  • Forum for Barnekonvensjonen

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • Gjeldsofferalliansen

  • Home Start Familiekontakten Norge

  • HRS – Human Rights Service

  • Huseiernes landsforbund

  • Indremisjonsforbundet

  • Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

  • Innsamlingskontrollen i Norge

  • IOGT i Norge

  • Islamsk Råd Norge

  • Juridisk Rådgivning for kvinner (JURK)

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Jushjelpa i Midt-Norge

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • KIA – Kristent Interkulturelt Arbeid

  • Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon

  • Kirkens Bymisjon

  • Kirkens Nødhjelp

  • Kirkerådet

  • KNIF – Kristen-Norges Innkjøpsfellesskap

  • Kontaktutvalget for innvandrere og norske myndigheter (KIM)

  • Kreftforeningen

  • KS

  • Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

  • Landslaget for offentlige pensjonister (LOP)

  • Landsorganisasjonen (LO)

  • Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)

  • Leger uten grenser

  • LIM (likestilling, integrering, mangfold)

  • Lions Club Norge

  • Mental Helse

  • Minotenk – Minoritetspolitisk tenketank

  • MIR – Multikulturelt initiativ og ressursnettverk

  • MIRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

  • Misjon Uten Grenser

  • Motorførernes Avholdsforbund

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Natur og Ungdom

  • Noregs Bygdeungdomslag

  • Noregs Ungdomslag

  • Norges Astma- og Allergiforbund

  • Norges Barne- og ungdomskorforbund

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Bygdekvinnelag

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité

  • Norges Juristforbund

  • Norges KFUK-KFUM

  • Norges Korforbund

  • Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag

  • Norges Kristne Råd

  • Norges Kulturvernforbund

  • Norges Kvinne- og Familieforbund

  • Norges Miljøvernforbund

  • Norges Naturvernforbund

  • Norges Røde Kors

  • Normisjon

  • Norsk Folkehjelp

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Fosterhjemsforening

  • Norsk Kulturarv

  • Norsk Kvinnesaksforening

  • Norsk Luthersk Misjonssamband

  • Norsk Musikkorpsforbund

  • Norsk Musikkråd

  • Norsk Organisasjon for Asylsøkere

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Norsk Skoleorkesterforbund

  • Norsk teaterråd

  • Norske kvinnelige juristers forening

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Organisasjon mot offentlig diskriminering (OMOD)

  • Organisasjonen Voksne for Barn

  • Pensjonistforbundet

  • PLAN International Norge

  • Redd Barna

  • Redningsselskapet

  • Regnskogfondet

  • Rettspolitisk forening

  • RUSFRI Kristenfolkets Edruskapsråd

  • Røykfritt miljø Norge

  • Rådet for psykisk helse

  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

  • Samisk juristforening/Sámi Juristtaid Searvi

  • SEIF – Selvhjelp for innvandrere og flyktninger

  • Seniorsaken

  • Sjømannskirken

  • SOS Barnebyer

  • Stiftelsen Kirkens Bymisjon

  • Stiftelsen Kirkens Familievern

  • Stiftelsen Rettferd for taperne

  • Straffedes organisasjon i Norge

  • Strømmestiftelsen

  • Telefonkontakt for eldre og uføre

  • UNICEF Norge

  • Utrop

  • Utviklingsfondet

  • Velferdsalliansen

  • Vellenes Fellesorganisasjon

  • Vi som har et barn for lite

  • VIRKE

  • Voksne for Barn

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Høyringsfristen for høyringsnotatet om avvikling av arveretten for staten var 1. juli 2014.

Følgjande instansar hadde realitetsmerknader til forslaget:

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Oslo byfogdembete

  • Universitetet i Bergen

  • 4H Norge

  • Acta – barn og unge i Normisjon

  • ANSA

  • BUR – De frie evangeliske forsamlingers barne- og ungdomsråd

  • Den Norske Advokatforening

  • Elevorganisasjonen

  • Europeisk Ungdom

  • Finans Norge

  • Foreningen for hjertesyke barn

  • Framfylkingen LOs barne- og familieorganisasjon

  • Frelsesarmeen

  • Fremskrittspartiets Ungdom

  • Frikirken Barn og Unge (FriBU)

  • Frilynt Norge

  • Frivillighet Norge

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser

  • Junior- og barneorganisasjonen Juba

  • Kirkens Bymisjon

  • Korpsnett Norge

  • Kreftforeningen

  • Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

  • LNU – Norges barne- og ungdomsorganisasjoner

  • Mental Helse

  • Misjonsforbundet UNG

  • Norges Bygdekvinnelag

  • Norges Bygdeungdomslag

  • Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag

  • Norges Røde Kors

  • Norges Speiderforbund

  • Norges Unge Katolikker

  • Norsk cøliakiforenings ungdom

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Fosterhjemsforening

  • Norsk medisinstudentforening

  • Ny Generasjon

  • Pensjonistforbundet

  • Psoriasis- og eksemforbundet ung

  • Redd Barna

  • Rød Ungdom

  • Senterungdommen

  • SOS barnebyer Norge

  • Sosialistisk Ungdom

  • Stine Sofies Stiftelse

  • Søndagsskolen Norge

  • Ung kirkesang

  • Unge funksjonshemmede

  • UNOF de unges orkesterforbund

  • VIRKE

Følgjande instansar har svart at dei ikkje hadde merknader til spørsmålet om avvikling av staten sin rett til arv eller at dei ikkje uttalar seg om saka:

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Nærings- og fiskeridepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Finnmark tingrett

  • Skattedirektoratet

  • Statistisk sentralbyrå

  • KS

Til forsida