Prop. 18 L (2014–2015)

Lov om forsvunne personar og lov om endringar i arvelova (avvikling av arveretten for staten til fordel for frivillig verksemd)

Til innhaldsliste

B Forslag
til lov om endringar i arvelova (avvikling av arveretten for staten til fordel for frivillig verksemd)

I

I lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv m.m. skal kapittel VII lyde:

Kapittel VII. Disponering av formuen når avdøde ikkje har arvingar.

§ 46 Har avdøde ikkje slektningar, ektemake eller sambuar som arvar han, og har han ikkje gjort testament om arven, skal nettoformuen fordelast til frivillig verksemd til fordel for barn og unge. Kongen kan i forskrift gi nærmare føresegner om ordninga for fordeling av formuen til slik verksemd.

I særlege høve kan departementet etter søknad avgjere at formuen heilt eller delvis skal fordelast til slektningar eller andre som har stått avdøde nær. Kongen kan i forskrift gi nærmare føresegner om slik fordeling av formuen.

§ 47 Når det er slått fast at avdøde ikkje har arvingar, jf. § 46, treff departementet dei avgjerdene under skiftet som elles høyrer under lotteigarane, så som avgjerder om sal av fast eigedom og lausøyre. Departementet skal sjå til at utgiftene til buhandsaming, gravferd og gravlegat o.a. er dekte. Kongen kan i forskrift gi nærare føresegner om oppgåvene etter første og andre punktum.

II

  1. Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

  2. Kongen kan fastsetje overgangsføresegner.

Til forsida