2 Forslag om endringar
Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i Justis- og beredskapsdepartementet.
Omdisponering – IKT Meirverdiprogrammet
I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2014 blei det omdisponert 2 mill. kroner frå kap. 440, post 01 til kap. 400, post 01 til dekning av utgifter til konsulentbistand til departementet i forbindelse med IKT-arbeidet i politi og lensmannsetaten. Dette arbeidet har hatt mindre omfang enn planlagt. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 400, post 01 med 2 mill. kroner mot å auke løyvinga tilsvarande under kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Omdisponering – Beredskapssentret
Departementet sitt behov for ekstern bistand i forbindelse med skisseprosjekteringsarbeidet av nytt beredskapssenter har vore mindre enn venta. Det vert på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga under kap. 400, post 01 med 150 000 kroner mot å auke løyvinga tilsvarande under kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Omdisponering – Utgreiingsarbeid innan IKT-sikkerheit
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 400, post 01 med 200 000 kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga under kap. 400, post 23, jf. omtale under post 23.
Rammeoverføring – utstyr til gradert videokonferanse
Statsministeren sitt kontor nyttar Forsvaret sitt system for gradert videokonferanse. I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2014 blei løyvinga under kap. 400, post 01 auka med 4 mill. kroner for at Justis- og beredskapsdepartementet skal kunne ta i bruk graderte videokonferansar i forbindelse med utøving av rolla som fast leiardepartement i sivile kriser. Justis- og beredskapsdepartementet har gjort dei nødvendige tekniske førebuingane og har bestilt dei aktuelle systema til Forsvarsdepartementet. Leveransane vil skje i regi av Forsvaret. Det vert på bakgrunn av dette foreslått å auke løyvinga under Forsvarsdepartementet, kap. 1740 Forsvaret sin logistikkorganisasjon, post 01 Driftsutgifter med 4 mill. kroner, mot å redusere løyvinga under kap. 400, post 01 tilsvarande.
Oppsummering
Samla vert det foreslått å redusera løyvinga under kap. 400, post 01 med 6,35 mill. kroner.
Post 23 Særskilde driftsutgifter, forskning og kunnskapsutvikling, kan overførast
Løyvinga dekker forskningsprogram relatert til justis- og beredskapsfeltet, utgreiingar, evalueringar m.m.
I forbindelse med utgreiingsarbeid innan IKT-sikkerheit vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 400, post 23 med 200 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 400, post 01, jf. omtale under kap. 400, post 01.
Kap. 61 Høgsterett
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i Høgsterett.
Lønnsjustering for høgsterettsdommarar blir fastsett av Stortinget. Med verknad frå 1. oktober 2013 blei lønna til Høgsteretts medlemmer regulert, jf. Innst. 117 S (2013–2014).
Ved ein feil blei det i forbindelse med Prop. 93 S (2013–2014), jf. Innst. 260 S (2013–2014), løyvt for lite midler i forbindelse med auka dommarlønn frå 1. oktober 2013.
På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 61, post 01 med 140 000 kroner.
Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrattene
Post 01 Driftsutgifter
I forbindelse med lågare bruk av notarialforretningar enn lagt til grunn i budsjettet for 2014, er utgiftene til utføring av tenesten redusert. På bakgrunn av dette vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410, post 01 med 400 000 kroner, jf. omtale under kap. 3410, post 01.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret, jf. kap. 3410. Dette er m.a. kunngjeringsutgifter, nødvendige utgifter ved tvangsforretningar, registrering m.m. under offentleg bubehandling og forkynning som er nødvendig etter lova. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar og rettsvitne dekte. Løyvinga dekker også arbeidsgjevaravgift av godtgjering til meddommarar og tolkar i sivile saker kor partane sjølv dekker godtgjeringa.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 410, post 21 med 3 mill. kroner.
Kap. 3410 Rettsgebyr
Post 01 Rettsgebyr
På posten vert det ført inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i forbindelse med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretning, skifte, konkurs m.m.
Frå 1. juli 2013 vart det innført gebyr for notarialforretningar og oppbevaring av testament. Bruken av notarialforretningar har gått ned etter at det blei innført gebyr. Venta gebyrinntekter knytt til desse tenestene er derfor lågare enn lagt til grunn i budsjettet for 2014. På bakgrunn av dette vert løyvinga under kap. 3410, post 01 foreslått redusert med 18 mill. kroner, jf. omtale under kap. 410, post 01.
Kap. 413 Jordskiftedomstolane
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Jordskifteretten har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert ført i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal vere i balanse når saka er fullstendig. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 413, post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3413, post 02.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 413, post 21 foreslått redusert med 5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3413, post 02.
Kap. 3413 Jordskiftedomstolane
Post 02 Sideutgifter
Løyvinga er knytt til tilsvarande utgifter under kap. 413, post 21.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413, post 02 foreslått redusert med 5 mill. kroner.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemmer, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne og reiseutgifter til desse. Løyvinga på posten dekker også utgifter til vitne som møter eller på anna måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 414, post 01 foreslått redusert med 25 mill. kroner.
Kap. 430 Kriminalomsorgsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03.
Inntektene under kap. 3430, post 03 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2014. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 03.
Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv., kan overførast
Løyvinga dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslatne frå forvaring og varetektssurrogat.
I 2014 er det venta ein reduksjon i utgiftene under kap. 430, post 60. Årsaka er i hovudsak at kriminalomsorga rekna med at forvaring vart forlenga for nokre personar slik at dei framleis vil kome inn under refusjonsordninga, mens retten valde å ikkje forlenge forvaringa. I tillegg fant ikkje retten å ville lauslate frå fengsel der kriminalomsorga hadde rekna med dette. Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 60 med 22 mill. kroner.
Kap. 3430 Kriminalomsorgsdirektoratet
Post 03 Andre inntekter
Løyvinga dekker mellom anna leigeinntekter for teneste- og leigebustadar, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.
Inntektene på posten er venta å verte høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2014. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430, post 03 med 4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 01.
Kap. 440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta, politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen).
Omdisponering – Uttransportering
Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 5,0 mill. kroner mot å redusere løyvinga tilsvarande under kap. 440, post 21, jf. omtale under kap. 440, post 21.
Omdisponering – IKT Meirverdiprogrammet
Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 2 mill. kroner mot å redusere løyvinga tilsvarande under kap. 400, post 01, jf. omtale under kap. 400, post 01.
Omdisponering – Beredskapssentret
Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 150 000 kroner mot å redusere løyvinga tilsvarande under kap. 400, post 01, jf. omtale under kap. 400, post 01.
Parallelljustering – Refusjonar
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3440, post 02. På bakgrunn av venta auke i refusjonar under kap. 3440, post 02, knytt til politioppdrag, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 37,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 02.
Parallelljustering – Salsinntekter
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3440, post 03. På bakgrunn av venta auke i salsinntekter under kap. 3440, post 03, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 50,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 03.
Eingongsutgifter – Førdebrygga
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å dekke utgifter i forbindelse med ei særskild erstatningssak med gjeldande løyving under kap. 440, post 01. Politiet gav pålegg om riving i 2009 av den såkalla Førdebrygga i Tromsø i forbindelse med fjerning av eit granatdeponi frå andre verdskrig. Utbetalinga skjer etter ei rimelighetsvurdering, og ikkje ved at staten erkjenner erstatningsansvar.
Oppsummering
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 95,25 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga dekker sideutgifter som politi og lensmannsetaten har i forbindelse med asylsaker, under dette utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.
I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2014 blei løyvinga til politiet auka med 17,5 mill. kroner til uttransportering av 400 fleire personar utan lovleg opphald. Auka i løyvinga blei fordelt med 5 mill. kroner under kap. 440, post 01 og 12,5 mill. kroner under kap. 440, post 21. Den riktige fordelinga skal vere 10 mill. kroner under kap. 440, post 01 og 7,5 mill. kroner under kap. 440, post 21.
Det vert på denne bakgrunn foreslått å redusera løyvinga under kap. 440, post 21 med 5,0 mill. kroner, mot å auke løyvinga tilsvarande under kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjeremål
Løyvinga dekker sideutgifter i forbindelse med sivile gjeremål.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2014, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 23 med 5 mill. kroner.
Post 73 Tilskot til EU sitt grense- og visumfond
Noregs tilskot til EU sitt yttergrensefond utløp i 2013. Løyvinga til EU sitt grense- og visumfond erstattar løyvinga til yttergrensefondet. EU vedtok 16. april 2014 forordninga om oppretting av grense- og visuminstrumentet som erstattar Yttergrensefondet, jf. omtale i Prop. 1 S (2014–2015). Rådlegginga om Noreg si deltaking pågår framleis, og vil ikkje vere avklart tidleg nok til at Noreg vil få krav om utbetaling i 2014.
Det vert på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 73 med 116,644 mill. kroner, til 0 kroner.
Kap. 3440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten
Post 02 Refusjonar mv.
Løyvinga dekker refusjonar for politioppdrag utført for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med heimel. Frå og med 2014 blei løyvinga under kap. 3440, post 02 og kap. 3441, post 02 slått saman til ei løyving.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2014, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 02 med 37,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Post 03 Salsinntekter
Løyvinga gjeld inntekter frå sal av utrangerte transportmiddel og utstyr samt inntekter frå Politiets fellestenester sin nettbutikk.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2014, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 03 med 50,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Post 06 Gebyr – utlendingssaker
Løyvinga dekker gebyr i forbindelse med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2014, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 06 med 7,9 mill. kroner.
Kap. 442 Politihøgskulen
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker driftsutgifter ved Politihøgskulen. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 442, post 01 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3442, post 03.
På bakgrunn av endra inntektsanslag under kap. 3442, post 03, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 442, post 01 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3442, post 03.
Kap. 3442 Politihøgskulen
Post 03 Inntekter frå Justissektoren sitt kurs- og øvingssenter
Inntekter frå drift av Justissektoren sitt kurs- og øvingssenter i Stavern føres på posten. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2014, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442, post 03 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 442, post 01.
Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter og investeringar for Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) med underliggjande driftseiningar, medrekna Sivilforsvaret, skular og regionkontor.
Sivilforsvaret har hatt ekstraordinære utgifter i forbindelse med innsats vinteren 2014, mellom anna i brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya, samt mange skogbrannar over heile landet i sommarmånadane. Sivilforsvaret har også hatt utgifter i forbindelse med handtering av flomsituasjonen på Vestlandet i oktober 2014.
DSB har hatt ekstraordinære utgifter knytt til øvinga Barents Rescue 2013 grunna ein skade på Pollfjelltunnelen i Nord-Troms.
Det vert på bakgrunn av dette foreslått å auke løyvinga under kap. 451, post 01 med 1,1 mill. kroner mot å redusere løyvinga under kap. 455, post 72 tilsvarande, og å auke løyvinga under kap. 451, post 01 med 1,75 mill. kroner mot å redusere løyvinga under kap. 468, post 01 tilsvarande, jf. omtale under kap. 455, post 72 og kap. 468, post 01. Det vert også foreslått å auke løyvinga under kap. 451, post 01 med ytterlegare 3,1 mill. kroner. Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 451, post 01 med 5,95 mill. kroner på bakgrunn av ekstraordinære utgifter i 2014.
Regjeringa vil vurdere løyvingane knytt til flom når ein har fått betre oversikt over konsekvensane. Regjeringa vil ev. komme tilbake til Stortinget med ein proposisjon med forslag om tillegsløyving.
Kap. 454 Redningshelikoptertenesta
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker investeringar til den offentlege redningshelikoptertenesta og investeringar knytt til anskaffinga av nye redningshelikopter. Løyvinga under posten skal vidare dekke investeringane ved vedlikehalds-, oppgraderings- og modifiseringsprogrammet for Sea King-redningshelikoptra vi har i dag.
Utgiftene til vedlikehaldsprogrammet for Sea King er venta å verte 125 mill. kroner lågare enn det som er løyvinga i 2014, grunna utsatt aktivitet og endring i periodisering. Løyvinga under kap. 454, post 45 vert derfor foreslått redusert med 125 mill. kroner.
Kap. 455 Redningstenesta
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfellet, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell mv. Utgiftene varierer med mengde og omfang av redningsaksjonar.
Det har m.a. vore ei generell auke i talet på hendingar i 2014. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 455, post 21 med 2 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til frivillige organisasjonar i redningstenesta
Løyvinga dekker tilskot til FORF (Frivillige organisasjonars redningsfaglige forum) og frivillige organisasjonar i redningstenesta som vert representert av paraplyorganisasjonen FORF. Løyvinga kan også dekke tilskot til andre særs relevante frivillige organisasjonar innan redningstenesta.
Stortinget vedtok i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2014 å auke løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner til dykkaropplæring til frivillige som deltar i redningsdykkarberedskap, og som må ha redningsdykkarsertifisering. Det vart knytt usikkerheit til når tilskota kunne bli gitt. Det vil ikkje verte utbetalt noko til dette i 2014. På dette grunnlag vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 455, post 71 med 2,5 mill. kroner.
Post 72 Tilskot til nød- og sikkerheitstenester
Løyvinga dekker mellom anna tilskot til Telenor for den samfunnspålagde tenesta som Telenor utfører i samanheng med Kystradioen si nød- og sikkerheitsteneste, samt bidrag til å oppretthalde 24-timars tårnteneste på Svalbard Lufthamn.
Det er venta eit mindreforbruk på posten på 1,1 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 455, post 72 med 1,1 mill. kroner, mot å auke løyvinga under kap. 451, post 01 tilsvarande, jf. omtale under kap. 451, post 01.
Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon
I forbindelse med avslutning av landsdekkande utbygging av nytt digitalt radiosamband, Nødnett, er det gjort justeringar i utrullingsplanen som fører til flytting av betalingstidspunkt frå 2014 til 2015 og 2016. Målsettinga om å bygge ut Nødnett i heile landet og gje nødetatane moglegheit til å ta nettet i bruk innan utgangen av 2015 vert ikkje påverka av forslaget om endra periodisering av betalingstidspunkt. Endringane som vert foreslått skal understøtte målsettinga og ta vare på staten sine samla interesser i saka.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker staten sine kostnader knytt til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og staten sine plikter som følge av utbygging og drift av Nødnett. Som følge av Stortinget sitt vedtak om landsdekkande Nødnett omfattar løyvinga m.a. kostnader til prosjektering i direktoratet knytt til trinn 2, driftskostnader for innføringsprosjekt brann, tilleggselement innan brann og helse og drift av nettet i trinn 2 i utbyggingsperioden. Kostnader til drift av Nødnett inkluderer kostnader til leige av datalinjer og plassering av nytt utstyr i eksisterande basestasjonar.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 456, post 01 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3456, post 02.
Når det gjeld drift av Nødnett trinn 2 er det venta auka kostnader som følge av endringar i behov for betaling av anleggsbidrag når ein inngår leigeavtalar for basestasjonar. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår i den forbindelse å auke løyvinga under kap. 456, post 01 med 27 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3456, post 02.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker staten sine utgifter knytt til investering i radionett og utstyr til nødetatane sine kommunikasjonssentralar- og terminalar i 2014. Det er vidare sett av midlar for å støtte nødetatane sine innføringsprosjekt.
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 456, post 45 med 247 mill. kroner. Forslaget er knytt til flytting av betalingstidspunkt frå 2014 til 2015 og 2016, men påverkar ikkje målsettinga om landsdekkande utbygd Nødnett innan utgangen av 2015. Vidare er det innanfor løyvinga satt av 100 mill. kroner til venta tillegg, men det er usikkerheit knytt til om leverandøren vil oppnå enkelte betalingstidspunkt mot slutten av året og om desse midlane vil bli nytta.
Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon
Post 01 Brukarbetaling
Løyvinga dekker brukarbetaling knytt til utgifter til drift av Nødnett.
Som følge av at enkelte brukarar i trinn 2-området har teke Nødnett i bruk noko seinare enn planlagt, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3456, post 01 med 20 mill. kroner.
Post 02 Variable refusjonar
Løyvinga dekker refusjonar frå brukarane av Nødnett i forbindelse med at DNK har variable drifts- og utbyggingsutgifter som vert initiert av brukarane.
Justis- og beredskapsdepartementet viser til forslaget om å auke løyvinga under kap. 456, post 01. Som følge av auke av refusjonar frå leverandøren vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3456, post 02 med 27 mill. kroner.
Kap. 460 Spesialeininga for politisaker
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker driftsutgifter til Spesialeininga for politisaker.
I samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2014, jf. Innst. 260 S (2013–2014), vart løyvinga på posten auka med 17,8 mill. kroner til arbeidet med pågåande etterforsking av ei sak med mistanke om grov korrupsjon. Prognoser frå Spesialeininga for politisaker viser at kostnadane knytt til etterforskinga av saka er lågare enn venta.
På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 460, post 01 med 4,9 mill. kroner.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde sak eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekker òg tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekker vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekker dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justis- og beredskapsdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 40 mill. kroner.
Kap. 467 Norsk lovtidend
Post 01 Driftsutgifter
Norsk Lovtidend inneheld kunngjeringar av lover, forskrifter og ein del andre vedtak. Løyvinga på posten dekker utgifter til tilverking av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 467, post 01 med 1 mill. kroner.
Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker godtgjersle til kommisjonens medlemmer og anna godtgjersle, lønn til medarbeidarane i sekretariatet samt andre driftsutgifter knytt til sekretariatet til kommisjonen.
Prognosane for driftsutgiftene i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er redusert. Dette har m.a. samanheng med at kommisjonen ikkje har vore fullt bemanna i 2014.
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 468, post 01 med 1,75 mill. kroner, mot å auke løyvinga under kap. 451, post 01 tilsvarande, jf. omtale under kap. 451, post 01.
Kap. 469 Verjemålsordninga
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker driftsutgifter til fylkesmannsembeta og sentral verjemålsmyndighet.
I forbindelse med bruk av eID og digital post vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 469, post 01 med 32 000 kroner, mot ein tilsvarande reduksjon under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 540 Direktoratet for forvaltning og IKT, post 22 Betaling for bruk av elektronisk ID og sikker digital postteneste.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til vederlag og utgiftsrefusjon for verjer, jf. den nye verjemålslova § 30, og godtgjering og utgiftsrefusjon for representantar til einslege mindreårige asylsøkjarar og utgifter til tolkar, jf. utlendingslova § 98 f.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 469, post 21 med 20 mill. kroner.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsle.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 01 med 5 mill. kroner.
Post 70 Fri sakførsle
Løyvinga dekker utgifter til advokatar m.m. i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsle.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 70 med 15 mill. kroner.
Post 71 Fritt rettsråd
Løyvinga dekker utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 8 mill. kroner.
Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar og Stortinget si rettferdsvederlagsordning
Post 71 Erstatningsansvar m.m, overslagsløyving
Utbetalingar som følge av at staten er erstatningsansvarleg etter dei alminnelege erstatningsreglane eller har inngått forlik utan å vedgå ansvar, vert belasta denne posten. Løyvinga dekker ikkje utbetalingar som følger av staten sitt ansvar i kontrakttilhøve og ansvar i forbindelse med staten si forretningsdrift.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 21 mill. kroner.
Post 72 Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving
Etter straffeprosesslova kapitla 30 og 31, jf. forskrift om standardsatsar for erstatning etter strafforfølging, har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreising etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art dersom vedkommande vert frifunnen, forfølginga vert innstilt eller vedkommande har vore arrestert eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 72 med 5 mill. kroner.
Post 73 Stortinget si rettsferdvederlagsordning
Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning der enkeltpersonar som har kome særleg uheldig ut i møte med det offentlege i forhold til andre på same tid, kan søke om ein skjønnsmessig kompensasjon. Søknadene vert avgjorde av utvalet til Stortinget for rettferdsvederlag. Ordninga er basert på sedvane og er ikkje nærmare regulert i formelle reglar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 73 med 19 mill. kroner.
Kap. 474 Konfliktråd
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker drifta av 22 konfliktråd og Sekretariatet for konfliktråda.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 474, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3474, post 02. Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 474, post 01 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 3474, post 02, jf. omtale under kap. 3474, post 02.
Kap. 3474 Konfliktråd
Post 02 Refusjonar
Inntekter på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene til konfliktråda i forbindelse med kurs og konferansar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3474, post 02 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 474, post 01, jf. omtale under kap. 474, post 01.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til drift av Utlendingsdirektoratet (UDI).
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 490, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3490, post 05.
På bakgrunn av auka refusjonar frå politiet, Utlendingsnemnda og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) for bruk av IKT-systemet DUF, lønnsrefusjonar for utlån av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter som følger av formannskap i General Directors' Immigration Services Conference (GDISC) i år, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 01 med 5,1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3490, post 05.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak
Løyvinga dekker staten sine utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar.
Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 15 560, blant desse 330 einslege mindreårige, jf. Prop. 93 S (2013–2014). Nyare prognosar viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å vere 15 110, blant desse 400 i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Mindreutgiftene som følger av dette vert anslått til 18,5 mill. kroner.
Som følge av lågare utnytting av kapasiteten enn det som er lagt til grunn for budsjettet, er det venta eit meirforbruk. Dette heng saman med at UDI har planlagt for fleire nye asylsøkjarar enn det som har vore tilfellet, og oppseiingstid på kontraktar for drift av mottak. Meirutgiftene som følger av dette vert anslått til 72,4 mill. kroner.
Samla vert det på bakgrunn av dette foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 21 med 53,9 mill. kroner.
Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting
Løyvinga dekker utgiftene UDI har til tolking og omsetting i forbindelse med behandlinga av asylsaker.
UDI har gjennomført færre intervju til ein lågare gjennomsnittleg kostnad enn lagt til grunn i budsjettet. Som følge av dette vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 22 med 15 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar
Løyvinga dekker kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i forbindelse med drift av mottak.
Færre bebuarar i mottak tilseier isolert sett ei mindreutgift på posten. På grunn av ein høgare del bebuarar i mottak for einslege mindreårige og lågare utnytting av kapasiteten i mottak enn det som er lagt til grunn for budsjettet, jf. omtale under post 21, er det venta eit meirforbruk på posten.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 60 med 6,3 mill. kroner.
Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak
Løyvinga dekker utgifter til økonomiske ytingar til asylsøkjarar og flyktningar i tida dei oppheld seg i mottak. Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.
Som omtalt under kap. 490, post 21 vert det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2014 lågare enn det som tidligare har vore lagt til grunn. Det gir eit venta mindreforbruk på om lag 14,6 mill. kroner. Vidare er det lågare gjennomsnittlege kostnader per bebuar enn tidlegare lagt til grunn, hovudsakleg som følgje av endra samansetning av bebuarar i mottak. Dette gir eit venta mindreforbruk på 15 mill. kroner.
Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 70 med 29,6 mill. kroner.
Post 72 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast
Løyvinga dekker både individuell økonomisk støtte ved tilbakevending, og tilskot til prosjekt som støttar opp under retur og tilbakevending. Det har så langt i 2014 vorte brukt mindre av løyvinga under post 72 enn venta. Hovudsakleg kjem dette av at færre har nytta seg av tilbodet om assistert retur og at utgiftene per retur har vore lågare enn tidlegare lagt til grunn.
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 72 med 15 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast
Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar, familiemedlemmer til personar med vern og flyktningar som drar tilbake til heimlandet.
På bakgrunn av færre overføringsflyktningar og familieinnvandrarar enn tidlegare lagt til grunn, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 75 med 400 000 kroner.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga dekker inntekter i forbindelse med at nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490, post 72, samt lågare del returar til ODA-land, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 01 med 25,4 mill. kroner.
Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga dekker inntekter i forbindelse med at nokre av utgiftene som er knytt til reiseutgifter for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490, post 75 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 03 med 400 000 kroner.
Post 04 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga dekker inntekter i forbindelse med at nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av forslag om endring i løyvingar under kap. 490, post 21, post 60 og post 70, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3490, post 04 med til saman 81,1 mill. kroner.
Post 05 Refusjonsinntekter
Løyvinga dekker refusjonar for fellestenester frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)og refusjonar for andre verksemder si bruk av IKT-systemet DUF, samt andre mindre refusjonar.
På bakgrunn av auka refusjonar frå politiet, UNE og IMDi for bruk av IKT-systemet DUF, lønnsrefusjonar for utlån av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter som følgjer av formannskap i GDISC i år, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3490, post 05 med 5,1 mill. kroner mot tilsvarande auke av løyvinga under kap. 490, post 01, jf. omtale under kap. 490, post 01.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 491, post 21
Løyvinga dekker utgifter knytt til drift av UNE, under dette utgifter knytt til behandling av saker, eksklusive utgifter til nemndmøter.
På grunn av redusert behov for behandlingskapasitet i UNE er det venta eit mindreforbruk på 3 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 491, post 01 med 3 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttast under kap. 491, post 01
Løyvinga dekker utgifter knytt til behandling av saker i nemndmøte.
På grunn av lågare utgifter til nemndbehandling enn tidlegare lagt til grunn, er det venta eit mindreforbruk på 3 mill. kroner under kap. 491, post 21. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 491, post 21 med 3 mill. kroner.