2 Omtale av den samla utbygginga og første utbyggingsetappe
2.1 E6 Helgeland – samla utbygging
E6 Helgeland er ei utbyggingspakke som er utvikla i samarbeid med Grane, Vefsn, Hemnes og Rana kommunar. Det er lagt opp til ei trinnvis utbygging av dei tre delstrekningane E6 Korgen – Bolna (Helgeland nord), E6 Nord-Trøndelag grense – Korgen (Helgeland sør) og E6 Brattås – Lien, jf. figur 2.1. Heile strekninga er om lag 260 km lang.
E6 på Helgeland har gjennomgåande låg standard og er prega av forfall, noko som gir dårleg framkomst og trafikktryggleik. Om lag 140 km av strekninga er smalare enn 7,5 m. Lange strekningar er for smale til å ha gul midtstripe, og 7 bruer har breidde under 7 m. Dette skaper flaskehalsar og farlege situasjonar. I tillegg er det fleire parti med krappe svingar og problematiske stigningsforhold. På fleire stader har vegen dårleg bereevne, ujamt dekke, spor og telehiv. Manglande gang- og sykkelvegar og mange avkøyrsler reduserer også trafikktryggleiken.
Årsdøgntrafikken (ÅDT) utanom byane varierer mellom 800 og 3 800 køyretøy. ÅDT fell nord for Mo i Rana og sør for Mosjøen. Ved Krokstrand heilt nord på strekninga er ÅDT om lag 800 køyretøy, og ved Majavatn heilt sør på strekninga er ÅDT om lag 1 000 køyretøy. Tungtrafikken utgjer mellom 15 og 20 pst. av trafikken. I gjennomsnitt er det årleg om lag 40 trafikkulykker med personskade eller dødsfall. Utforkøyringar utgjer om lag 45 pst. av ulykkene, medan møteulykker utgjer om lag 25 pst.
Det er førebels lagt til grunn ein samla kostnad for utbygging og utbetring av E6 mellom Nord-Trøndelag grense og Bolna på 5 190 mill. 2014-kr, inkl. prosjektet Brattås – Lien. For E6 Helgeland nord er kostnadene basert på godkjente reguleringsplanar, og det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2), jf. kapittel 2.2. For E6 Helgeland sør og E6 Brattås – Lien ligg det enno ikkje føre vedtekne reguleringsplanar. Det er derfor knytt uvisse til kostnadene.
2.2 E6 Korgen – Bolna (Helgeland nord)
E6 mellom Korgen og Bolna er omlag 125 km lang, jf. figur 2.2. ÅDT varierer frå 3 800 køyretøy nord for Mo i Rana til 800 køyretøy ved Krokstrand sør for Saltfjellet. På strekninga Urlandå – Skamdalen, sør for Mo i Rana, er ÅDT 3 200 køyretøy. I perioden 2003–2012 var det i alt 154 ulykker med personskade på denne strekninga. I alt blei 5 personar drepne, og 16 blei hardt skadde.
Det er lagt opp til å bygge ut til saman 62 km veg fordelt på 10 delstrekningar. Om lag 47 km av utbygginga vil skje gjennom å utvide vegbreidda, rette ut svingar og styrke bereevna i eksisterande vegtrase. Det meste av arbeidet vil skje nord for Mo i Rana. Mellom Korgen og Mo i Rana vil det også bli gjennomført tiltak for å betre trafikktryggleiken, mellom anna bygging av gang- og sykkelvegar. Når utbygginga er ferdig, er reisetida venta å bli redusert med om lag 11 minuttar for lette køyretøy og om lag 13 minuttar for tunge køyretøy. Reguleringsplanane vart godkjende i mars/april 2009 og i juni 2012.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. Kvalitetssikringa har omfatta prosjektstyringsunderlag, kostnadsoverslag og trafikkgrunnlag. Det er semje mellom Statens vegvesen og kvalitetssikrar om styringsramma. Som kostnadsramme tilrår den eksterne konsulenten ei ramme som er 50 mill. kr lågare enn det Statens vegvesen tilrår. Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 1 600 mill. 2012-kr og ei kostnadsramme på 1 730 mill. 2012–kr. Dette er i tråd med tilrådinga frå Statens vegvesen. Rekna om til 2014-prisnivå blir styringsramma 1 690 mill. kr og kostnadsramma 1 820 mill. kr. Auka meirverdiavgift som følgje av bortfall av vegfritaket frå 1. januar 2013 er inkludert. I styringsramma inngår 10 mill. kr til etablering av to automatiske bomstasjonar.
Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er rekna til om lag -700 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,6.