Prop. 55 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland

Til innhaldsliste

6 Utbyggings- og finansieringsopplegg for E6 Korgen – Bolna (E6 Helgeland nord)

Utbygginga av E6 Helgeland mellom Korgen i Hemnes kommune og Bolna i Rana kommune er føresett starta opp hausten 2014, med fullføring av siste delstrekning i løpet av 2018. Det er lagt opp til å starte innkrevjinga i dei to bomstasjonane på strekninga, Skamdal og Reinforshei, i 2015.

Det er lagt til grunn 1 360 mill. 2014-kr i statlege midlar frå ramma til store prosjekt, fordelt med 1 130 mill. kr i perioden 2014–2017 og 230 mill. kr i perioden 2018–2023. Dette er 300 mill. kr ut over ramma til prosjektet i Meld. St. 26 (2012–2013). Restbehovet på 330 mill. kr er føresett finansiert med bompengar. Medrekna kompensasjon for auka meirverdiavgift er utbygginga av E6 Helgeland nord følgjeleg føresett finansiert med 80,5 pst. statlege midlar og 19,5 pst. bompengar. Forslag til finansieringsplan for strekninga Korgen – Bolna er vist i tabell 6.1. I 2013 er det nytta om lag 40 mill. kr til planlegging, prosjektering, grunnerverv m.m. Midlane vart stilte til disposisjon gjennom mellombels omdisponering av statlege midlar innafor Statens vegvesen sine fullmakter. I 2014 er det venta eit forbruk på om lag 100 mill. kr. Det er derfor føresett at bompengeselskapet stiller til disposisjon til saman 140 mill. kr til prosjektet E6 Helgeland nord i 2014.

Tabell 6.1  Finansieringsplan for E6 Bolna – Korgen (Helgeland nord)

Mill. 2014-kr

2014–2017

2018–2023

Sum

Statlege midlar

1 130

230

1 360

Bompengar

330

330

Sum

1 460

230

1 690

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen, jf. kapittel 5, er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 640 mill. kr, fordelt med 330 mill. kr til investeringar, 230 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og 80 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Innkrevjingsperioden er rekna til 15 år i kvar av dei to bomstasjonane. Det er også rekna på eit alternativ med dei same pessimistiske føresetnadene som i kapittel 5. Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 20 år. Med det optimistiske alternativet er innkrevjingsperioden rekna til om lag 13 år. Det er lagt til grunn at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma, jf. kapittel 5.