9 Samferdselsdepartementet si vurdering
E6 er den viktigaste transportåra for vegtransport i Nord-Noreg og på Helgeland. E6 på Helgeland har låg standard og er prega av forfall. I tillegg er den utsett for ulykker. Det er derfor viktig å komme i gang med utbetring av strekninga. Samferdselsdepartementet tilrår det foreslåtte opplegget for utbygging og finansiering av E6 mellom Korgen og Bolna (Helgeland nord). For å redusere bompengebelastninga går regjeringa inn for å auke den statlege ramma til prosjektet med 300 mill. kr samanlikna med det som er lagt til grunn i Meld. St. 26 (2012–2013). Samanlikna med dei lokalpolitiske vedtaka er talet på bomstasjonar på strekninga redusert frå tre til to stasjonar. Ved å ta bort den planlagde bomstasjonen på Krokstrand er det rekna med ein reduksjon i drifts- og investeringskostnadane på til saman om lag 40 mill. kr. Det er i tillegg rekna med ein reduksjon i rentekostnadene på om lag 70 mill. kr samanlikna med det som ligg til grunn i dei lokalpolitiske vedtaka. Med det auka statlege bidraget får ein også redusert takstane i dei to attverande bomstasjonssnitta. I bomstasjonen ved Skamdal blir takstane reduserte frå 15 kr til 11 kr for lette køyretøy og frå 45 kr til 33 kr for tunge køyretøy. Dette tilsvarar ein takstreduksjon på om lag 27 pst. I bomstasjonen ved Reinforshei blir takstane reduserte frå 20 kr til 16 kr for lette køyretøy og frå 60 kr til 48 kr for tunge køyretøy. Dette tilsvarar 20 pst. takstreduksjon.
Departementet vil komme tilbake til opplegg for utbygging og finansiering av E6 Helgeland sør og E6 Brattås – Lien når det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.
Nordland fylkeskommune og alle kommunane som er omfatta av utbygginga, med unntak av Hemnes kommune, har slutta seg til det foreslåtte opplegget for delvis bompengefinansiering av utbygginga. Etter at Hemnes kommune gjekk mot opplegget, blei saka handsama på nytt av Nordland fylkeskommune. Samferdselsdepartementet vil vise til at Nordland fylkeskommune då vedtok å oppretthalde si tilslutning til det foreslåtte bompengeopplegget. Departementet vil også peike på at ingen av dei planlagde bomstasjonane er plasserte i Hemnes kommune.
Samferdselsdepartementet sluttar seg til at utbygginga av dei 10 delstrekningane og det meste av drifta og vedlikehaldet av E6 mellom Korgen og Bolna blir lyst ut i ein samla konkurranse, slik at det blir same entreprenør som står for både utbygging, drift og vedlikehald. Departementet meiner dette prosjektet er godt eigna for ei slik kontraktform. Vidare vil ein med dette vinne erfaringar som kan vere nyttige i forhold til andre prosjekt. Dette er ein ny kontraktstype som må evaluerast og evt. utviklast vidare. Særleg er det viktig å vurdere tilnærmingar der entreprenøren får fleire insentiv til å finne fram til kvalitetsmessig gode løysingar. Kontraktforma vil ikkje ha konsekvensar for finansieringa av utgifter til drift og vedlikehald. Desse vil på vanleg måte bli finansierte over kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant og køyretøytilsyn m.m.