3 Tidlegare godkjent eigedoms-, byggje-, og anleggsprosjekt – godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme (kapittel 1710)
3.1 Nye stasjonar til Grensevakta i Sør-Varanger
Prosjekt for nye stasjonar til Grensevakta i Sør-Varanger vart godkjend ved Stortinget si handsaming av Innst. 441 S (2010–2011), jf. Prop. 110 S (2010–2011). Prosjektet har si bakgrunn i at dei fleste stasjonane for Grensevakta i Sør-Varanger er oppførde på 1950- og 60-talet. Desse trong total fornying. Det var òg behov for oppgradering av den nyaste stasjonen som vart oppført på byrjinga av 1990-talet. Dei seks stasjonane for grensevakta skal erstattast med to større stasjonar som dekkjer kvar sin del av den norsk-russiske grensa.
Prosjektet skal dekkje grensevakta sitt samla behov for forlegning og operasjonsbasar for grensejegerane med ein stasjon i sør i Svanvik og ein stasjon i nord ved Storskog. Det vert bygd kennel på kvar stasjon. Frå stasjonen i nord til grensa vert det etablert ny køyretrasé. Det vil òg bli bygd ei ny patruljehytte. Kostnadsramma til prosjektet er 294 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2013–2014).
Etableringa av stasjonen til grensevakta i sør er i hovudsak ferdig og stasjonen vil no gradvis bli teke i bruk. Det står att noko arbeid utandørs. Med denne nye stasjonen i Svanvik har Forsvaret fått høvelege lokale som legg godt til rette for ei effektiv drift av verksemda til grensevakta i sør. Stasjonen i sør vert gjennomført innafor sin del av den totale kostnadsramma for prosjektet.
For stasjonen i nord har detaljprosjekteringa synleggjort behov for nokre justeringar frå godkjent prosjekt. Det er mellom anna auka behov knytt til integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, krav til tryggleik, nye krav til kennelen ved stasjonen og infrastruktur. I tillegg er det innhenta tilbod som viser ei auke i marknadsprisen utover den årlege prisjusteringa. Oppdaterte kostnadsanslag for den nye stasjonen i nord viser behov for å auke den totale kostnadsramma for prosjektet til 351 mill. kroner.