Rundskriv N-5/2003

Garantierklæring ved søknad om behovsprøvd løyve m.m

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Transportavdelinga
RUNDSKRIV N-5/2003

Fylkeskommunane, samferdselskontora
Oslo kommune, samferdselsetaten
Statens vegvesen, Vegdirektoratet
Norges Lastebileier-Forbund
Transportbedriftenes Landsforening
Norsk Transportarbeiderforbund
Norges Taxiforbund
Norsk Turbileierforbund



01.08.2003

Sak:02/2398

GARANTIERKLÆRING VED SØKNAD OM BEHOVSPRØVD LØYVE M.M.

NÆRARE OM KRAVET TIL ØKONOMI VED SØKNAD OM BEHOVSPRØVDE LØYVE (DROSJELØYVE, SELSKAPSVOGNLØYVE OG LØYVE FOR TRANSPORT FOR FUNKSJONSHEMMA)

Departementet finn grunn til å presisere korleis reglane i forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy av 26.03.2003 nr. 401 § 7 skal praktiserast ved søknad om behovsprøvde løyve.

Etter ordlyden i forskrifta skal garantierklæring følgje søknad om løyve. I praksis viser det seg at ordlyden kan få urimelige følgjer der det er fleire søkjarar enn talet på ledige løyve.

Ved søknad om behovsprøvde løyve, skal søknaden vere vedlagt attestar frå kommunekasserar, skattefut og konkursregisteret. Det er først når vedtak om tildeling av behovsprøvd løyve er treft, at løyvehavar skal leggje fram garantierklæring. Vedtak blir gjort under føresetnad av at vedkommande kan leggje fram slik garantierklæring innan ein bestemt frist. Denne fristen bør setjast etter at klagefristen er gått ut, slik at eventuelle klager er tatt til vurdering.

Løyvedokument skal ikkje skrivast ut før slik garantierklæring er komen fram til løyvestyresmakta og klagefristen for vedtaket er gått ut.

Med helsing

Arnfinn Øen

Mona S. Olivier