2 Viktige utfordringar for Postens verksemd
Posten er ei av dei største bedriftene i landet. Posten omsette i 2006 for 23 668 mill. kroner og hadde ei bemanning på 22 272 årsverk. Kjerneverksemda til konsernet er post- og logistikkverksemd basert på fysiske så vel som elektroniske løysingar og anna verksemd som står i direkte samanheng med dette. Verksemda til Posten kan delast inn i tre segment; post, logistikk og IKT. 1 I postsegmentet inngår i hovudsak formidling av brev- og banktenester. Innanfor logistikk (og ekspress) driv Posten distribusjon av nasjonale og internasjonale pakkar, budbilar i Norden, stykkgods, termotransport, luft- og sjøtransport, spesial- og tungtransport, tredjepartslogistikk (lagerdrift og tilhøyrande tenester) og containerhandtering. Posten tilbyr gjennom dotterselskapet ErgoGroup elektroniske tenester, administrative- og forretningsløysingar og IKT-driftstenester.
Nedanfor følgjer ein omtale av viktige utviklingstrekk i postsektoren og Postens utfordringar.
2.1 Utviklingstrekk
Postmarknaden er inne i ein kraftig endringsprosess. Utviklinga i sektoren er prega av fleire forhold:
Endring i etterspørsel etter posttenester og grunnleggjande banktenester
Grunnlaget for å oppnå gode resultat innan den tradisjonelle verksemda vil bli redusert som følgje av at brukarane i aukande grad nyttar elektroniske alternativ til tradisjonell brevpost (A- og B-post) og grunnleggjande banktenester i Postens ekspedisjonsnett. Nedgangen i etterspørselen etter Postens tradisjonelle brevprodukt er i all hovudsak knytt til at korrespondanse i næringslivet og offentleg sektor i aukande grad blir formidla elektronisk, og ved at kommunikasjonen bedrift/privatkunde og offentleg/brukar er erstatta av nettbaserte tenester. Privatpersonar og småbedrifter bruker óg i større grad elektroniske alternativ til tradisjonell brevpost. Brevmengda frå sistnemnde kundegruppe utgjer ein liten del av Postens totale brevvolum. Dei fleste privatpersonar sender færre enn 13 brev per år og berre ein relativt liten del (10 prosent) meir enn 50 brev i året. Bruken av grunnleggjande banktenester i Postens ekspedisjonsnett har gått kraftig ned som følgje av at kundane nyttar alternative tenester som avtalegiro, nettbank, minibank, kontantuttak i butikkar med meir. Nedgangen i etterspørselen etter grunnleggjande banktenester utfordrar lønsemda ved Postens postkontor, jf. kapittel 4.
Norden som ein marknad
Generelt opptrer aktørane i økonomien meir globalt med operasjonar på tvers av landegrensene. Norden fungerer meir og meir som ein marknad, der dei store kundane ønskjer samla kommunikasjons- og logistikkløysingar for lager og distribusjon med nordisk dekning. Varelagera blir sentraliserte, og avgjerd om distribusjon innan Noreg blir i aukande grad teke utanfor Noreg. Nordiske logistikk- og lagersentra blir særleg lokaliserte i dei sørlege delane av Sverige/Øresunds-regionen. Utviklinga krev at leverandørane har geografisk dekning og eit bredt produktspekter for å kunne lage kundespesifikke løysingar på ein effektiv måte. Sentralisering av innkjøp på nordisk nivå har føregått ei viss tid i logistikkmarknaden, men òg innan postmarknaden har dei største kundane innan brev- og kommunikasjonsprodukt begynt samle innkjøpa på nordisk basis. Eksempel på dette er nordiske konsern innan bank, finans og forsikring. Ein ventar at denne utviklinga vil gjere seg meir gjeldande ved den komande liberaliseringa av postmarknaden.
Restrukturering og skjerpa konkurranse
Auka kundekrav har medverka til ei restrukturering av post- og logistikkbransjen i Europa. Dei store logistikk- og ekspressleverandørane utvidar produkttilbodet og det geografiske nedslagsfeltet sitt, blant anna gjennom oppkjøp og samanslåingar. Store postaktørar som det nederlandske TNT og det tyske Deutsche Post er aktive pådrivarar i denne prosessen, med særleg fokus mot marknadene i Storbritannia, Tyskland og Nederland som er eller vil bli liberaliserte i løpet av dei nærmaste åra. Utviklinga gjer seg òg gjeldande i Noreg og i dei andre nordiske landa. Fleire av dei store globale aktørane som DHL Ekspress, DSV (tidlegare DFDS)og Schenker (inkl. Schenker Linjegods) er til stades i Noreg. DHL er eigd av Deutsche Post og Schenker av Deutsche Bahn. Posten Sverige er representert i den norske marknaden gjennom Tollpost Globe (50 prosent eigardel). Posten er òg inne i den nordiske marknaden, til dømes gjennom eigarskap i postselskapet CityMail, logistikkselskapa Nor-Cargo og Frigoscandia og ekspressleverandøren BOX, jf. kapittel 4.
Forslag til nytt postdirektiv
Endringsdirektivet til postdirektivet som blei vedteke i 2002, la til grunn at EU-kommisjonen skulle leggje fram eit direktivforslag innan utgangen av 2006 med sikte på å opne postmarknaden i 2009. EU-kommisjonen la den 18. oktober 2006 fram eit slik forslag til nytt postdirektiv, der det blei foreslått full liberalisering av postmarknaden frå 1. januar 2009. Forslaget blei behandla av EU-parlamentet i juni 2007, og i Ministerrådet hausten 2007. Etter omfattande diskusjon i medlemslanda, der òg Noreg aktivt fremja vårt mål om å behalde eineretten/ utsetje liberaliseringa, enda saka om postliberaliseringa førebels med eit kompromiss, med avvikling av resterande einerettar seinast innan 31.12.2010 for dei fleste av EU-landa. 11 namngitte land (dei nyaste medlemsstatane og land med spesielle utfordringar) kan få utsetjing heilt til 31.12.2012, om resultata frå vedtaket blir ståande. Endeleg vedtak i EU er venta våren 2008.
Regjeringa har merka seg at det har blitt semje i EU om å utsetje avviklinga av einerettane. Dette gjer det lettare å tryggje dei leveringspliktige tenestene i heile landet. No skal konsekvensane av endringsdirektivet for Noreg, og korleis ein best kan tilpasse dei nye reglane til norske forhold, vurderast nøye.
I dag er det nasjonale postselskapet i dei fleste medlemslanda i EU tildelt einerett på formidling av brevpost innanfor ei definert pris- og vektgrense tilsvarande maksimalgrensa som gjeldande EU-direktiv fastsett. Det nye direktivet vil fastsetje eit minimum av leveringspliktige tenester som skal sikrast i alle medlemslanda og opnar for andre finansieringsordningar (inkludert statleg kjøp), men fleire nasjonale postselskap har uttrykt at dei er uroa over konsekvensane ei avvikling av eineretten kan ha for selskapet si evne til å oppfylle dei samfunnspålagte krava. Forslaget frå parlamentet i EU gir såleis landa meir tid til å tilpasse seg ein open postmarknad, og til å løyse utfordringane med dei universelle posttenestene.
Dei fleste EU-land har ikkje avvikla eineretten i brevmarknaden, men nokre har allereie gjort det. I Sverige og Finland blei postmarknaden liberalisert tidleg på 1990-talet. I Finland har det likevel ikkje oppstått nokon konkurranse til det statlege postselskapet, mellom anna på grunn av høge konsesjonsavgifter. I Storbritannia blei eineretten i brevmarknaden avvikla den 1. januar 2006. Nederland og Tyskland har tidlegare planlagt å gjere det i 2008, men i desember 2007 valde Nederland å utsetje liberaliseringa, som følgje av innføring av minstelønn innan posttenester i Tyskland.
Organisering av postselskapa
Dei aller fleste postselskapa i Europa er fullt ut eigd av staten, men enkelte europeiske land har valt å delprivatisere/privatisere det tidligare statlege eigde postselskapet. Den tyske stat har selt seg gradvis ned til under 50 prosent eigardel i Deutsche Post. Den nederlandske stat selte sin attverande eigardel på 10,9 prosent i det nederlandske postselskapet TNT i desember 2006, og er det fyrste landet i Europa som har eit heilprivatisert postselskap. 2 I Danmark selde staten i 2002 ut 22 prosent av aksjane i Post Danmark til investeringsselskapet CVC Capital Partners og 3 prosent til Post Danmark for vidaresal til dei tilsette. CVC Capital Partners kjøpte seinare, saman med Post Danmark (gjennom eit felles eigd investeringsselskap), 50 prosent av det nasjonale belgiske postselskapet (LaPoste). Vidare har det nasjonale austerrikske postselskapet DiePost blitt børsnotert med ein statleg eigardel på 51 prosent. Òg Italia har lagt fram planar om børsnotering av det nasjonale postselskapet.
Reservasjonsordninga for reklame
Det har i den offentlege debatten det siste året vore teke til orde for at Postens reservasjonsordning for reklame bør endrast frå ei «nei-takkordning» til ei «ja-takkordning». Posten meiner at gjeldande ordning fungerer godt og peiker på at ei eventuell endring av reservasjonsordninga vil ha svært store negative effekter for Postens økonomi, noko som vil verke negativt på Postens evne til å vareta den leveringsplikta Posten er pålagt.
2.2 Postens utfordringar
Posten har gjennomført ei omfattande omstilling og effektivisering av verksemda. Omstillingane har ført til at selskapet har oppnådd gode resultat og ei sterk verdiutvikling, trass i fallande etterspørsel etter dei tradisjonelle brev- og banktenestene, jf. kapittel 6.
Postens verksemd innan postsegmentet har tidlegare stått for det største resultatbidraget til konsernet. Dette er endra dei siste åra. No er det verksemda innan logistikksegmentet som står for det største birdaget, dels om følgje av vekst innan denne delen av verksemda, med òg som følgje av resultatnedgang innan postsegmentet. Ytterlegare nedgang i A- og B-post vil, kombinert med generell kostnadsvekst, kunne svekkje Postens resultatutvikling ytterlegare i åra framover. Samtidig blir Postens konkurransestyrke i logistikk- og ekspressmarknaden kontinuerlig utfordra av auka kundekrav og konkurrentane i marknaden. Det er venta at ei liberalisering av brevmarknaden vil føre til ei akselererande utvikling mot nordisk integrasjon av etterspørselen blant storkundane av posttenester og såleis skjerpe konkurransen om dette vesentlege marknadssegmentet. For å sikre lønsemda i konsernet på lengre sikt, ser Posten det difor som nødvendig framleis å vekse innanfor konsernet si kjerneverksemd. Nordisk nærvær og internasjonale alliansar vil vere viktige for å styrkje Postens posisjon til å få større nordiske kontraktar som sikrar distribusjon av internasjonale brev-, pakke- og varevolum òg i Noreg. Samtidig vil ein posisjon som totalleverandør sikre Posten betre fortenestemarginar enn kva som ville vere tilfelle dersom selskapet hadde vore ein nasjonal underleverandør til andre nordiske eller internasjonale leverandørar. Posten ser det såleis som ønskjeleg å oppnå ein konkurransedyktig posisjon på nordisk nivå og har som ambisjon å utvikle Posten til eit leiande, norskbasert kommunikasjons- og logistikkselskap i Norden. Samtidig vil det framleis vere naudsynt å effektivisere drifta og vidareutvikle tenestene.
Posten summerer konsernet sine industrielle utfordringar i følgjande hovudpunkt:
Dei store kundane blir større, og i aukande grad nordiske og internasjonale, og ønskjer kommunikasjons- og logistikkløysingar som dekkjer deira behov i heile Norden.
Ettersom vareproduksjonen i aukande grad blir lagt der den er billigast på globalt nivå, aukar vareimporten, transportbehovet og behovet for effektiv logistikk. Dermed blir det stadig viktigare med nordisk nærvær og internasjonale alliansar for å få hand om innvolum til Noreg for vidare distribusjon.
Kundane ønskjer individuelle løysingar og færre leverandørar til eit breitt spekter av tenester.
Dei store internasjonale post- og logistikkselskapa er finansielt sterke, veks og satsar stort på bygging av verdsomspennande nettverk som utfordrar aktørar med mindre skalafordelar.
Pågåande strukturendringar i postindustrien er vesentlege og endringstakten er akselererande.
Postens marknadsposisjonar og resultatutvikling er utsette for strukturendringane i bransjen, volumfall for A- og B-post og aukande konkurranse.
Det er behov for framleis vekst og kontinuerleg forbetring i effektivitet og tenester.
Vidare er, som nemnt over, inntekter frå distribusjon av reklame svært viktig for Postens økonomi. Om reservasjonsordninga for reklame blir endra frå «nei-takkordning» til «ja-takkordning», vil dette by på store utfordringar for Posten.
Posten har som forretningsidé å utvikle og levere totalløysingar innanfor post, kommunikasjon og logistikk med Norden som heimemarknad. Fornøgde kundar, leiande marknadsposisjon, attraktive arbeidsplassar og godt arbeidsmiljø, samt lønsam og konkurransedyktig verdiutvikling, er Postens overordna mål. For nærmare omtale av konsernet sine konkurransestrategiar innanfor dei ulike segmenta, sjå kapittel 4.
2.3 Samferdselsdepartementets vurderingar
Det overordna målet på postområdet er å sikre landsdekkjande posttilbod av tenester til rimeleg pris og med god kvalitet. Posten er pålagd å vareta denne målsetjinga ved at det i konsesjonen til selskapet er stilt krav om at Posten skal sikre kundane eit slikt tilbod. Posten som selskap har her eit viktig samfunnsansvar. Departementet føreset at Posten varetek samfunnspliktene sine på ein god og effektiv måte, og vidareutviklar tenestene sine i tråd med endringar i kundebehov. Alle Postens kundar i heile landet skal ha eit tilbod av gode og rimelege posttenester i nærleiken av der dei bur og jobbar.
I samsvar med gjeldande styringsmodell er det styret for Posten som er ansvarleg for drifta av og den økonomiske utviklinga i selskapet, medrekna organiseringa av verksemda og iverksetjing av tiltak for å sikre økonomien og konkurranseevna til selskapet. Det følgjer av § 3 i vedtektene til selskapet at Posten skal utføre samfunnspålagte oppgåver i samsvar med lovgiving og konsesjon, og drive post- og logistikkverksemd baserte på så vel fysiske som elektroniske løysingar og anna verksemd som står i direkte samanheng med dette. Departementet føreset at Posten legg betydeleg vekt på dei samfunnspålagte tenestene og oppfyller alle krav til samfunnspålagte oppgåver. Departementet legg òg til grunn at Posten driv lønsamt og oppfyller avkastningskravet og tilpassar verksemda til strukturendringane i marknaden. Departementet understrekar at ei sterk stilling i heimemarknaden er avgjerande òg for at Posten skal lukkast med den nordiske satsinga.
Utviklinga innanfor den tradisjonelle post- og bankverksemda er ei utfordring for lønsemda i selskapet. Departementet legg til grunn at Posten finn effektive løysingar både på kostnads- og inntektssida og sikrar ei god utvikling i kjerneverksemda til selskapet. Omstillingar i verksemda til Posten skal ikkje skje på kostnad av kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene.
Dersom det skulle bli endring av reservasjonsprinsippet for reklame, ser departementet at dette kan innebere store utfordringar for Posten.
Departementet føreset at styret, i tråd med § 10 i Postens vedtekter, legg fram for samferdselsministeren alle saker som blir vurdert å ha vesentleg samfunnsmessig eller prinsipiell interesse.
Fotnotar
Fram til og med 2006 delte Posten inn verksemda i fire segment: Post, logistikk, ekspress og IKT. Frå og med 2007 er ekspress og logistikk slått saman til eitt segment (logistikk).
Det nederlandske postselskapet TPG endra i oktober 2006 namn til TNT, som er merkenamnet til konsernet sine verksemder innan ekspress og logistikk.