3 Posten som viktig samfunnsaktør
Som ein av dei største arbeidsgivarane i Noreg, og med ei omfattande økonomisk verksemd, legg Posten stor vekt på å ta samfunnsansvar. Posten framhevar i § 10-planen følgjande saker:
Levere posttenester til rimelege prisar og med god kvalitet i heile landet etter nærmare fastsette krav i konsesjonen.
Medverke til verdiskaping i heile landet ved å tilby næringslivet konkurransedyktige ekspress-, logistikk- og IT-tenester.
Forvalte kapitalen eigaren har skote inn på ein forsvarleg og effektiv måte, og sikre ei konkurransedyktig verdiutvikling gjennom lønsam drift.
Utføre eventuelle omstillingar og nedbemanningar på ein sosialt ansvarsmedviten måte.
Medverke til berekraftig utvikling ved miljøeffektiv drift.
Stille krav til samfunnsansvar til leverandørar og samarbeidspartar, blant anna ved at Posten har som mål at dei etiske retningslinjene til Statens pensjonsfond skal følgjast i forvaltninga av dei tilsette sine innskot i pensjonsfond.
Medverke til eit inkluderande arbeidsliv ved å vere IA-bedrift og «Rasismefri sone».
Sponse kulturprosjekt- og institusjonar, og dessutan breiddeidrett (særleg for barn).
Til det siste punktet kan det nemnast at Posten no har valt å konsentrere sponsinga i dei komande åra om samarbeidet med Norges Håndballforbund, med fokus både på topp- og breiddeidrett.
Posten ser ikkje nokon motsetnad mellom å utvikle Posten til eit leiande norskbasert kommunikasjons- og logistikkselskap i Norden og samtidig vareta dei samfunnsoppgåvene som verksemda er pålagde. Posten meiner at eit lønsamt, slagkraftig og offensivt Posten på nordisk nivå er den beste garanti for framleis høg kvalitet på den landsdekkjande servicen i Noreg, òg innanfor tradisjonelle tenester. Vidare at norsk næringsliv, både i distrikta og sentrale strøk, vil vere tent med eit konkurransedyktig Posten på nordisk nivå.
3.1 Om krav i konsesjonen til Posten
Posten er tildelt konsesjon for å tilby leveringspliktige tenester innanfor einerettsområdet, i samsvar med reglane i postlova og postforskrifta. Formålet med konsesjonen er å sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige tenester til rimeleg pris og av god kvalitet. Ny konsesjon for Posten blei vedteken i desember i 2006 for perioden 1. januar 2007 til 31. desember 2010. Den nye konsesjonen er i stor grad ei vidareføring av tidlegare konsesjon, men inneheld somme nye føresegner om blant anna universell utforming av Postens tenestetilbod og målbruk. Det er vidare innført ei maksimalprisordning for dei leveringspliktige tenestene utanfor eineretten, slik at prisen på desse tenestene i gjennomsnitt ikkje skal stige meir enn Statistisk Sentralbyrås lønnsindeks for samferdselssektoren.
Konsesjonen til Posten stiller krav om at Posten skal sikre alle brukarane eit godt og likeverdig tilbod i alle delar av landet, og fastset mellom anna krav til tenesteomfang og -kvalitet, tilgjenge til dei leveringspliktige tenestene, rapportering til styresmaktene, reglar for prissetjing, medrekna krav om at:
Posten skal formidle prioritert og uprioritert brevpost (adressert) inntil 2 kilo og lettgods inntil 20 kilo, og tilby tilleggstenester som ettersendings- og returordningar og formidling av verdipost, postoppkrav og rekommanderte sendingar med meir.
Dei leveringspliktige tenestene skal vere tilgjengelege for folk i heile landet gjennom eit landsdekkjande postnett. Det er krav om minst ein fast ekspedisjonsstad i kvar kommune som skal halde ope alle kvardagar, at Posten skal sikre god tilgjenge til innsamlingspostkassane og at desse skal bli tømt dagleg måndag-fredag og laurdag eller søndag.
Posten skal utlevere leveringspliktige uregistrerte sendingar og hentemeldingar til mottakarane si postadresse (bustad/fysiske adresse). Nærare reglar om utleveringsstad er fastsett i vedlegg til konsesjonen. Funksjonshemma kan få utlevert sendingar nærare, og utleveringspostkasse skal bli plassert ved inngangsdør ved behov.
Prioritert brevpost og hentemeldingar skal bli utlevert alle kvardagar. Posten kan gjere unntak frå kravet om utlevering alle kvardagar dersom det føreligg ekstraordinære omstende. Post- og teletilsynet kan gjere unntak frå krava dersom det føreligg særlege geografiske forhold.
Minst 85 prosent av innanlandsk prioritert brevpost skal vere framme innan dagen etter innlevering (D+1), mens minst 97 prosent skal vere framme innan D+3. Kravet gjelder som gjennomsnitt for kvart kvartal. Minst 85 prosent av tilsvarande sendingar til/frå land innan EØS skal vere framme innan 3 dagar etter innlevering (D+3), mens minst 97 prosent skal vere framme innan D+5. Kravet gjelder som gjennomsnitt for kvart halvår. Minst 85 prosent av innanlandsk uprioritert brevpost og innanlandsk lettgods skal vere framme innan 4 dagar etter innlevering (D+4), mens minst 97 prosent skal vere framme innan D+6. Kravet gjeld som gjennomsnitt for kvart kvartal.
Dei leveringspliktige tenestene skal formidlast til kostnadsbaserte prisar og på objektive, oversiktlege og ikkje-diskriminerande vilkår. Tenester som kjem inn under einerettsområdet skal ha geografisk einskapsporto. For leveringspliktige tenester utanfor einerettsområdet blir kravet om kostnadsbaserte prisar vareteke gjennom ei maksimalprisordning.
Posten skal ha ei klageordning for behandling av spørsmål om tenester som er omfatta av konsesjon.
3.2 Postens miljøansvar
Posten ønskjer å bidra til bærekraftig utvikling ved miljøvennleg drift. Konsernet arbeider for å redusere miljøpåverknaden og auke miljøeffektiviteten i alle verdikjedene sine, ved å førebyggje og redusere ressursforbruk, utslepp og avfall. Det blir stilt miljøkrav til leverandørar, og val av miljørette løysingar er viktige i drifta. Den største miljøutfordringa i konsernet er relatert til transport. Fokusområde i 2007 har vore å redusere klimautslepp frå tungtransporten, og dette vil Posten òg fortsetje å arbeide med framover.
Posten sin miljørekneskap og miljørapport frå 2006 viser at konsernet sitt transportarbeid og utslepp av klimagassar har auka dei siste åra. Dette heng i hovudsak saman med ei rekkje omafattande oppkjøp i Norden, som Nor-Cargo, Box og Frigoscandia. Endringar i terminal-, logistikk- og produksjonssystemet har ført til endra fordeling mellom transportmidla, men effekten av at Posten etablerte eit eige flyfraktnett, har gitt minimale utslag på miljørekneskapen i 2006. I løpet av 2006 vidareførte Posten blant anna satsinga på opplæringa i miljøeffektiv køyring, og igangsetjing av eit prosjekt med biodiesel i tungtransporten.
CO2 -utsleppa i morselskapet Posten Norge – som er den delen av konsernet som blir påverka av endra terminalstruktur –gjekk ned med to prosent fra 2004 til 2006.
Miljøeffektiviteten per køyrte kilometer i morselskapet er auka betydeleg. Morselskapet sine dryge fem tusen bilar slapp ut 14,6 prosent mindre CO2 per kilometer i 2006, samanlikna med 2004, sjå tabell 3.1 under.
Tabell 3.1 Miljørapport Posten Norge AS (morselskapet) for 2004 og 2006.
2004 | 2006 | Endring | |
---|---|---|---|
CO2 -utslepp (tonn) | 54 585 | 53 468 | -2,00 % |
NOx-utslepp (tonn) | 205 | 194 | -5,10 % |
Antall bilar | 5 524 | 5 135 | -7,00 % |
Antall køyrte km | 108 070 407 | 123 932 018 | 14,70 % |
Km/bil | 19 564 | 24 135 | 23,40 % |
Gjennomsnittleg CO2-utslepp per bil (tonn) | 9,9 | 10,4 | 5,40 % |
Gjennomsnittleg CO2-utslepp per køyrte km | 0,5 kg/km | 0,4 kg/km | -14,60 % |
Posten blei både i 2006 og i 2007 tildelt den nasjonale miljøprisen Glassbjørnen. Dette er ein nasjonal miljøpris som skal synleggjere gode miljøtiltak og inspirere til vidare miljøsatsing. Glassbjørnen blir gitt av stiftelsen GRIP. I 2006 mottok Posten prisen for «Postens energiprogram 2002-2005». Posten blei i 2007 gitt prisen for konsernet sine nye lastberarar, som er eit system for å frakte post meir miljøvennleg. Systemet har gitt ein kraftig reduksjon i transportvolum, noko som gir rikelege miljøgevinstar. No blir det frakta 70 prosent meir post per palleplass med brevpost, samlasting av brev og pakkar. Meir enn 300 tonn gamle postkassettar er resirkulerte og gjenbrukt i produksjonen av nye, som er designa for enkel materialgjenvinning.
3.3 Samferdselsdepartementets vurderingar
Formidling av posttenester er ein viktig del av infrastrukturen for å halde oppe busetjing og næringsliv i heile landet. Departementet ser det som viktig at vi har eit velfungerande postsystem, og at folk og næringsliv i heile landet har tilbod om gode, likeverdige og rimelege posttenester.
Målsetjinga på postområdet blir i dag i all hovudsak vareteke gjennom sektorspesifikk regulering ved at det i konsesjonen til Posten er stilt krav til dei leveringspliktige tenestene. I tillegg har Posten ei lovpålagt plikt til å tilby grunnleggjande banktenester i ekspedisjonsnettet. Framsendingskravet til Posten gjeld som gjennomsnitt for kvart kvartal, der all prioritert post er inkludert i målingane. Heller ikkje spesielle hendingar, som streikar og aksjonar innan luftfarten, uvêr med vidare blir unnateke frå kvartalstala som blir offentleggjort.
I dei årlege rapportane frå Post- og teletilsynet om utviklinga i dei samfunnspålagte tenestene blir det konkludert med at utviklinga i servicenivået i perioden 2003-2006 i hovudsak er positiv, og at Posten generelt tilbyr dei leveringsplikige tenestene verksemda skal i henhald til konsesjonen. Dei viktigaste endringane i servicenivå i perioden 2003-2006 er ifølgje Post- og teletilsynet sine rapportar følgjande (oppsummert):
Postens ekspedisjonsstader er blitt meir tilgjengelege for brukarane gjennom etablering av fleire Post i Butikk.
Opningstidene for ein del ekspedisjonsstader har blitt forbetra utover i perioden .
Kundane har i åra 2003-2006 blitt vesentleg meir tilfredse med tilbodet ved postkontora og Post i Butikk.
Det var ein svak tilbakegang i framsendingskvaliteten for prioritert brevpost både i 2004 og 2005 i forhold til 2003. For 2006 viste resultatet ein sterk nedgang totalt sett. (Sjå meir om dette i kapittel 4.)
Det var i perioden 2003-2005 ein liten auke i talet på husstandar som ikkje fekk utlevert post seks dagar i veka. I 2005 fekk 99,96 prosent av alle husstandane utlevert post i samsvar med konsesjonens hovudregel om utlevering alle kvardagar. Post- og teletilsynet vurderer utleveringsfrekvensen som svært bra.
Talet på husstander som må plassere utleveringspostkassen i lengre avstand frå bustad/fysisk adresse enn det retningslinene for postkasseplassering legger til grunn (såkalla «særlege tilfelle») gjekk noko ned i perioden 2003-2005, frå 3255 husstandar i 2003 til 3108 husstandar i 2005.
Tal på husstandar som blir betent av landpostbod gjekk opp i perioden.
Klagehandteringssystemet er forbetra og blitt betre kjent blant publikum.
Det er registrert ein relativ stor auke i tal på klager, reklamasjonar og erstatningsbetalingar i perioden 2003-2006. Frå 2005 til 2006 auka talet på klagar med 12,9 prosent.
Det har særleg vore ein stor auke i klagar og reklamasjonar på produkt og teneste som er omfatta av Postens konsesjon dei to seinaste åra. Auka har fyrst og fremst samanheng med den sviktande leveringskvaliteten, sjå meir om dette i kapittel 4. Post- og teletilsynet og departementet er bekymra over auken, og legg merke til at det er ein auke på fleire område enn framsendingstidene. Klager over blant anna varig adresseendring, mellombels adresseendring, oppbevaring og feillevert post, framviste òg markant auke frå 2005. Tilsynet følgjer opp denne utviklinga med Posten.
Departementet er tilfreds med at Posten har innført ei ny klageordning og nye rutinar for raskare behandling av klagar, og at Posten har utvikla ei ny internettbasert teneste for omadressering og oppbevaring av post. Dette er eit fleksibelt tryggleikssystem som er svært kundevennleg. Det er viktig at Posten går føre i utviklinga av sikre nettløysinger for å vareta behova for tryggleik og personvern.
Resultata frå Postens to kundetilfredsheitsundersøkingar i 2007 visar generelt sett ei positiv utvikling frå 2006. Departementet ser positivt på at kundane til Posten er nøgde med servicenivået ved postbeteningsstadene. Post- og teletilsynet har likevel registrert vesentleg fleire meldingar frå misnøgde kundar i 2006 og fyrste halvår av 2007 enn tidlegare år, og vil følgje opp Posten tett vidare når det gjeld betring av framsendingskvaliteten og klager.
Problema med utlevering av post grunna omlegginga til den nye flyfraktløysninga vinteren 2006/2007 førte til at avisdistribusjonen ikkje var tilfredsstillande. Leveringskvaliteten var svært uregelmessig i visse distrikt, og det kunne ta fleire dagar innan folk fekk avisa dei abonnerte på. Sidan aviser er «ferskvare» førte dette til mykje negativ omtale av postdistribusjonen og mange klagar til Posten. Departementet såg det som svært alvorleg at folk ikkje mottok avisene sine, og var i dialog med avisene sine organisasjonar, Posten og Post- og teletilsynet for å finne løysning. Situasjonen vart betra våren 2007.
Dei nye regionale målingane av framsendingskvaliteten, som blei innførte frå 3. kvartal 2007, er eit godt tiltak for å sjå kvar forbetringspotensialet er størst. Her viste framsendingstala at alle regionar låg over konsesjonskravet på 85 prosent, bortsett frå region Nord-Noreg. Sjå meir om dette i kapittel 4.
Departementet føreset vidare at Posten tek samfunnsansvar utover det som følgjer av lover og reguleringar, og står fram som eit godt eksempel for andre aktørar i saker som har å gjere med forvaltning av det ytre miljø, forhold ved arbeidsplassen, omsyn til distriktspolitiske forhold og i andre saker der viktige samfunnsinteresser skal bli vareteke. Departementet er i denne samanhengen nøgd med Posten sitt miljørekneskap og føreset at selskapet vil ha fokus på både energieffektivisering i bygg og transport, samt utslepp av klimagassar, i sitt vidare arbeid.
Postens vedtekter blei oppdaterte i 2007. Etter § 11 skal Posten følgje prinsippa i mållova ved kunderetta informasjon om dei leveringspliktige tenestene og elles så langt råd er. Departementet føreset at endringa i vedtektene om målbrukskrav blir følgt opp.