5 Personalmesssige forhold
5.1 Bemanningsutvikling
Omstillinga av verksemda til Posten har ført til ei kraftig nedbemanning av kjerneverksemda dei siste seks åra, jf. tabell 5.1.
Tabell 5.1 Bemanningsutvikling 2000- 2006 (årsverk).
2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Morselskapet | 23 335 | 21 211 | 19 407 | 18 158 | 16 721 | 15 713 | 15 510 |
ErgoGroup | 1 362 | 1 836 | 2 123 | 1 569 | 1 535 | 1 588 | 2 070 |
Andre dotterselskap | 987 | 1 459 | 1 979 | 1 913 | 3 117 | 3 240 | 4 692 |
Konsern | 25 684 | 24 506 | 23 509 | 21 640 | 21 373 | 20 541 | 22 272 |
Nedbemanninga er i all hovudsak skjedd i morselskapet, som har vore igjennom ein omfattande omstillingsprosess. Spesielt gjeld dette omlegginga til Post i Butikk, effektivisering av terminalstrukturen og innføring av meir effektive administrative prosessar. Omstillingane har medført at talet på tilsette er redusert med om lag 7800 årsverk, eller nær 35 prosent, i perioden 2000-2006. Nedbemanninga har skjedd i alle fylke. Sett i forhold til talet på tilsette (dvs. prosentvis) har bemanningsreduksjonen vore sterkast i Akershus, Oppland, Telemark, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Finnmark, og minst i Vestfold og Rogaland. Fordelinga av tilsette per fylke er derimot ikkje vesentleg endra.
Ei undersøking utførd av Posten viser at vel 30 prosent av dei overtalege (rekna i årsverk) i perioden 2000-2005 har fått ny stilling i Posten. Dette har vore mogeleg på grunn av relativt høg «turnover» blant dei tilsette og utvikling av ein intern jobbmarknad i Posten. Dei interne arbeidsmarknadstiltaka har vore viktige for å få ned kostnadene per omstilte årsverk, jf. vedlegg 2, punkt 3.2.2.
Bemanninga i Postens dotterselskap auka derimot med over 4 400 årsverk i perioden 2000-2006. Auken heng saman med at Posten har kjøpt opp verksemder. Desse verksemda er lokaliserte på mange ulike plassar i Noreg og leverer tenester til befolkning og næringsliv i heile landet. Dotterselskapet ErgoGroup har ein spreidd avdelingskontorstruktur og tilbyr IKT-tenester til både næringsliv og offentleg sektor i heile landet.
Arbeidet med å effektivisere verksemda i morselskapet vil kunne medføre ein reduksjon i talet på tilsette òg i åra framover. Bemanninga i Postens dotterselskap vaks i 2006 som følgje av oppkjøp av IKT-verksemd, og det er venta at bemanninga i dottereselskapa vil auke ytterlegare som følgje av at Posten vil vidareutvikle logistikk- og ekspressverksemda og fortsette oppkjøp.
5.2 Utviklinga i sjukefråvær, uføretrygding og arbeidsmiljø
5.2.1 Utvikling i sjukefråvær og uføretrygding
Etter ein topp i perioden 2001-2003, har sjukefråværet og uføretrygdinga i Posten sidan gått vesentleg ned dei siste åra, jf. tabell 5.2. Posten meiner at utviklinga tyder på at Postens tiltak innan HMS har gitt resultat.
Tabell 5.2 Utvikling i sjukefråvær* (eigenmeldt og legemeldt) og nye uføretrygda** (årsverk) i Posten.
1999 | 2000 | 2001*** | 2002*** | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Sjukefråvær (%) | 9,7 | 10,8 | 11,2 | 11,4 | 10,2 | 9,1 | 8,7 | 8,1 |
Tal på uføre (årleg tilvekst) | 390 | 412 | 550 | 507 | 466 | 439 | 333 | 294 |
* Morselskapet til og med 2002, konsern fra og med 2003.
** Morselskapet.
*** Auken i talet på uføre desse to åra er hovudsakleg knytt til den store omleggingsprosessen i postkontorstrukturen i 2001-2002.
Sjukefråværet i Posten har gått betydeleg ned siste året, og Posten har ei betre utvikling enn gjennomsnittet i resten av arbeidslivet. Posten vil òg i åra framover arbeide systematisk med tiltak for å redusere sjukefråværet. Det langsiktige målet er at sjukefråværet i Posten skal vere på same nivå som elles i arbeidslivet.
5.2.2 Arbeidsmiljø
Posten arbeider med å utvikle medarbeidar- og leiarkompetansen i selskapet i tråd med selskapet sine grunnverdiar: ærlegdom, respekt, nyskaping og samhandling.
Posten gjennomfører kvart år ei undersøking av korleis dei tilsette har det på jobben. Undersøkingane viser at dei tilsette trivst på jobben, og at trivselen har auka kvart år frå 2001 til 2007. Logistikk og ErgoGroup har størst framgang dei seinaste åra. Det er særskilt viktig at satsinga på HMS avteikner seg i betre resultat i organisasjonsundersøkinga.
Posten har om lag 75 nasjonalitetar blant dei tilsette. Likebehandling av dei tilsette uavhengig av hudfarge, religion og etnisk bakgrunn er ei målsetjing. Posten har saman med organisasjonane til dei tilsette og Norsk Folkehjelp erklært Posten som «Rasismefri sone», og Posten fekk i 2005 «Mangfold-prisen» for målretta arbeide med å fremje etnisk mangfald på arbeidsplassen.
5.3 Ny pensjonsordning for dei tilsette
Posten sa opp pensjonsordninga i Statens Pensjonskasse (SPK) med verknad frå 1. januar 2006, og inngjekk ein ny avtale om pensjonsordning med Vital Forsikring, sjå omtale under punkt 3.2.3 i vedlegg 2. Avgjerda om overgang til ny pensjonsordning har skjedd i samråd med og med tilslutning frå organisasjonane til dei tilsette. Sjå meir om økonomiske følgjer av dette i kapittel 6 Økonomi.
5.4 Samferdselsdepartementets vurderingar
Dei nødvendige omstillingane som Posten har gjennomført dei seinare åra, har ført til ein kraftig bemanningsreduksjon i konsernet. Utviklinga i postmarknaden gjer det nødvendig å setje i verk nye kostnadseffektiviserande tiltak i åra som kjem for å sikre lønsemda i selskapet. Departementet ser det som viktig at Posten gjennomfører omstillingane i nært samarbeid med dei tilsette og organisasjonane deira. Det er likeins viktig at Posten jobbar med å leggje til rette for at dei overtalege kan få anna arbeid i Posten. Departementet legg til grunn at selskapet tek vare på likestillingsomsyn i omstillingsarbeidet.
Departementet føreset at Posten tilrettelegg for eit inkluderande arbeidsmiljø, og er tilfreds med at Posten arbeider med tiltak for å underbyggje Posten som ei «Rasismefri sone».
Departementet er nøgd med at det dei siste åra har vore ein nedgang i sjukefråværet og uføretrygdinga i Posten. Departementet føreset at Posten i åra framover fortset å prioritere arbeidet med å få ytterlegare ned sjukefråværet og talet på nye uføretrygda, og aktivt legg til rette for at folk med særlege behov kan bli verande i jobben. Dette er òg viktig sett ut frå eit kostnadsperspektiv.
Departementet har merka seg at overgangen til ny pensjonsordning har skjedd i samråd med, og med tilslutning frå organisasjonane til dei tilsette.