St.meld. nr. 12 (2007-2008)

Om verksemda til Posten Norge AS

Til innhaldsliste

6 Økonomi

6.1 Økonomiske resultat 2002-2006

Tabell 6.1 viser Postens resultat- og balanseutvikling i perioden 2002-2006, inklusiv utbytet som staten har motteke i denne perioden.

Tabell 6.1 Resultat- og balanseutvikling 2002-2006. Konsern. Nøkkeltal.

 2002200320042004 IFRS92005 IFRS92006
Resultat
Driftsinntekter (MNOK)15 10615 55917 95917 95919 99523 668
Årleg vekst driftsinntekter0,65 %3 %15,4 %15,4 %11,3 %18,4 %
Driftsresultat (EBIT) (MNOK)-335121 1361 2571 2081 313
Ordinært resultat før skattekostnad (MNOK)-1064561 0781 2521 2551200
Lønsemd og rentabilitet
Inkl. eingongseffektar1
EBIT-margin2-0,2 %3,3 %6,3 %7,0 %6,0 %5,5 %
Resultatmargin3-0,7 %2,9 %6,0 %7,0 %6,3 %5,1 %
Rentabilitet på sysselsett kapital41,7 %11,2 %19,5 %23,2 %23,9 %20,2 %
Eigenkapitalrentabilitet etter skatt5-3,5 %6,2 %14,6 %21,0 %21,0%16,9 %
Ekskl. eingongseffektar1
EBIT-margin2-0,4 %2,9 %7,6 %8,3 %9,5 %5,4 %
Resultatmargin3-0,9 %2,6 %7,3 %8,3 %9,7 %5,0 %
Rentabilitet på sysselsett kapital41,2 %10,1 %23,2 %29,1 %34,3 %19,9 %
Kapital og likviditet
Kontantstrøm frå drifta (MNOK)6184-9152 0432 2172 7072 065
Investeringar inkl. oppkjøp (MNOK)1 4414556101 4891 2592 932
Totalkapital (MNOK)9 32710 05211 64810 31413 17115 769
Eigenkapital (MNOK)4 0344 7764 8794 3634 7525 604
Eigenkapitaldel743,3 %47,5 %41,9 %42,3 %36,1 %35,5 %
Netto gjeldsgrad80,10,10,10,1-0,10,1
Utbyte
Utbyte utbetalt året etter (MNOK)0242516,4516,4124488

1 Berekna tal med eingongseffektar tek omsyn til sal av eigedom og verksemd, avsetningar for restrukturering og andre ­eingongsavsetningar som for utgang SPK i 2005.

2 Driftsresultat/Driftsinntekter.

3 Ordinære resultat før skattekostnad/driftsinntekter.

5 Årsresultat /gjennomsnittleg eigenkapital.

6 Kontantstraum frå drifta er omklassifisert i 2003 for 2001, 2002 og 2003 ved at innbetalingar ut over kostnadsføre pensjon er ­presentert under kontantstraum frå drift.

7 Eigenkapital/Totalkapital.

8 (Renteberande gjeld - likvide midlar) Eigenkapital.

6.1.1 Utvikling i omsetnad

Konsernet har i løpet av perioden 2002-2006 auka omsetnaden med om lag 57 prosent. Konsernet sin vekst er i all hovudsak relatert til auka omsetnad i Postens ekspress- og logistikkverksemd og selskapet si IKT-verksemd. I IKT-segmentet er det gjennomført sal av selskap som ledd i ei spissing av verksemda til ErgoGroup. Trass i dette, og sterk konkurranse i marknaden, auka ErgoGroups eksterne inntekter med vel 7 prosent i perioden 2002-2005, og med heile 29 prosent frå 2005 til 2006. Dette kjem både av oppkjøp av Allianse i 2006 og generell vekst.

Morselskapet hadde i perioden 2002-2005 ei svak positiv inntektsutvikling, men driftsinntektene gjekk noko ned i 2006, jf. tabell 6.3. Nedgangen 2006 i forhold til 2005 må sjåast i lys av bortfall av statleg kjøp av posttenester og reduserte inntekter frå bankverksemda på til saman 571 mill. kroner. I tillegg blei resultatet påverka negativt av nedgangen i adressert post og utgifter ved etablering av CityMail-konseptet i Sverige og Danmark. Veksten fram til 2006 kjem hovudsakleg av vekst innan postreklame og pakkar. Den underliggjande trenden i morselskapet er likevel fall i inntektene som følgje av nedgang i etterspørselen etter A- og B-post og grunnleggjande banktenester, jf. tabell 4.2 om utviklinga i brevvolum og figur 3.2 i vedlegg 2.

Tabell 6.2 Morselskapets driftsinntekter og driftsresultat i perioden 2002-2006.

  200220032004 (IFRS)12005 (IFRS)12006
Driftsinntekter11 98312 19312 64812 75512 275
Driftsresultat(46)3461 131926864

1 Konsernrekneskap blir rapportert etter International Financial Reporting Standards (IFRS) frå og med 1.1.2005. Tal for 2004 er omarbeida tilsvarande slik at dei kan samanliknast. Overgangen til IFRS inneber vesentlege effektar på område som pensjon, goodwill, anleggsmiddel, avsett utbyte og finansielle instrument.

Konsernet si inntektssamansetjing har endra seg dei siste åra, jf. figur 6.1 under. Postsegmentet sin del av omsetnaden gjekk ned frå 78 prosent på slutten av 1990-talet til 42 prosent i 2006. Samtidig auka inntektene frå logistikksegmentet frå ein svært liten del av konsernet si omsetnad på slutten av 1990-talet, til å stå for heile 29 prosent i 2006. Dette heng saman med oppkjøp. Postens ekspress- og IKT-verksemd står òg i dag for ein mykje større del av konsernet sin omsetnad enn kva dei gjorde på slutten av 1990-tallet. Inntektene frå ekspressverksemda har denne perioden auka med 75 prosent. Samtidig har konsernet sin omsetnad utanfor Noreg i perioden 2002-2006 nesten blitt fire ganger større, og utgjorde 17,5 prosent av Postens omsetnad i 2006.

Utviklinga over inneber at nær 90 prosent av Postens inntekter no kjem frå konkurranseutsette område.

Figur 6.1 Kilde: Postens kvartalsrapport Q4 2006

Figur 6.1 Dei ulike segmenta sin del av omsetnaden til konsernet.

6.1.2 Resultatutvikling

Utviklinga i driftsresultata til konsernet viser ei vesentleg forbetring av lønsemda i underliggjande drift. Resultatforbetringa er særleg knytt til at konsernet gjennom omstilling og effektivisering av morselskapet har redusert kostnadsnivået i verksemda, jf. figur 3.4 i vedlegg 2. Òg dotterselskapa har vist ei god utvikling. Samla har Postens dotterselskap gitt eit positivt resultatbidrag kvart år dei siste åra.

Postens resultat dei føregåande åra har gitt ein auke i eigenkapitalrentabilitet frå 6,2 prosent i 2003 til 21,0 prosent i 2005, men gjekk igjen noko ned i 2006 (16,9 prosent). EBIT-marginen gikk òg noko ned i 2006, samanlikna med 2005, frå 6,0 prosent til 5,4 prosent. Dette kjem hovudsakleg frå bortfallet av statleg kjøp og lågare inntekter frå bankverksemda. Driftsresultatet i 2006 blei på 1 313 mill. kroner, 105 mill. kr høgare enn i 2005. Samstundes hadde Posten i 2005 eingongskostnader på 574 mill kroner knytte til opphøyr av medlemsskap i Statens Pensjonskasse. Dersom ein tek omsyn til effekten av overgang til ny pensjonsordning, blei driftsresultatet i 2006 redusert med 469 mill. kroner i forhold til føregåande år.

Omstilling og effektivisering av verksemda har saman med generell inntektsvekst gitt ein omfattande auke i omsetnad per årsverk, jf. figur 3.6 i vedlegg 2, og auka òg i 2006 og 1. halvår 2007.

6.1.3 Balanse

Verksemda har i perioden 2002-2006 tilført konsernet om lag 5 400 mill. kroner i netto kontantstraum frå drifta. Samstundes har sal av eigedom og andre eigedelar styrkt kontantstraumen frå verksemda. Netto kontantstraum til investeringsaktivitetar var i same periode på til saman 6 800 mill. kroner. Posten innbetalte i 2003 ei underdekning i Statens Pensjonskasse på 1 475 mill. kroner. Justert for denne innbetalinga, var netto kontantstraum frå drift og investeringar i Posten konsernet i perioden på tilnærma 0 mill. kroner.

Posten konsernet hadde ved utgangen av 2006 ein bokførd eigenkapital på 5 604 mill. kroner og ein eigenkapitaldel på 35,5 prosent. Posten vurderer den finansielle situasjonen til konsernet som tilfredsstillande, sjølv om eigenkapitaldelen har gått noko ned i dei siste åra.

6.1.4 Økonomiske konsekvensar av ny ­pensjonsordning

Posten melde seg ut av Statens Pensjonskasse (SPK) med verknad frå 1. januar 2006, og har inngått avtale om ny pensjonsordning med Vital Forsikring. Bakgrunnen for utmeldinga var at Posten ønskte eit meir føreseieleg kostnads- og premienivå. Overgangen til ny ordning gav ein eingongskostnad på resultat- og balanserekneskapen for 2005. Det blei gitt eit førebels sluttoppgjer til Posten med ei løyving på 280 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett våren 2007, jf. St. prp. nr. 69 (2006-2007) og Innst. S. nr. 230 (2006-2007). På grunnlag av endelege sluttoppgjersutrekningar som For­nyings- og administrasjonsdepartementet mottok frå SPK hausten 2007, blei dette beløpet justert opp til 292,5 mill. kroner.

6.2 Økonomisk utvikling framover

Posten har i åra 2003 til og med 2006 betra lønsemda gjennom store kostnadsrasjonaliseringar og oppkjøp av selskap. Åra framover vil venteleg gje ei annleis utvikling, prega av høg kostnadsvekst og fallande volum innanfor den tradisjonelle postverksemda. Det er vidare venta at inntektene frå den tradisjonelle brevverksemda og dei grunnleggjande banktenestene vil fortsetje å falle.

Da potensialet for ytterlegare effektivisering i morselskapet er vesentleg mindre enn tidlegare, og den underliggjande veksten i løner og andre kostnader venteleg framleis vil vekse kraftig i åra som kjem, vil det vere ei stor utfordring å sikre tilfredsstillande lønsemd i morselskapet og samstundes oppfylle dei høge samfunnspålagde krava til tenestene.

Sjølv om morselskapet gjennomfører eit omfattande program for å betre drifta, med mellom anna ny terminalstruktur og omlegging av postkontornettet, samt auke av prisar, vil ikkje dette vere nok til å dekkje inn heile kostnadsauken. Posten vurderer difor ytterlegare tiltak for å sikre tilfredsstillande lønsemd framover.

På grunn av stor auke i kostnadene og fallande volum, er det verksemda innan postsegmentet som får dei største utfordringane med å halde oppe tilfredsstillande lønsemd, mens det framleis er venta lønsam vekst innan logistikk- og IKT-segmenta. I logistikkmarknaden har det vore ei positiv etterspørselsutvikling, og det er venta at netthandel og sentralisering av lagerhald vil gje ein auke i denne marknaden i åra framover.

Utvikling av kjerneverksemda gjennom oppkjøp vil framleis vere ein viktig strategi for å sikre lønsemd på lengre sikt. I tillegg til slike investeringar i nye kjøp og alliansar, vil Posten òg gjere investeringar i nytt terminalutstyr, særleg tilknytt brevsenteret på Robsrud, og i andre effektiviseringstiltak. Midlar til omstilling av postkontornettet vert søkt sett av i rekneskapen for 2007.

6.3 Verdivurdering

Som eit ledd i eigaroppfølginga av Posten får Samferdselsdepartementet jamleg utført verdivurderingar av Posten. Danske Markets utførde ei slik verdivurdering for departementet i februar 2006. Samferdselsdepartementet fekk òg gjennomført verdivurderingar av Posten i 2000, 2002 og 2003. I 2004, 2005 og 2007 gjennomførte Posten tilsvarande eigne eksterne vurderingar av verdiutviklinga i selskapet. Verdivurderingane er utførde av ulike oppdragsgjevarar, og resultata er difor ikkje direkte samanliknbare, grunna bruk av forskjellige metodar med meir.

Danske Markets fastsette i februar 2006 verdien av konsernet sin eigenkapital til 12 537 mill. kroner. Samanlikna med den førre verdivurderinga som Samferdselsdepartementet fekk gjennomført i 2003, har marknadsverdien av eigenkapitalen til Posten-konsernet auka markant.

I juni 2007 gjennomførte Handelsbanken Capital Markets, på oppdrag frå Posten, ein ny ekstern verdivurdering av verksemda. Verdien av konsernet sin eigenkapital blei her vurdert til 14 413 mill. kroner. Det er særlig segment IKT som har auka i verdi.

Etter omstillingsperioden frå 2000 til 2004, har Posten frå 2005 fokusert på framtidig posisjonering av konsernet, med ein revisjon av konsernstrategien i 2006. Eigenkapitalverdien til Posten i 2007 har nær dobla seg sidan verdivurderinga i 2004, og tredobla seg frå 2000. I verdivurderinga frå 2006 blir Posten sin framgang forklart med vellukka implementering av konsernet sin nordiske strategi.

6.4 Samferdselsdepartementets ­vurderingar

Eigenkapitalavkastninga dei siste tre åra har lege over eigaren sitt krav på 10,8 prosent. Postens resultat dei siste åra viser såleis at omstillingane har ført til ei god lønsemdsutvikling, samstundes som talet på klagar har auka og kvaliteten tidvis har vore for låg. Det er difor naudsynt med vidare omstilling, for å betre effektiviteten og kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene, og fordi ulønsemda ved formidling av post- og banktenester er aukande.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten legg stor og aukande vekt på å oppfylle alle dei samfunnspålagte tenestene fullt ut. Departementet føreset vidare at Posten, innanfor dei rammer som krava til dei samfunnspålagte tenestene stiller til verksemda, gjer nødvendige tiltak for å sikre ei god lønsemdsutvikling i selskapet. Departementet har merka seg at Posten meiner at konsernet sitt resultatnivå ligg i nærleiken av det som kan bli oppnådd i gjeldande struktur, og at Posten vil søkje å styrkje sin konkurransedugleik i den nordiske marknaden for å motverke ei fallande lønsemdsutvikling i åra framover. Departementet legg til grunn at Posten i sine vekststrategiar i det vesentlege held seg innanfor Postens kjerneverksemd, og at det blir stilt høge krav til lønsemd for dei nye tenestene.

I ein situasjon med mogeleg fallande inntekter frå postsegmentet, og krav om å auke innsatsen for høg kvalitet på dei leveringspliktige tenestene, ser departementet, som eigar, behov for å gje Posten større rom for å utvikle tenestene, og vil difor senke avkastningskravet, sjå kapittel 7.

Departementet vurderer eigenkapitalsituasjonen til Posten som god i høve til dei utfordringane som Posten er stilt overfor, og at fokuset no må vere på å betre dei leveringspliktige tenestene.

Til forsida