St.meld. nr. 12 (2007-2008)

Om verksemda til Posten Norge AS

Til innhaldsliste

7 Avkastningskrav og utbyte

7.1 Om avkastningskrav og utbyte

Avkastningskrav og utbytepolitikk er viktige ledd i oppfølginga av selskap. Avkastninga gir uttrykk for verdiskapinga i selskapet. Generelt reflekter avkastningskravet den venta avkastninga som kunne vore oppnådd på tilsvarande risikable investeringar. Utbyte er den delen av avkastninga som blir teken ut av eigaren. Utbytepolitikken definerer såleis retningslinjene for korleis avkastninga frå eit selskap skal brukast, det vil seie kor mykje som skal gå til eigaren og kor mykje som skal bli ført tilbake til verksemda.

7.2 Krav til avkastning

Med Postens einerett på formidling av lukka adressert brevpost opp til ei definert vekt- og prisgrense, og ordninga med statleg kjøp av ulønsame posttenester, ligg det til rette for at Posten skal kunne drive lønsamt. Av omsyn til ei effektiv forvaltning av staten sine verdiar, meiner difor departementet at avkastningskravet for Posten i utgangspunktet bør bli utforma eit stykke på veg etter dei same prinsipp som for private selskap. Avkastningsnivået må likevel heile tida vurderast opp mot Postens samfunnsansvar som formidlar av landsdekkjande posttenester, og skal ikkje bli prioritert til ulempe for kvaliteten på dei samfunnspålagte tenestene.

Avkastningskravet til Posten er fastsett med utgangspunkt i kapitalverdimodellen som òg blir nytta i det private næringslivet. Departementet sitt avkastningskrav til Posten har dei siste fem åra lege stabilt på i underkant av 11 prosent.

I tabell 7.1 er det gitt ei oversikt over kravet til avkastning og oppnådd avkastning i Posten i perioden 2002-2006.

Tabell 7.1 Oversikt over kravet til avkastning og faktisk oppnådd avkastning (i mill. kroner) i Posten Norge AS (morselskapet) i perioden 2002-2006.

 20022003200420052006
Gjennomsnitt eigenkapital3 0974 4854 2364 6145 035
Resultatkrav334484457498543
(prosent)(10,8)(10,8)(10,8)(10,8)(10,8)
Eigenkapitalavkastning-43402831688673
(prosent)(-1,4)(9,0)(19,6)(14,9)(13,4)

Resultatutviklinga i selskapet blei i føregåande år langt betre enn det som blei venta i førre eigarmelding, der det blei lagt til grunn at avkastninga på eigenkapitalen i selskapet på kort sikt ville liggje under eigaren sitt krav.

I verdsetjinga av Posten i februar 2006, har Danske Markets lagt til grunn eit avkastningskrav på eigenkapitalen i morselskapet på 10,1 prosent og for konsern på 10,42 prosent. Danske Markets" avkastningskrav ligg noko under departementet sitt gjeldande krav til Posten på 10,8 prosent.

Det noko lågare avkastningskravet som Danske Markets har lagt til grunn ved verdivurdering av Posten, reflekter blant anna nedgangen i den risikofrie renta.

Departementet legg i tillegg stor vekt på at Posten skal ha finansielt rom for å yta høg og likeverdig kvalitet på dei samfunnspålagde tenestene i alle delar av landet, og at denne utviklinga bør takast omsyn til ved fastsetjing av avkastningskravet til Posten. Posten skal framover fokusere på å ha god, stabil leveringskvalitet i postdistribusjonen i alle regionar, og sikra at den komande Post i Butikk-omlegginga blir vellukka. Departementet foreslår difor at avkastningskravet for Posten blir nedjustert til 10 prosent for konsernet dei komande åra. Kravet må vurderast på nytt dersom innteksføresetnadene til Posten endrar seg.

7.3 Prinsipp for fastsetjing av utbyte og utbytenivå

Det er viktig for Posten at det blir lagt til grunn ein langsiktig og føreseieleg utbytepolitikk. Ein føreseieleg utbytepolitikk vil gi selskapet betre oversikt over det finansielle handlingsrommet til selskapet, og dermed gjere det lettare for selskapet å ta dei riktige avgjerdene om for eksempel lånebehov og investeringar. Ein langsiktig og føreseieleg utbytepolitikk vil difor òg vere i eigaren si interesse.

Samferdselsdepartementet ser det som viktig at Postens sektorpolitiske oppgåver og investeringsbehov blir tekne vare på i utbytepolitikken. Dette kan gjerast ved at det blir sett ei øvre grense for kor mykje av overskotet som kan bli teke ut av selskapet.

I St.meld. nr. 11 (2003-2004) blei det fastsett at utbytet frå og med rekneskapsåret 2006 skulle reknast som staten si innlånsrente multiplisert med eigenkapitalen til Posten, avgrensa oppover til 75 prosent av overskotet etter skatt. Det blei lagt til grunn at verdien av eigenkapitalen til Posten bør vere basert på eksterne verdivurderingar av eigenkapitalen. Utbytemodellen over inneber at storleiken på utbyttet ikkje er knytt direkte til resultatet til Posten. Det betyr at dess betre resultat Posten gir, dess større del av overskotet vil bli ført tilbake til selskapet. Modellen vil såleis gi Posten klare insentiv til å fokusere på lønsemd. Samtidig tek utbytemodellen finansielle omsyn ved at det normalt ikkje vil bli kravd utbyte dersom selskapet går med underskot og ved at selskapet alltid vil få behalde ein viss del av eit overskot.

Posten har med utgangspunkt i gjeldande økonomiske og regulatoriske rammevilkår vurdert konsernet sin finansielle situasjon som tilfredsstillande. På dette grunnlag meiner departementet at det er forsvarleg å gjennomføre utbytepolitikken som blei vedteken ved handsaminga av St.meld. nr. 11 (2003-2004).

Samferdselsdepartementet legg til grunn at marknadsverdien av eigenkapitalen til Posten i den siste utførde verdivurderinga blir lagd grunn til ved fastsetjing av utbyte det komande året.

Til forsida