10 Utdanning og forsking
Samarbeidet på utdannings- og forskingsområdet i Europarådet skjer i Styringskomiteen for utdanning og i Styringskomiteen for høgare utdanning og forsking. Noreg har sidan 2004 vore valt inn i byråa for begge desse komiteane.
Styringskomiteen for høgare utdanning og forsking har to representantar frå kvart land, éin representant for styresmaktene og éin akademikar. For å gjere arbeidet i komiteen meir synleg, har komiteen dei siste tre åra arrangert konferansar om høgare utdanning og publisert ein bokserie om dei prosjekta komiteen har arbeidd med 1 . I 2006 blei det òg arrangert to konferansar, ein om kvalitetssikring av høgare utdanning og ein om det ansvaret høgare utdanningsinstitusjonar har for å skape ein demokratisk kultur. Det er òg oppretta eit globalt nettverk for høgare utdanning og demokratisk kultur.
I Styringskomiteen for høgare utdanning og forsking stod arbeidet med å utvikle verktøy for å godkjenne kvalifikasjonar frå høgare utdanning framleis sentralt i 2006. Lisboa-konvensjonen om godkjenning av høgare utdanning og supplerande tekstar til denne dannar grunnlaget for handlingsplanane for å godkjenne høgare utdanning som utdanningsministrane i medlemslanda etter planen skal handsame på eit ministermøte i Bologna-prosessen i London i 2007. Komiteen vedtok òg eit framlegg om avgjerd om det offentlege ansvaret for høgare utdanning og forsking og følgde aktivt opp arbeidet i ENIC-nettverket, som koordinerer arbeidet med å godkjenne høgare utdanning mellom landa i Europa, Nord-Amerika og Australia.
I samsvar med handlingsplanen frå toppmøtet blir Bologna-prosessen prioritert. Dette er ein paneuropeisk prosess som har som mål å opprette eit europeisk rom for høgare utdanning innan 2010. Det er 45 land som deltek i dette arbeidet. Europarådet deltek gjennom ei tett oppfølging av arbeidet i den internasjonale oppfølgingsgruppa ( Bologna Follow-up Group ), med særleg vekt på å hjelpe dei landa som nyleg er blitt ein del av prosessen, med rådgjeving om utvikling av lovverket.
Styringskomiteen for utdanning samarbeider om å utvikle skular og om opplæring. Viktige område, som òg blir høgt prioriterte frå norsk side, er språkopplæring, historieundervisning, opplæring i demokrati og menneskerettar og interkulturell dialog.
Noreg gav i 2005–2006 tilskot til eit prosjekt som har som siktemål å utvikle eit felles europeisk rammeverk for språkutdanning. Dette er ei vidareutvikling av det europeiske rammeverket for framandspråk som blei lansert i 2001.
Arbeidet med prosjektet The European Dimension in History Teaching blei starta i 2003. Noreg støttar prosjektet økonomisk og er representert både i ei prosjektgruppe og i redaksjonskomiteen. Målet er å gje historielærarar og elevar og studentar i Europa tilgang til historiske kjelder. Noreg har vidare teke på seg å leie eit prosjekt med tittelen Policies and Practices for Teaching Socio-cultural Diversity Project som dreier seg om mangfald i skulen. Noreg er òg med i prosjektgruppa som arbeider med The Image of the Other in History Teaching. Måla med dette prosjektet, som vil bli gjennomført i 2006–2009, er å opprette ei heimeside med nyskapande undervisningsmateriell og opprette nettverk mellom lærarutdanningsinstitusjonar. Noreg har dessutan medverka økonomisk og fagleg i arbeidet med ei lærebok i religiøst mangfald og interkulturell utdanning ( Religious Diversity and Intercultural Education: A Reference Book for Schools ).
Noreg betalar òg eit årleg grunntilskot til og tek del i verksemda i Det europeiske senteret for moderne språk (ECML) i Graz, som har som oppgåve å fremje forsking og utvikling innanfor opplæring i framandspråk.
I 2006 blei det innleia ein dialog for å greie ut om det lèt seg gjere å opprette eit nytt Europarådssenter i Noreg vigd etterutdanning for lærarar, med arbeidstittelen European Resource Centre for Education for Democratic Citizenship and Intercultural Education . Diskusjonane om senteret eventuelt skal opprettast vil halde fram i 2007.
Fotnotar
I 2006 Higher education governance between democratic culture, academic aspirations and market forces og The Heritage of European Universities, 2nd ed.