St.meld. nr. 29 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Til innhaldsliste

2 Talen av utanriksminister Jonas Gahr Støre til det 116. ministermøtet i Strasbourg 19. mai 2006

President,

Noreg er svært engasjert i europeisk samarbeid og i Europarådet.

Vi kom fram til mange viktige konklusjonar på toppmøtet i Warszawa. No bør vi først og fremst fokusere på ei grundig oppfølging av handlingsplanen.

Eg vil gjerne få skissere kva Noreg meiner er dei fem viktigaste utfordringane for rådet.

For det første må vi handle no for å konsolidere og styrkje det europeiske systemet som vernar om menneskerettane og Menneskerettsdomstolen.

Med meir enn 80 000 saker å handtere og ein restansebunke som stadig veks, står domstolen overfor alvorlege problem om han skal kunne garantere for vernet av menneskerettane.

Noreg seier seg glad for alle tiltak som domstolen sjølv treffer for bli meir effektiv og for å leggje til rette for at protokoll 14 i Menneskerettskonvensjonen skal tre i kraft. Vi ber dei medlemsstatane som enno ikkje har ratifisert protokoll 14, om å gjere dette snarast. Det vi bør prioritere høgast, er å syte for at domstolen er berekraftig.

Eg seier meg glad for den førebels rapporten frå vismannsgruppa, og eg ser fram til den endelege rapporten frå dei. Som rapporten påpeiker, må det setjast i verk viktige tiltak i medlemsstatane både for å hindre og rette opp brot på menneskerettane.

Noreg kjem med framlegg om at det blir oppretta eit fond (Trust Fund) for å støtte nasjonale forsøk på å gjennomføre Menneskerettskonvensjonen. Vi føreslår at Europarådets utviklingsbank forvaltar fondet og utviklar det i samarbeid med sekretariatet. Vi vil gjerne samrå oss med alle interesserte partar om å utvikle dette framlegget vidare.

For det andre er eg ein sterk tilhengar av eit nærare samarbeid mellom Europarådet og EU.

Eg er svært glad for rapporten frå statsminister Juncker om det framtidige sambandet mellom dei to organisasjonane, og eg deler visjonen hans og konseptet om ein partnarskap mellom dei to. Programerklæringa vil vere eit verdfullt verktøy for å unngå dobbeltarbeid og for å skape synergieffektar. Ved å oppmode om felles program og ein sterkare politisk dialog vil ein bidra til å sikre eit einsarta sett med menneskerettsstandardar i Europa.

For det tredje har Noreg òg ein visjon om eit regionanes Europa.

Mange av dei utfordringane – men òg sjansane – vi møter i globaliseringa si tidsalder, finn vi i nærmiljøet. Difor vil mange av løysingane vere å finne på dette planet òg.

Eg set pris på framlegget om å opprette eit senter for interregionalt samarbeid og samarbeid over landegrensene i St. Petersburg i regi av Europarådet, og eg oppmodar alle medlemsstatane om å støtte opp om dette initiativet.

For det fjerde driv Europarådet eit viktig arbeid for å oppmode til dialog mellom kulturar.

I mine auge er program og politikk som fokusere på unge og utdanning særleg viktig for å kunne byggje eit meir inkluderande Europa.

Noreg oppmodar til å auke samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar som OSSE, EU og FN for å fremje toleranse gjennom samtalar og forståing og ved å vere inkluderande.

Og heilt til sist, president, er den administrative og budsjettmessige reformprosessen framleis eit prioritert område som det hastar å gjere noko med.

Eg oppmodar sekretariatet om å vere særleg merksam på initiativ som vil fremje effektiviteten og samanhengen i organisasjonen. Eit tak på dei samla personalutgiftene er eit eigna tiltak. Land som er i ei slik stilling at dei kan, bør dekkje utgiftene når deira nasjonale ekspertar deltek på møter i Strasbourg.

Dersom vi skal styrkje den stillinga Europarådet har, må vi konsentrere oss om våre kjernemål – det å sikre menneskerettane, demokratiet og dei rettsstatlege prinsippa for alle europeiske borgarar.

Stor takk til Dykk, president, og til teamet Dykkar for den innsatsen De har lagt for dagen og den leiinga De har utøvd i heile den rumenske formannskapsperioden. Eg vil òg få ønskje den påtroppande russiske formannskapen alt godt og forsikre den russiske kollegaen min om at Noreg ser fram til å samarbeide nært med Russland òg i denne viktige funksjonen.

Takk for merksemda, president.

Til forsida