A-44/2008 Statlege rettleiande retningsliner for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald
Rundskriv | Dato: 22.12.2008 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Nr: A-44/2008
Landets kommuner
|
| |
Nr. |
Vår ref |
Dato |
Sosial- og helsedepartementet ga 13. februar 2001 rettleiande retningsliner for utmåling av stønad til livsopphald etter sosialtenestelova. Det vert vist til rundskriv I-34/2001, der dei rettleiande retningslinene er omtala. Dei rettleiande retningslinene blei prisjustert i 2002, 2004, 2006, 2007 og 2008. Satsane for barn sitt livsopphald blei i 2002 heva utover prisstigninga. Vidare blei alle satsane heva i 2007 med 5 prosent utover prisstigninga.
Satsane i dei rettleiande retningslinene vert i 2009 prisjustert i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for 2009 (3 pst.), i tillegg vert satsane auka med 5 prosent utover denne prisstigninga. Dei rettleiande retningslinene er fastsett med følgjande satsar per månad frå 1. januar 2009 (satsar gjeldande frå 1. januar 2008 i parentes):
Einsleg |
kr. 5 105 |
(kr. 4 720) |
Ektepar/sambuarar |
kr. 8 479 |
(kr. 7 840) |
Person i bufellesskap |
kr. 4 240 |
(kr. 3 920) |
Barn 0-5 år |
kr. 1 947 |
(kr. 1 800) |
Barn 6-10 år |
kr. 2 585 |
(kr. 2 390) |
Barn 11-17 år |
kr. 3 245 |
(kr. 3 000) |
Dei rettleiande retningslinene omfattar utgifter til det fortløpande, daglege livsopphaldet; mat og drikke, klede og sko, hushaldningsartiklar og hygiene med meir, TV-lisens, avis og telefon, fritidsaktivitetar, fritidsutstyr til barn og reiseutgifter (bruk av offentleg kommunikasjon i samband med daglege gjeremål). Jf. rundskriv I-34/2001 punkt 5.1.5.1.
Buutgifter, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i kjerneområdet i livsopphaldet, jf. rundskriv I-34/2001 punkt 5.1.4.1, men er ikkje inkludert i utrekningsgrunnlaget for dei rettleiande retningslinene. Spørsmålet om stønad til dekning av denne typen utgifter må vurderast særskilt i kvart enkelt tilfelle. Dette gjeld og dersom stønad vert utmålt på grunnlag av dei rettleiande retningslinene.
Utgifter som i rundskriv I-34/2001 punkt 5.1.4.2 er definert som spesielle utgifter er ikkje inkludert i utrekningsgrunnlaget for dei rettleiande retningslinene. Dette gjeld utgifter i samband med høgtids- og merkedagar, fritidsutstyr, spedbarnsutstyr, barnepass, skulestart, vidaregåande opplæring, utgifter knytt til samvær med born, lege, psykolog mv., legemidlar, tannbehandling, syns- og høyrselshjelpemidlar mv., flytteutgifter, vedlikehald av egen bustad, bilhald og elles særlege behov. Dette er utgifter som avhengig av den konkrete situasjonen kan vere ein del av livsopphaldet, og i desse tilfella skal inngå i grunnlaget for utmåling av stønad. Det vert vist til kommentarar til dei ulike utgiftstypane i rundskriv I-34/2001.
Økonomisk stønad etter sosialtenestelova er ein skjønnsmessig yting, jf. lovas § 5-1 første ledd. Sosialtenesta har både rett og plikt til å utøve skjønn når den vurderar om det skal ytast stønad, og ved utmåling av stønaden. Satsane i dei rettleiande retningslinene må derfor sjåast på som eit rettleiande utgangspunkt for det skjønn som skal utøvast. Det vert vist til rundskriv I-34/2001 punkt 5.1.5.2 om forholdet mellom individuell behovsprøving, kommunale normer og statlege rettleiande retningsliner.
Med helsing
Ulf Pedersen (e.f.)
ekspedisjonssjef
Heidi R. Lohrmann
avdelingsdirektør