A-28/2007 Om lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.
Rundskriv | Dato: 04.07.2007 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Innhald
Innleiing
Rettleiande merknader til lova
1. Formålet med lova og saksområde
2. Val av organisering
3. Oppnemning, samansetjing og mandat
4. Plikter og rettar for medlemmane
5. Krav til sakshandsaming
6. Krav til drifta
Vedlegg
Innleiing
Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. vart vedteke av Stortinget 17. juni 2005. Etter denne lova skal alle kommunane og fylkeskommunane ha eit råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne. Lova trer i kraft 10. september 2007. Dette rundskrivet gjev rettleiing til denne lova. Rundskrivet avløyser rundskriv I-42/99 som bygde på at råd for menneske med nedsett funksjonsevne var ei frivillig ordning. Som korttittel på lova nyttar vi Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
Representasjonsordninga er viktig for å sikre god brukarmedverknad. Ordninga er difor òg viktig for lokaldemokratiet. Rådet kan være ein viktig ressurs for kommunane mellom anna når det gjelder utfordringar i samband med universell utforming. Gjennom eit godt fungerande råd kan ein sikra seg at verdifull erfaringskompetanse på ein systematisk måte blir spilt inn i planarbeidet i kommunen og medvirke til at val av løysingar blir så inkluderande som mogleg.
Kommunane og fylkeskommunane må ta stilling til kva slag ordning dei skal ha. Lova gjev kommunane og fylkeskommunane stor fridom, men krev at det skal vere ei formalisert ordning. Lova opnar òg for at det kan vere eit felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Departementet rår til at det til vanleg blir oppretta eit eige råd for menneske med nedsett funksjonsevne, men ser at praktiske og andre omsyn kan gjere felles råd eller andre ordningar aktuelle.
I rundskrivet er kortforma ”råd” nytta om alle typar ordningar med mindre det klårt går fram at ein berre tenkjer på råd.
Rundskrivet er meint å vere til hjelp for kommunane og fylkeskommunane og for dei som skal representere menneske med nedsett funksjonsevne.
Kommunestyret/fylkestinget skal vedta mandat for rådet og oppnemne leiar, nestleiar og medlemmer.
Forarbeida til lova er Ot.prp. nr. 87 (2004-2005) og Innst. O. nr. 114 (2004-2005). Lova inneheld også endringar i eldrerådslova. Desse endringane blei presiserte ved ei lovendring i juni 2007, jfr. Ot.prp. nr 44 (2006-2007) og Innst. O. nr. 76 (2006-2007). Den endelege lovteksta er tatt inn som vedlegg.
Rundskrivet inneheld dels orientering om kva for reglar som gjeld. Då er det nytta verb som ”skal” og ”må”. Dels er det anbefalingar. Då er det nytta ”bør” eller liknande. Og dels er det omtale av ulike løysingar som ein kan velje mellom. Då er det nytta ”kan” eller tilsvarande.
Rundskrivet er også lagt ut på departementet sine nettsider på www.regjeringa.no.
Til orientering nemner vi også at Deltasenteret, som er staten sitt kompetansesenter for deltaking og tilkomst for menneske med nedsett funksjonsevne, har gitt ut publikasjonen
”Gode råd er ikke dyre! Erfaringsbasert kunnskap om samarbeid mellom kommunale råd og kommuneorganisasjonen”.[1]
02.07.2007
Barbro A. Bakken (e.f.)
Ekspedisjonssjef
Stephan Mo
Avdelingsdirektør
Distribusjonsliste:
Kommunane
Fylkeskommunane
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonar
Organisasjonar for funksjonshemma med tilskott frå Sosial- og helsedirektoratet
Fylkesmennene
Rettleiande merknader til lova
1. Formålet med lova og saksområde
1.1. Formålet med lova
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne § 1
Etter §1 skal kommunane og fylkeskommunane sørgje for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Det kan vere viktig at partane diskuterer omgrepa som er nytta her, slik at ein er sams om kva rådet skal medvirke til.
1.1.1. ’Nedsett funksjonsevne’
Omgrepet ”nedsett funksjonsevne” er forklart slik i Ot.prp. nr. 87 (2004-2005), kap 14, merknad til § 1:
Nedsett funksjonsevne vil seie tap av eller skade på ein kroppsdel eller i ein av kroppsfunksjonane. Det kan til dømes dreie seg om nedsett rørsle-, syns- eller høyrslefunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av til dømes allergi, hjartesjukdommar, lungesjukdommar, nevrologiske sjukdommar eller psykiske lidingar. (Jf. St.meld. nr. 40 (2002–2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer , side 8.) Nedsett funksjonsevne treng ikkje resultere i avgrensingar når det gjeld samfunnsmessig deltaking dersom tilkomsten til barnehagar, utdanning, arbeid, transport, bygningar, bygd miljø, uteområde, informasjon og kommunikasjon, produkt, kultur og fritidstilbod, ferie, hjelpemiddel, helse- og sosialtenester osv. er god nok.
Lista over sjukdommar som kan gi nedsett funksjonsevne er ikkje uttømmande.
1.1.2. ’Medverknad’
”Medverknad” skal i hovudsak skje gjennom rådgiving og fråsegn. Medverknaden skal etter lova vere open, brei og tilgjengeleg.
Munnlege drøftingar med rådet kan vere føremålsteneleg under arbeidet med større saker, men rådet skal likevel inviterast til å gi skriftleg fråsegn når saka skal avgjerast.
For at medverknaden skal vere open, må kommunen/fylkeskommunen sikre at alle saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne, vert kjende for medlemma av rådet. Tilsvarande må dei råd og fråsegn rådet kjem med, på ein eigna måte gjerast kjent for dei som arbeider med den aktuelle saka i kommunen/fylkeskommunen. Det er eit krav i lova at fråsegn skal ligge ved saksdokumenta til det organ som endeleg avgjer saka. For at medverknaden skal bli reell, må alle sakspapir og saksopplysningar bli gitt i eigna form også for syns- og hørselshemma. Kommunen må derfor nytte tilgjengelege elektroniske løysingar og syte for døvetolk når det er naudsynt.
Befolkninga bør få kjennskap til dei fråsegn rådet kjem med gjennom egna offentliggjering av desse. Det bør mellom anna vurderast om kommunen og fylkeskommunen si eventuelle heimeside på Internett kan nyttast her. Publiseringa bør gjerast i god tid før vedtak fattast.
Omgrepet ”brei medverknad” må sjåast i høve til saksområdet for rådet.
1.2. Saksområde
1.2.1. Avgrensing
Rådet skal handsame saker som er særleg viktige for personar med nedsett funksjonsevne. I § 1 nemnast tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne, samt tenester for menneske med nedsett funksjonsevne som døme på saker som er særleg viktige.
Rådet skal medverke til at samfunnsskapte barrierar blir fjerna, at direkte og indirekte diskriminering blir motarbeidd innanfor heile det kommunale saksområdet, og at menneske med nedsett funksjonsevne får tilgang til dei kommunale tenestene og kommunal informasjon som er nødvendige for at dei skal fungere best mogleg. Rådet skal mellom anna kunne ta opp forhold innanfor plan- og bygningssektoren, samferdsel, barnehage, skule, kultur, idrett, friluftsliv, helse og pleie- og omsorgstenestene (Ot.prp. nr. 87 (2004-2005)). Informasjon og kontakt med publikum er viktig på alle områder. IKT-baserte løysingar blir ofte nytta. Difor er det viktig å medvirke til at desse er tilpassa brukarar med ulike funksjonsnedsettingar.
Rådet bør konsentrere seg om større og overgripande saker. Økonomiplan og årsbudsjett etter kap. 8 i kommunelova samt kommunal og fylkeskommunal planlegging etter kap. V og VI i plan-og bygningslova står sentralt. Vidare vil det vere naturleg at rådet tek del i arbeidet med planprogram og konsekvensutredningar etter plan- og bygningslova for å sikre at det vert teke omsyn til menneske med nedsett funksjonsevne, jf. §§ 16-2 og 33-1 i plan- og bygningslova.
Rådet kan etter lova ta opp saker av eige initiativ. Etter departementet sitt syn bør det vere stor fridom her.
Rådet skal ikkje behandle saker som gjeld einskildpersonar.
Det er ikkje tenkt at det skal leggjast forvaltningsoppgåver til rådet, slik som t.d. forvaltning av kommunale tilskot til lokale interesseorganisasjonar eller forvaltning av tilskot til særskilte tiltak for målgruppa. Departementet rår til at medverknaden i slike saker vert avgrensa til å innhente råd og synspunkt.
Saksområdet bør gå fram av mandatet for rådet. Sjå elles punkt 3.2 i dette rundskrivet.
1.2.2. Tilkomst [2]
Ein er berre ”funksjonshemma” dersom det er eit gap mellom miljøets/samfunnets krav til funksjonsevne og den funksjonsevna ein har.
Arbeid for å sikre universell utforming vil vere viktig for rådet. ”Universell utforming” inneber at tilkomst for menneske med redusert funksjonsevne i størst mulig grad blir løyst gjennom ordinære, generelle tiltak som ein naturleg del av produktdesign, arkitektur, planlegging og service (St. meld. nr. 40 (2002-2003)).
Handheving og praktisering av § 77 i plan- og bygningslova om utføring av byggearbeid og krav til produkt til byggverk og forskrifta til denne, er viktig for den fysiske tilkomsten. Det kan vere viktig at rådet blir tatt med på råd i slike saker.
1.2.3. Arbeid mot diskriminering
I § 1 nemnast arbeid mot diskriminering av menneske med nedsett funksjonsevne særskilt.
Både internasjonale konvensjonar og ulike norske lover har reglar som gjeld diskriminering av mellom andre menneske med nedsett funksjonsevne. Regjeringa arbeider for å styrkje diskrimineringsvernet for menneske med nedsett funksjonsevne.
Rådet bør kunne gje råd/fråsegn om korleis kommunane/fylkeskommunane sikrar vernet mot diskriminering og om tiltak/rutinar for å hindre at diskriminering skjer.
1.2.4. Tenester for menneske med nedsett funksjonsevne
Intensjonen med rådet er mellom anna å medvirke til at menneske med nedsett funksjonsevne får tilgang til dei kommunale tenestene som er naudsynte for at dei skal kunne fungere best mogleg. Det vil kunne gjelde både lovpålagde og ikkje-lovpålagde tenester. Rådet bør medvirke til å synleggjere dei behova ulike grupper med nedsett funksjonsevne har, og kva som er gode løysingar for desse.
2. Val av organisering
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 2, 3, 4, 8 og 10
Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd (eldrerådslova) §§ 4a og 8a
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) § 1
Representasjonsordninga vil vere eit forvaltningsorgan etter § 1 i forvaltningslova.
Etter lova vil det vere ulike alternativ å velje mellom:
- eit eige råd for menneske med nedsett funksjonsevne (§ 2)
- interkommunale representasjonsordningar/råd (§ 3)
- eit felles råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre (§ 4)
- andre representasjonsordningar (§ 2)
Departementet vil understreke at det er viktig at organisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne er med i prosessen om valet av ordning. Det bør leggjast avgjerande vekt på kva dei meiner. Ei løysing som organisasjonane ikkje vil medverke i, vil ikkje kunne oppfylle formålet med lova.
2.1. Eit eige råd
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 2 og 8
Normalt bør det vere eit eige råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette er i tråd med kva Sosialkomiteen gav utrykk for ved handsaming av lova, sjå Innst. O. nr. 114 (2004-2005). Komiteen la her mellom anna vekt på at dette gjev betre fokus på dei saker som gjeld menneske med nedsett funksjonsevne samanlikna med eit felles råd med dei eldre. Departementet viser òg til at medlemma av eit eige råd for menneske med nedsett funksjonsevne i alle høve må dekkje eit vidt og samansett saksområde. Omsynet til arbeidsmengde, kompetanse hos medlemma og storleiken på rådet tilseier eit eige råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
2.2. Råd i kommunar med kommunedelsutval
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 2 og 8
Departementet viser til at lova skal sikre brukarmedverknad i alle saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunane kan delegere nokre slike oppgåver til kommunedelsutval (bydelsutval). Då skal kvart kommunedelsutval oppnemne sitt eige råd. I tillegg skal det være eit sentralt råd for dei oppgåvene som kommunestyret (bystyret) har ansvaret for. Saker som blir handsama på begge nivå, bør ein eventuelt ta opp i både dei lokale råda og det sentrale rådet.
Dette rundskrivet og føresegnene i lova gjeld tilsvarande for kommunedelsråd som for kommunale råd. Heller ikkje kommunedelsråd skal behandle saker som gjeld einskildpersonar.
2.3. Interkommunale ordningar
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 3 og 8
Etter § 3 kan fleire kommunar vedta å opprette felles råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.
Dette kan særleg vere aktuelt for små kommunar som har få menneske med nedsett funksjonsevne. Ei interkommunal løysing vil gjere det lettare å finne brukarrepresentantar som kan representere ulike grupper menneske med nedsett funksjonsevne og sikre ei god bredde i kompetansen. Kvar einskild kommune bør ha sitt råd der det er mogeleg å få til.
Der regionråd eller liknande organ arbeider med viktige kommunale saker kan ein opprette råd for desse, slik at intensjonen om brei og open medverknad også blir ivaretatt i slikt interkommunalt arbeid.
2.4. Felles råd med eldre
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 4, 8 og 10
Eldrerådslova §§ 4a og 8a
Etter § 4 i lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne kan kommunane vedta å opprette felles råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre. Etter § 8 vil dette òg gjelde for fylkeskommunane. Eldrerådslova er endra for å sikre ei harmonisering av dei to lovene, jf. ny §§ 4a og 8a.
Skal ei representasjonsordning fungere godt, må ho ha legitimitet. Dersom menneske med nedsett funksjonsevne og eldre ikkje opplever å ha sterke nok felles interesser og dermed ikkje vil medverke til eit felles råd, så vil ikkje eit felles råd oppfylle formålet med lova. Departementet ser det som avgjerande for ordninga at både organisasjonane, etablerte frivillige råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldreråda vert høyrde før kommunane/fylkeskommunane tek stilling til kva for representasjonsordning dei skal ha.
Saksområdet for eit eventuelt felles råd vil vere saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne og alle saker som gjeld levekåra for eldre, jf. § 3 tredje leddet i eldrerådslova. Departementet viser til rundskriv I-26/98 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd[3] for omtale av saksområdet for eldreråda. Departementet meiner at felles råd berre bør veljast i særskilde høve.
2.5. Andre representasjonsordningar
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 2 og 8
I lova er det opna for at kommunane og fylkeskommunane kan velje andre representasjonsordningar enn råd. Det må vere ei formalisert ordning, jf. krav etter §§ 6 og 7 med mellom anna krav til mandat, reglar for saksbehandlinga osb. Ein må sikre at formålet med lova vert ivareteke. Ordninga må sikre at det i saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne, vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad, jamfør § 1.
Dersom ein kommune og organisasjonane for menneske med nedsett funksjonsevne skulle ynskje å ha ei anna ordning enn råd, er det altså mogleg. Men departementet vil understreke at hovudregelen er at kvar kommune skal ha eit kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
3. Oppnemning, samansetjing og mandat
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 4, 6 og 8
Eldrerådslova §§ 2, 4a og 6 og 8a
Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova) § 10 nr. 1
Forvaltningslova § 1
Etter § 6 i lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne vedtek kommunestyret mandat for og samansetjing av rådet. Etter § 8 i lova vil tilsvarande gjelde fylkestinget for fylkeskommunale råd. Dersom det er oppretta felles råd med eldre, vil merknadene òg gjelde §§ 2 og 6 i eldrerådslova.
Rådet vil vere eit kommunalt utval etter § 10 nr. 1 i kommunelova. Rådet vil vere eit forvaltningsorgan etter § 1 i forvaltningslova.
3.1. Oppnemning og samansetjing
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 6 og 8
Eldrerådslova §§ 2, 4a, 6 og 8a
Kommunelova §§ 10 nr. 3, 15 nr 2, 38 nr. 2
3.1.1. Formelle krav
Kommunestyret og fylkestinget vedtek som nemnt samansetninga av rådet, jf. §§ 6 og 8. Tilsvarande gjeld for felles råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre, jf. §§ 4a og 8a i eldrerådslova.
Kommunestyret/fylkestinget fastset sjølv talet på representantar. Departementet rår til at aktuelle organisasjonar i kommunen/fylket får høve til å uttale seg når talet på rådsmedlemmar skal fastsetjast. Det er ein føresetnad i kommunelova § 10 nr 3 at det og skal veljast varamedlemmer til rådet.
Etter § 6 gjeld ikkje reglane om forholdstalsval i §§ 36 og 37 i kommunelova ved val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne, og dei gjeld heller ikkje for felles råd, jf. §§ 2 og 6 i eldrerådslova. Etter § 38 nr. 2 i kommunelova skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent dersom det er fleire enn fire medlemmar.
Leiaren og nestleiaren for rådet skal etter § 6 i lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne oppnemnast av kommunestyret. Tilsvarande gjeld for fylkestinget for fylkeskommunale råd, jf. § 8. Dette vil òg gjelde for felles råd med eldre.
Oppnemninga av medlemmar skal gjelde for valperioden. Medlem av rådet kan søkje om fritak frå vervet før funksjonstida er ute når vedkommande ikkje “uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet”, jf kommunelova § 15 nr. 2. Dårleg eller svak helse er eit døme på kva som kan vere fritaksgrunn.
3.1.2. Kven kan foreslå medlemmar?
Kommunestyret/fylkestinget bør leggje stor vekt på å sikre god representasjon. Det er stor skilnad i dei utfordringar og vanskar menneske med ulike typar og grader av sansetap, motoriske vanskar, psykiske lidingar, psykisk utviklingshemming og andre slag nedsett funksjonsevne møter i samfunnet. Brukarrepresentantane i rådet bør så langt som mogleg vere representative for kommunen sine innbyggarar med nedsett funksjonsevne.
Mange stader er det gode erfaringar med råd som er samansett av representantar både frå kommunestyret/fylkestinget, administrasjonen og funksjonshemma sine organisasjonar.
Sentrale politikarar vil som rådsmedlemmar kunne styrke rådet si innverknad.
At representantar for kommuneadministrasjonen deltar i rådet, kan gi høve til fruktbare drøftingar mellom brukarrepresentantar, politikare og administrasjonen. Men ordninga er vanskeleg i høve til fråsegna i kommunelova om inhabilitet. I kommunelova § 40 nr. 3 bokstav b står det at
”Kommunalt og fylkeskommunalt ansatte som i denne egenskap har medvirket ved tilretteleggelsen av grunnlaget for en avgjørelse, eller ved tidligere avgjørelse i samme sak, skal alltid anses som inhabile når saken behandles i folkevalgt organ. Ved behandling av årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan og fylkesplan gjelder ikke første punktum.”
Rådsmedlemmar som er tilsette i kommuneadministrasjonen og som arbeider innan saksområde som er sentrale for rådet, vil difor ofte kunne bli inhabile. Dess meir sentrale dei er for rådet sine oppgåver, jo oftare vil dei være inhabile.
Departementet vil difor ikkje råde til at representantar for kommuneadministrasjonen blir oppnemnte som rådsmedlemmar. Drøfting av saker og kontakt og samarbeid elles bør heller skje i samband med administrasjonens ansvar for saksførebuing og informasjon til rådet.
Ved oppnemning av representantar for menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen, skal organisasjonane deira ha forslagsrett. På landbasis er det meir enn hundre organisasjonar for funksjonshemma. Desse har no to paraplyorganisasjonar: Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) med 67 medlemsorganisasjonar og om lag 300.000 enkeltmedlemar, og Samarbeidsforumet av funksjonhemmedes organisasjoner (SAFO) med 4 medlemsorganisasjonar[4] og om lag 34 000 enkeltmedlemmar. Organisasjonsforholda lokalt bør avgjere om det skal innhentast forslag frå paraplyorganisasjonane eller frå enkeltorganisasjonane.
Der organisasjonane har få eller ingen lokale lag, kan ein eventuelt vende seg til FFO og SAFO på regionalt nivå for å få råd om personar i kommunen som kan veljast til rådet.
Er det felles råd med eldre, vil òg pensjonistforeiningar ha rett til å kome med framlegg om medlemmer, jf. § 2 i eldrerådslova. Fylkespensjonistforeiningar har tilsvarande rett etter § 6 i denne lova når det gjeld oppnemning til felles råd i fylkeskommunen. Sjå elles rundskriv om eldreråd for utdjuping her. I dette rundskrivet er det òg gitt ei tolking av kven som kan sitje i eldrerådet.
§ 6 i lova om råd for menneske med nedsett funksjonsevne seier ikkje noko om kven som skal ha fleirtal i rådet. Kommunen/fylkeskommunen må ta stilling til dette. Etter §§ 2 og 6 i eldrerådslova, skal fleirtalet av rådsmedlemmene vere alderspensjonistar i kommunen/fylkeskommunen. For felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne er det kommunestyret/ fylkestinget som avgjer sammensetinga.
3.2. Mandat
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 1, 2, 5, 6, 8
Eldrerådslova §§ 4a og 8a
Etter § 6 i Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal kommunestyret vedta mandat for rådet. Tilsvarande vil etter § 8 gjelde for fylkestinget.
Er det felles råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre, skal kommunestyret vedta mandat også for dette, jf. § 4a og § 8a i eldrerådslova.
Saksområdet til rådet bør gå fram av mandatet, men rådet skal likevel stå fritt til å kunne ta opp kva saker det ønskjer, jfr. pkt. 1.2.1 i dette rundskrivet. Det bør gå fram kva type saker kommunen/fylkeskommunen skal leggje fram for rådet. I mandatet kan ein eventuelt gje rom for at det kan avtalast nærmare mellom rådet og kommuneadministrasjonen kva saker rådet skal få til be-handling. Departementet rår til at tilsvarande gjerast når det er kommunedelsutvalet som fastset mandatet, jf. § 2, og ved interkommunale råd.
Det bør vurderast å ta rutinar og rettleiingar for samhandlinga mellom rådet og kommunen/kommunane/kommunedelane/fylkeskommunen inn i mandatet, sjå punkt 5 om sakshandsaming.
Det bør gå fram av mandatet kven som er ansvarleg for sekretariatsfunksjonane for rådet og kva oppgåver sekretariatet skal ha.
Krav til møtebok og til årsmelding bør takast inn.
4. Plikter og rettar for medlemmane
Kommunelova kap. 7
Plikter og rettar for dei folkevalde er ikkje regulert i lova om råd for menneske med nedsett funksjonsevne, men pliktar og rettar for folkevalde i kap. 7 i kommunelova gjeld (sjå boks).
Kommunelova har ikkje føresegner om kommunens plikt til å legge til rette for folkevalde med nedsett funksjonsevne. Men det seier seg sjølv at skal folkevalde med nedsett funksjonsevne kunne fungere på linje med andre, må ein leggje forholda til rette for det. For eksempel må alle sakspapir og saksopplysningar vere tilgjengelege for både synshemma og hørselshemma. I praksis må dokument ligge føre i elektronisk format som blinde kan lese. Døve må ha døvetolk. Andre hørselshemma er avhengig av teleslynge eller andre hørselstekniske hjelpemiddel.
Når eit eller fleire rådsmedlemmer har behov for døvetolking må møtearrangør i samarbeid med desse medlemane sørgje for at det er døvetolk til stades på møta. Dette kan gjørast ved at kommunen tingar tolk til dei aktuelle møta (bør gjørast med ein gong møtetidspunkta er klåre, gjerne for eit heilt år framover) hos hjelpemiddelsentralen i fylket. Kommunane vil etter møtet få regning for dette. Det bør avklarast med dei aktuelle døvetolkbrukarane om dei har ynskje om ein spesiell tolk. Det er viktig at døvetolken blir avbestilt snarast mogleg dersom brukarane melder avbod til møtet.
Det kan også, i samarbeid med de aktuelle døvetolkbrukarane, tingast døvetolk i brukarens namn. Utgiftene vil da bli dekt over folketrygda som ein tolkehjelp til dagleglivets gjeremål.
For nokre medlemar kan det være naudsynt med spesialtransport til møte i rådet og andre møte i samband med rådsarbeidet. Dersom dette ikkje kan dekkast av TT-ordninga, må kommunen syte for transport på anna måte.
Det er vanleg at kommunen gir tilbod om opplæring for folkevalde. Departementet vil rå til at også dei som blir medlemmar av råd for menneske med nedsett funksjonsevne får høve til å delta i slik opplæring, slik at dei får eit best mogleg grunnlag for å gjere ein god jobb for kommunen.
Kommunelova kap. 7. De folkevalgtes rettigheter og plikter.§ 40. Rett og plikt til å delta i møter i kommunale og fylkeskommunale organ. Inhabilitet. Rett til dokumentinnsyn. 1. Den som er valgt som medlem av kommunalt eller fylkeskommunalt folkevalgt organ, plikter å delta i organets møter, med mindre det foreligger gyldig forfall. Arbeidstaker har krav på fri fra arbeid i det omfang dette er nødvendig på grunn av møteplikt i kommunale eller fylkeskommunale folkevalgte organer. Arbeidstaker har også rett til permisjon fra sitt arbeid i fire år eller for resten av valgperioden for å utføre heltids- eller deltids kommunalt eller fylkeskommunalt verv. 2. Medlem som er til stede i et kommunalt eller fylkeskommunalt folkevalgt organ når en sak tas opp til avstemning, plikter å avgi stemme. Ved valg og ansettelse er det adgang til å stemme blankt. 3. Om inhabilitet gjelder reglene i forvaltningsloven kap. II, med følgende særregler: a. Inhabilitet inntrer ikke ved valg til offentlige tillitsverv eller ved fastsetting av godtgjøring o.l. for slike verv. b. Kommunalt og fylkeskommunalt ansatte som i denne egenskap har medvirket ved tilretteleggelsen av grunnlaget for en avgjørelse, eller ved tidligere avgjørelse i samme sak, skal alltid anses som inhabile når saken behandles i folkevalgt organ. Ved behandling av årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan og fylkesplan gjelder ikke første punktum. c. Ved behandling av klager etter forvaltningsloven § 28 andre ledd er ansatte eller folkevalgte som var med på å treffe det påklagede vedtak, eller som medvirket ved tilretteleggelsen av grunnlaget for dette, inhabile ved klageinstansens behandling av saken og ved tilretteleggelsen av saken for klageinstansen. Er en overordnet ansatt inhabil i en sak, kan direkte underordnet ansatt ikke delta ved klageinstansens behandling av saken, eller ved tilretteleggelsen av saken for klageinstansen. 4. Vedkommende organ kan frita et medlem fra å delta ved behandlingen av en sak når han eller hun ber om det før saken tas opp til behandling, og vektige personlige grunner tilsier dette. 5. Kommunestyret og fylkestinget skal selv fastsette et reglement for de folkevalgtes rett til innsyn i saksdokumenter og til informasjon om saker som er under behandling. § 41. Dekning av utgifter og økonomisk tap. 1. Den som har et kommunalt eller fylkeskommunalt tillitsverv, har krav på skyss-, kost- og overnattingsgodtgjøring for reiser i forbindelse med vervet, etter nærmere regler fastsatt av kommunestyret eller fylkestinget selv. 2. Tap av inntekt og påførte utgifter som følge av kommunalt eller fylkeskommunalt tillitsverv erstattes opp til et visst beløp pr. dag, fastsatt av kommunestyret eller fylkestinget selv. Det skal fastsettes ulike satser for legitimerte og ulegitimerte tap. § 42. Arbeidsgodtgjøring. Den som har et kommunalt eller fylkeskommunalt tillitsverv, har krav på godtgjøring for sitt arbeid etter nærmere regler fastsatt av kommunestyret eller fylkestinget selv. |
5. Krav til sakshandsaming
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 5, 7 og 8
Eldrerådslova §§ 3, 4, 7 og 8 Kommunelova § 59
5.1. Framlegging av saker og formidling av fråsegn
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne § 5 Kommunelova § 59
Etter § 5 i Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal saker som er nemnde i § 1 i lova leggjast fram for rådet i god tid før dei skal avgjerast. Rådet kan også sjølv ta opp saker. Dei ulike kommunale/fylkeskommunale verksemder må gjerast kjende med den plikta kommunen/ fylkeskommunen har.
Departementet rår som nemnt til at kommunestyret/kommunedelsutvalet/fylkestinget tydeleggjer saksområdet for rådet i mandatet og kva type saker kommunen/fylkeskommunen skal legge fram, evt. lagar retningsliner for dette. Som nemnt rår departementet òg til at det vert tatt inn retningsliner for samhandlinga mellom rådet og kommunen/fylkeskommunen.
Etter § 5 første ledd kan rådet sjølv ta opp saker. Departementet rår til at rådet blir gitt stor fridom her.
Retningslinene for samhandling bør gjelde saker som kommunen/fylkeskommunen skal leggje fram og saker som rådet tek opp av eige initiativ. Retningslinene må sikre at alle aktuelle saker vert lagde fram for rådet i god tid. Motsvarande bør dei sikre at råd/føresegner frå rådet vert formidla til rett tid til rett instans. Det bør vurderast om det trengst eigne rutinar og rettleiingar for samhandling på visse saksområde eller for visse typar saker.
Det er erfaring for at brukarmedverknaden ofte kjem inn for seint i vedtaksprosessar. Skal medverknaden verte god, bør den som medverkar kome inn i prosessen når det føreligg alternative måtar å gå vidare på. Det vil kunne variere om det vil vere medan tiltak er under planlegging, under arbeid eller først når eit tiltak er ferdig utgreidd og det skal fattast vedtak.
Dei som er valde inn i rådet sit der i kraft av eigen kompetanse og interesse. Dei vil kunne trenge å trekke på andre sin kompetanse før dei kjem med råd/fråsegn i konkrete saker. Det må takast omsyn til dette når ein skal vurdere kva som vil vere ”i god tid”.
Etter § 5 andre ledd skal fråsegna frå rådet liggje ved saksdokumenta til det kommunale organet som endeleg avgjer saka. Det vil vere ein feil i sakshandsaminga om dette ikkje vert gjort. Ein slik sakshandsamingsfeil vil etter ei konkret vurdering kunne føre til at vedtaket i nokre tilfelle vert kjend ugyldig. Etter § 59 i kommunelova kan tre eller fleire medlemmar av kommunestyret eller fylkestinget saman bringe avgjerder som er treft av folkevald organ eller den kommunale eller fylkeskommunale administrasjon inn for departementet til kontroll av om avgjerda er lovleg.
Ved interkommunale råd må den einskilde kommune som har gått med om ei slik løysing utarbeide gode rutinar for heile kommunen sitt ansvarsområde, som sikrar at alle aktuelle saker vert lagde fram for det interkommunale rådet.
5.2. Krav etter anna lovgiving
Kommunen/fylkeskommunen bør medverke til at medlemmene er kjende med sentrale delar av lover og regelverk som er viktige for utøvinga av verksemda i rådet. Det gjeld kommunelova, forvaltningslova, lova om offentligheit, plan- og bygningslova og lovgiving om diskriminering. Desse omtalast nærare her. Andre viktige lovar er m.a. opplæringslova, sosialtenestelova, kommunehelsetenestelova og miljøinformasjonslova. Representantane bør kunne ta del i folkevaldopplæringa.
5.2.1. Kommunelova
Reglane for sakshandsaming i kommunelova gjeld verksemda i råda så langt ikkje anna går fram av lova om råd for menneske med nedsett funksjonsevne, jf kommunelova § 2. Tilsvarande gjeld om det er felles råd med eldre.
Viktig for verksemda er særleg reglane i kommunelova kap 6 om saksbehandlingsreglar i folkevalde organ og reglane i kap 7 om rettar og plikter for dei folkevalde.
Det visast til at kommunestyret og fylkestinget etter § 39 i kommunelova sjølv fastset nærmare reglar for saksbehandlinga i folkevalde organ ved reglement.
Kommunelova kap. 6. Saksbehandlingsregler i folkevalgte organer.§ 31. Åpne eller lukkede møter. 1. Møter i folkevalgte organer skal holdes for åpne dører hvis ikke annet følger av lovbestemt taushetsplikt eller vedtak etter denne paragraf. 2. Møteleder skal på anmodning gi tillatelse til at forhandlingene i åpne møter tas opp på lydbånd, video, e.l., eller kringkastes over radio eller fjernsyn, såfremt dette ikke virker forstyrrende på gjennomføringen av møtet. 3. Et folkevalgt organ kan vedta å behandle en sak for lukkede dører hvor hensynet til personvern eller andre tungtveiende private eller offentlige interesser tilsier dette. Debatt om dette foregår for lukkede dører hvis møteleder krever det eller vedkommende organ vedtar det. Personalsaker skal alltid behandles for lukkede dører. 4. Kommunestyret og fylkestinget selv kan av hensyn til personvern gi bestemmelser om at møtene i andre organer eller i visse sakstyper i andre organer skal holdes for lukkede dører. 5. Kommunestyret og fylkestinget selv kan også ellers, når det er nødvendig på grunn av et bestemt angitt forhold ved den særskilte sak eller sakstype, bestemme at møtene i andre organer eller i visse sakstyper i andre organer skal holdes for lukkede dører, når organet ikke selv skal treffe vedtak i saken. 6. Møte i kommuneråd og fylkesråd holdes for lukkede dører, hvis ikke rådet selv bestemmer noe annet og paragrafen her ikke er til hinder for det. § 32. Fastsetting av møter. Saksliste. Innkalling. Møteledelse. 1. Møte i folkevalgte organer skal holdes på de tidspunkter som er vedtatt av organet selv, kommunestyret eller fylkestinget, og ellers når organets leder finner det påkrevd eller minst 1/3 av medlemmene krever det. 2. Lederen av folkevalgt organ setter opp sakliste for det enkelte møte. Innkalling til møtet skal sendes organets medlemmer med høvelig varsel, og skal inneholde en oversikt over de saker som skal behandles. 3. Saklisten til møtet og andre dokumenter som ikke er unntatt fra offentlighet, skal være tilgjengelig for allmennheten. Møte som skal holdes for åpne dører, skal gjøres kjent på hensiktsmessig måte. 4. Møte i folkevalgte organer ledes av organets leder eller nestleder. Har begge forfall, velges en særskilt møteleder ved flertallsvalg. § 33. Vedtaksførhet. Et folkevalgt organ kan bare treffe vedtak hvis minst halvparten av medlemmene har vært til stede under forhandlingene og avgitt stemme i vedkommende sak. § 34. Endring av sakliste. Forespørsler. 1. Folkevalgt organ kan med alminnelig flertall vedta å utsette realitetsbehandlingen av en sak på den utsendte saklisten. Det kan også treffe vedtak i sak som ikke er oppført på saklisten, hvis ikke møteleder eller 1/3 av de møtende medlemmene motsetter seg dette. 2. Ethvert medlem kan rette forespørsler til lederen i møtet, også om saker som ikke står på saklisten. § 35. Avstemninger. 1. Vedtak treffes med alminnelig flertall av de stemmer som avgis, hvis ikke annet følger av denne lov. Ved stemmelikhet i andre saker enn valg er møteleders stemme avgjørende. …. 3. Valg av leder og nestleder for folkevalgte organer holdes som flertallsvalg. 4. Valg av medlemmer av nemnder holdes som forholdsvalg når minst ett medlem krever det, og ellers som flertallsvalg. 5. Ved valg og ansettelse kan hvert enkelt medlem kreve skriftlig avstemning. § 39. Reglement. Arkiv. 1. Kommunestyret og fylkestinget fastsetter selv ved reglement nærmere regler for saksbehandlingen i folkevalgte organer. 2. Departementet kan gi forskrifter om behandling, bevaring, ordning av og tilsyn med kommunens og fylkeskommunens arkiver. |
5.2.2. Forvaltningslova
Det visast til at rådet ikkje skal handsame einskildsaker som gjeld personar. Av reglane i forvaltningslova vil det særleg vere fråsegnene i kap. 2 om ugilde som er aktuelle for medlemma av rådet ved handsaming av saker, med dei særreglane som følgjer av § 40 nr. 3 i kommunelova.
5.2.3. Offentleglova
Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) skal etter planen tre i kraft
01.01.08. Formålet med lova er mellom anna å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig. Lova regulerer retten til innsyn. Inntil denne lova trer i kraft, er det lov om offentligheit i forvaltninga (offentligheitslova) som gjeld.
5.2.4. Lovgiving om diskriminering
Både internasjonale konvensjonar og ulike norske lover har reglar som gjeld diskriminering av mellom anna menneske med nedsett funksjonsevne. Mellom anna har arbeidsmiljølova eit eige kapittel med vern mot diskriminering (kap. 13).
Departementet arbeider med ei eige lov mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne. Siktemålet er å leggje fram eit lovforslag ved årsskiftet 2007-2008.Lovforslaget vil også omfatte fråsegner om krav til tilkomst og universell utforming.
5.2.5. Plan- og bygningslova
Kommunen og fylkeskommunen bør på eigna måte trekkje inn rådet i arbeidet med kommunal og fylkeskommunal planlegging etter plan- og bygningslova, jf. plan- og bygningslova § 16-1 Samråd, offentlighet og informasjon der det bl.a. står at ”Berørte enkeltpersoner og grupper skal gis anledning til å delta aktivt i planprosessen”. Kommunen/fylkeskommunen bør vurdere korleis dette best kan gjerast når dei organiserer kommuneplanarbeidet etter § 20-2 og fylkesplanarbeidet etter §19-3.
Plan – og bygningslova § 20-2. Organisering av kommuneplanarbeidetKommunen organiserer kommuneplanarbeidet i samsvar med reglene i §§ 9-1, 9-2 og 9-3. Den oppretter de utvalg og treffer de tiltak som synes nødvendig for samordning, samarbeid og samråd etter § 16-1. Fylkeskommunen skal så langt det er mulig gi kommunen planfaglig hjelp og rettledning. |
Plan – og bygningslova § 19-3. Organisering av fylkesplanarbeidetFylkeskommunen organiserer fylkesplanarbeidet i samsvar med reglene i §§ 12-1, 12-2 og 12-3. Den oppretter de utvalg og treffer de tiltak som finnes nødvendig for samordning, samarbeid og samråd etter § 16-1, og sørger for at utkast til fylkesplan, herunder fornying og endring av planen, blir fremmet i rett tid. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at statlige organer oppfyller sin plikt til å yte bistand, jfr. § 12-3. |
6. Krav til drifta
6.1. Sekretariat
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 7, 8
Føresegna i § 7 om administrative funksjonar gjeld tilsvarande for fylkeskommunen, jf. § 8.
Det er mest naturleg at sekretariatet for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen leggjast til rådmannskontoret. Tilsvarande tilråding er gitt for eldrerådet. Det er i alle høve naturleg at sekretariata ligg same stad.
Sekretariatet må medvirke til at alle saker som skal handsamast i rådet kjem dit i god tid. For at blinde og synshemma skal kunne lese dokumenta, må dei liggje føre i egna elektronisk form. Sekretariatet bør òg føre møteboka.
Kommunen/fylkeskommunen bør utarbeide rutinar for sekretariatet si formidling av råd og fråsegner.
Sekretariatet er ein del av den samla kommunale/fylkeskommunale administrasjon og er underlagt administrasjonssjefen innanfor dei rammer kommunestyret/fylkestinget fastset, jf. kommunelova § 23 nr. 1.
6.2. Møtebok
Kommunelova § 30 nr. 3
Det skal førast møtebok over saker som er behandla av rådet etter regler fastsett av kommunestyret/fylkestinget.
Kommunelova § 30. Møteprinsippet.… |
6.3. Budsjett
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 7, 8
Det er ein føresetnad etter lova at kommunestyret/fylkestinget skal løyve dei naudsynte midla til å dekkje drifta i rådet. Løyvinga skal omfatte midlar til sekretariatsfunksjonen, arbeidsgodtgjersle og tap av inntekt/påførte utgifter (jf kommunelova § 42) samt naudsynte utgifter til skyss, kost og overnatting etter dei satsar kommunestyret/fylkestinget har vedteke (jf. kommunelova § 41). I tillegg bør kommunen/fylkeskommunen vurdere å opne for at rådet har ressursar til å kunne halde eigne møter/konferansar for drøfting av aktuelle saker med eksterne deltakarar. Det kan òg vere ønskjeleg at medlemmene kan delta i eksterne seminar/konferansar.
Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret/fylkestinget vedtek budsjett.
Innan dei rammene kommunelova og budsjett- og rekneskapsforskriftene set, har kommunestyret/fylkestinget høve til å delegere budsjettmyndigheit til rådet. Det kan skje ved at rådet får ei rammeløyving å halde seg til eller ved ordinær delegasjon gjennom fullmakt.
6.4. Årsmelding
Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne §§ 7, 8
Rådet skal leggje fram melding om verksemda kvart år. Denne skal leggjast fram for kommunestyret/fylkestinget, jf. §§ 7 og 8.Meldinga bør mellom anna omtale kven som har vore representantar, dei saker som er handsama, dei råd og føresegner som er gitt og eigne initiativ.
Rapporten kan gjerne innehalde ei vurdering av den påverknadskrafta rådet har hatt. Kommunestyret/fylkestinget bør behandle meldinga som ei eiga sak.
Vedlegg
Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.
§ 1. Kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne.
§ 2. Kommunane skal for det formålet som er nemnt i § 1, opprette råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.
I kommunar der viktige oppgåver for menneske med nedsett funksjonsevne er lagde til kommunedelsutval, gjeld føresegnene i denne lova tilsvarande for desse.
§ 3. Fleire kommunar kan vedta å opprette felles råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.
§ 4. Kommunane kan vedta å opprette felles råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre.
§ 5. Der det blir oppretta råd som nemnt i §§ 2 til 4, skal saker som er nemnde i § 1, leggjast fram for rådet i god tid før dei skal avgjerast. Rådet kan også sjølv ta opp saker.
Fråsegna frå rådet skal liggje ved saksdokumenta til det kommunale organet som endeleg avgjer saka.
Første ledd gjeld tilsvarande for andre representasjonsordningar så langt det høver.
§ 6. Kommunestyra vedtek mandat for og samansetjing av råda. Reglane om forholdstalsval i §§ 36 og 37 i kommunelova gjeld ikkje ved val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Leiaren og nestleiaren for rådet blir oppnemnde av kommunestyret. Tilsvarande gjeld for eventuelle andre representasjonsordningar. Oppnemninga av medlemmer skal gjelde for valperioden. Ved oppnemning av representantar for menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen skal organisasjonane deira ha forslagsrett.
§ 7. Kommunane skal sørgje for at dei administrative funksjonane for råda blir tekne vare på. Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret opprettar sekretariat, vedtek budsjett og gir utfyllande reglar for saksbehandlinga i rådet. Reglane om utval i kommunelova gjeld tilsvarande så langt ikkje anna går fram av denne lova. Rådet skal kvart år leggje fram ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret. Tilsvarande gjeld for eventuelle andre representasjonsordningar.
§ 8. Føresegnene i §§ 2-7 gjeld tilsvarande for fylkeskommunane så langt dei høver.
§ 9. Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
§ 10. Frå det tidspunktet lova tek til å gjelde, blir desse endringane i lov 8. november 1991 nr. 76 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd gjort gjeldande:
I kapittel I skal ny § 4a lyde:
(Skiping av felles råd med menneske med nedsett funksjonsevne)
Kommunane kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunestyra vedtek mandatet for og samansetjinga av råda. Ved val av representantar for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne skal organisasjonane deira ha rett til å kome med framlegg. Leiaren og nestleiaren for rådet blir oppnemnde av kommunestyret. Elles gjeld reglane i denne lova og lov av om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. så langt dei høver.
I kapittel II skal ny § 8a lyde:
(Skiping av felles råd med menneske med nedsett funksjonsevne)
Fylkeskommunane kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Fylkestinga vedtek mandatet for og samansetjinga av råda. Ved val av representantar for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne skal organisasjonane deira ha rett til å kome med framlegg. Leiaren og nestleiaren for rådet blir oppnemnde av fylkestinga. Elles gjeld reglane i denne lova og lov av om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. så langt dei høver.
[1] Trykt utgåve kan tingast hos:Sosial- og helsedirektoratet, Trykksaksekspedisjonen, e-post: trykksak@shdir.no, Tlf. 24 16 33 68, Faks: 24 16 33 69, Publikasjonsnummer IS – 1451. Elektronisk utgåve: www.shdir.no/deltasenteret
[2] Bokmål: tilgjengelighet.
[3] http://www.regjeringen.no/nb/dep/aid/sok.html?id=86892&quicksearch=eldrer%c3%a5d. Rundskrivet vil bli ajourført.
[4] Landsforeningen Norges Døvblinde, Norges Blindeforbund, Norsk Forbund for Utviklingshemmede og Norges Handikapforbund.