Allmenn høyring - Forslag til forenklingar og endringar i regelverket om arbeidsmarknadstiltak

Arbeids- og sosialdepartementet sender med dette på allmenn høyring forslag til forenklingar og endringar i regelverket om arbeidsmarknadstiltak som følgjer opp forslaga i proposisjonen om endringar i arbeidsmarknadstiltaka.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 14.09.2015

Vår ref.: 15/2261

Regjeringa foreslo i meldingsdelen i Prop. 39 L (2014-2015) Endringer i arbeidsmiljøloven og sosialtjenesteloven, tiltak som kan inkludere fleire i ordinært arbeidsliv. Stortinget har i behandlinga av meldingsdelen slutta seg til forslaget til regjeringa, jf. Innst. 208 L (2014-2015). 

Arbeids- og sosialdepartementet sender med dette på allmenn høyring forslag til forenklingar og endringar i regelverket om arbeidsmarknadstiltak som følgjer opp forslaga i proposisjonen om endringar i arbeidsmarknadstiltaka. 

Ordningane som blir omfatta av dette høyringsnotatet er midlertidig og varig lønnstilskot, arbeidspraksis i ordinær og skjerma verksemd, tiltak i arbeidsmarknadsbedrift, varig tilrettelagt arbeid, samt tilretteleggingsordningane og tilretteleggings- og oppfølgingsordninga. 

Fleire av dei noverande arbeidsmarknadstiltaka blir ført vidare. For å sikre einsarta bruk av omgrep og lik struktur i oppbygginga av regelverket for det enkelte tiltaket, er det utarbeidt ei ny forskrift om arbeidsmarknadstiltak. 

Departementet foreslår bl.a. at det blir opna for midlertidig tilsetting i ordninga med midlertidig lønnstilskot. For å kunne innføre tilsvarande reglar for tilsettingar som blir omfatta av tenestemannslova, slik at det blir enklare å bruke lønnstilskot innanfor offentleg sektor, blir det gjort framlegg om at unnatak blir teke inn i forskrift til tenestemannslova 11. november 1983 nr. 1608. 

Frist for å sende inn høyringssvar er måndag 14. september 2015

Av omsyn til vidare arbeid med saka, vil det ikkje bli gitt utsett høyringsfrist. 

Les og svar på høyringa her: www.regjeringen.no/id2422655.

Høyringar er opne, og alle kan sende innspel. Vi ber om at høyringssvar blir sendt inn digitalt ved å bruke skjemaet for høyringssvar på regjeringa.no. 

Vi ber om at høyringsinstansane ved behov sørgjer for at høyringsbrevet blir sendt eventuelle underliggjande einingar, etatar, medlemsorganisasjonar mv. og at høyringsfråsegner frå desse blir vedlagt. 

Med helsing                                                                  

Ola Ribe (e.f.)

fung. ekspedisjonssjef

                                                                                          Odd Wålengen

                                                                                          avdelingsdirektør

 

Akademikerne

Alle departementene

Alle kommuner

Arbeids- og velferdsdirektoratet

Arbeidsgiverforeningen for vekst- og attføringsbedrifter (ASVL)

Arbeidsgiverforeningen Spekter

Attføringsbedriftene

Blå Kors

Celebral Parese foreningen

Fagforbundet

Fellesforbundet

Fellesorganisasjonen for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere

Forbundet for ledelse og teknikk

Frelsesarmeen

Frisknett AS

Frivillighet Norge

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon FFO

Fylkesmannsembetene

Helsedirektoratet

Hovedorganisasjonen Virke

Ideelt nettverk

Kirkens bymisjon

Kreftforeningen

Kriminalomsorgsdirektoratet

KS

KS Bedrift

Landsorganisasjonen i Norge LO

Landsrådet for arbeid til yrkeshemmede LAFY

Lederne

Mental Helse

Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming NAKU

NITO

Norges Blindeforbund

Norges Handikapforbund

Norsk Attføringsforum

Norsk forbund for utviklingshemmede

Norsk Tjenestemannslag NTL

NTL NAV

Næringslivets Hovedorganisasjon NHO

Podium AS

Rehabilitation International

Rehabiliteringssenteret AiR

Røde Kors

Rådet for psykisk helse

Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, SAFO

Sametinget

Senter for seniorpolitikk

Sivilombudsmannen

Statens helsetilsyn

Statsministerens kontor

Stiftelsen Fontene – Fontenehuset i Oslo

Trygderetten

Uføres Landsorganisasjon

Unge funksjonshemmede

UNIO

Velferdsalliansen

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund YS