Ås kommune - Motsegn til reguleringsplan for Nygård næringspark

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner endring av reguleringsplan for Nygård næringspark. Departementet har lagt avgjerande vekt på at det allereie er eit handelstilbod innafor same og liknande varegrupper i næringsparken, som det planen legg opp til.

Bakgrunn for saka
Kommunal- og distriktsdepartementet viser til oversending av saka frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken (no Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus) 28. april 2023. Saka er sendt departementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd, på grunn av uløyst motsegn frå Statens vegvesen og Nordre Follo kommune.

I gjeldande reguleringsplan for Nygård næringspark, vedtatt 10. oktober 2012 med endringar 14. februar 2013, er området i hovudsak regulert til kombinert formål og anlegg. I tråd med føresegnene til planen kan det oppførast bygg for industri og lager samt forretningar for plasskrevjande varer. I planføresegnene er plasskrevjande  varer definert som forretningar for biler, maskiner, byggevarer, hagesenter og liknande. I dag er Obs bygg, Plantasjen, Møbelringen, Jula og Maxbo etablert innanfor området.

Forslagsstillar Nygård Utvikling AS og Nygård Næringspark Nord AS har foreslått å presisere og utvide reguleringsføresegna § 3.1 om bygg for området som følger: «Innenfor området kan det oppføres bygg for industri og lager samt forretning for plasskrevende  varehandel. Med plasskrevende varehandel/ varegrupper menes: motorkjøretøy, landbruksmaskiner, trelast/byggevarer, planter/hageartikler, hvitevarer, brunevarer og møbler».

Kommunestyret vedtok endring av reguleringsplan for Nygård næringspark R-272 § 3.1 med motsegn i sak 117/22 14.12.2022. Området er i tidlegare kommuneplanens arealdel for 2015-2027 avsett til næring. I noverande kommuneplan 2022-2034, vedtatt 15.06.2022 med endringar 08.02.2023, er området avsett til arealformålet forretning og er kalla Nygård Næringspark BF1. Kommunestyret vedtok arealdelen med motsegn til mellom anna kommuneplanføresegna § 21.3. Føresegna § 21.3 lyder som følgjande: «I område BF1 tillates det i tillegg til det som er definert som plasskrevende varehandel, hvitevarer, brunevarer og møbler».

Statens vegvesen fremma motsegn til endring av reguleringsføresegna i brev av 26. januar 2022. Statens vegvesen meiner at å opne opp for varehandel med kvitevarer, brunevarer og møbler innanfor det aktuelle området vil være i strid med Regional plan for areal og transport i Oslo og Akershus som blei vedtatt i 2015. Den regionale planen utpeiker Ski og Ås sentrum som regionale byar og handelssenter. Statens vegvesen legg difor til grunn at vekst i detaljhandel som ikkje er av heilt lokal karakter skal leggjast til Ski og Ås sentrum.

Statens vegvesen viser vidare til si motsegn i brev av 13. januar 2022 til endring av kommuneplanen for Ås som gjer det mogeleg å utvide varehandel som vil være i direkte konkurranse med tilsvarande detaljvarehandel i Ski sentrum som regionalt handelssenter, og som vil føre til ein spreiing av handelsverksemda og bidra til auka bilbruk og klimagass­utslepp.

Nordre Follo kommune fremma motsegn til planforslaget etter vedtak i formannskapet 9. februar 2022. Motsegna er grunngjeve i at planforslaget ikkje er i tråd med regionale føringar og prinsipp for lokalisering. Handel med nye varegrupper i Nygård næringspark vil vere i direkte konkurranse med Ski som regional by og med Vinterbro handelspark. Kommunen er difor uroa for kva konsekvensar planføresegna vil ha for sentrumshandelen i Ski, og kommunen peiker på at Nygård næringspark som C-område med god tilknyting til hovudvegnett er strategisk viktig som område for industri, logistikk og lagerverksemd i regionen, og at desse areala difor bør prioriterast til slike formål.

Meklingsmøte blei halde 28. oktober 2022. Møtet omfatta både kommuneplan­føresegna § 21.3 som utvidar kva for varegrupper som kan tillatast innanfor Nygård næringspark og reguleringsføresegn § 3.1 om byggeformål for området. Kommunen og motsegns­myndigheitene blei ikkje samde om endringa av reguleringsplanen for Nygård næringspark.

Kommunestyret i Ås sluttbehandla reguleringsplanen i møte 14. desember 2022. Kommunen viser til at planområdet er regulert til plasskrevjande varer og at overordna regional plan for handel, service og senterstruktur ikkje er tydeleg på om varegruppene møblar og kvite- og brunevarer skal definerast som plasskrevjande  varer eller detaljhandel. Fylkesplan for handel, service og senterstruktur i Akershus har ikkje ein definisjon av plasskrevjande  varer. Kommunen forstår regional plan for handel, service og senterstruktur som at kommunane i større grad enn tidlegare kan definere omgrepet plasskrevjande  varehandel, og kommunen ønsker å utvide varegruppene som inngår i plasskrevjande varer i dette konkrete området, på grunnlag av en handelsanalyse.

Kommunen meiner det er feil at ei utviding av varegrupper vil medføre auka trafikk og bilbruk. Utvidinga er etter kommunen sin oppfatning i tråd med regionale føringar og prinsipp for lokalisering, og ikkje i strid med rikspolitiske føresegner og overordna føringar. Kommunen viser til at handelsanalysen og trafikkanalysen stadfester at handel på Nygård er gunstig, òg for møblar, kvitevarer og brunevarer fordi ein slik handel vil redusere transport­avstandar. Kommunen peiker på at det ikkje er eit alternativ for Ås å ha denne type bilbasert handel i sentrum. Plasskrevjande  varehandel skal lokaliserast der kor det er god bil­tilgjengelegheit, god trafikktryggleik og tilstrekkeleg kapasitet på vegane.

Statsforvaltaren har i oversending av saka tilrådd at motsegnene blir tatt til følgje.

Møte med synfaring blei halde 20. juni 2023. På møtet deltok representantar frå Ås kommune, Nordre Follo kommune, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Statens vegvesen, Viken (no Akershus) fylkeskommune, Samferdselsdepartementet, Vegdirektoratet, Klima- og miljø­departementet, Miljødirektoratet, Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Samferdselsdepartementet tilrår i fråsegn 10. juli 2023 å ta motsegna frå Statens vegvesen til følge, då planforslaget er i strid med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, Regional plan for samordna bustad-, areal- og transport­planlegging, og Regional plan for handel, service og senterstruktur.

Departementet viser til at regional plan peiker på at veksten i Folloregionen skal konsentrerast til Ski og Ås sentrum. Veksten skal skje innanfrå og ut frå desse sentra, fortrinnsvis innan ein radius på maksimalt 2 km frå sentrum og jernbanestasjonane. Den typen handel det leggjast opp til ved Nygårdskrysset er difor i strid med både statlege planretningslinjer og regionale planar. Departementet presiserer at Ski sentrum i dag har fleire verksemder innanfor den utvida definisjonen av plasskrevjande varer. Viss nokon av desse vel å flytte frå Ski sentrum til Nygård næringspark, vil det i tillegg til auka biltrafikk, føre til utarming av handelstilbodet i Ski sentrum. Departementet viser òg til at den delen av Follo kor Nygård næringspark ligger, er det mangel på areal til verksemder som treng store areal og som er avhengig av tyngre regional transport. Areala rundt motorvegkryss slik som ved Nygårdskrysset er godt eigna til slike formål, og bør difor prioriterast til dette.

Klima- og miljødepartementet tilrår i fråsegn 8. september 2023 å ta motsegna frå Statens vegvesen og Nordre Follo kommune til følge. Klima- og miljødepartementet meiner at reguleringsplanføresegna § 3.1 i reguleringsplan for Nygård næringspark er i strid med regional plan for areal og transport i Oslo og Akershus og føringar gitt i statlege planretnings­linjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Departementet viser til at dei statlege planretningslinjene vektlegg at detaljhandel og andre tettstadsfunksjonar lokaliserast slik at det fremmer bruk av kollektivtransport, sykkel og gonge. Departementet viser til at ei spreiing av handels­verksemd vil medføre auka bilbruk og ikkje støtter opp under måla i dei statlege planretnings­linjene.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering
Etter plan- og bygningsloven § 5-4 andre ledd kan statleg og regionalt organ fremme motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller som av andre grunner er av vesentleg betydning for vedkommande organs saksområde. Etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd avgjer Kommunal- og distriktsdepartementet om motsegna skal takast til følge. I denne saka skal departementet avgjere om Ås kommune sitt vedtak om endring av planføresegn § 3-1 til reguleringsplanen for Nygård næringspark skal godkjennast, eller om motsegna frå Statens vegvesen og Nordre Follo kommune skal takast til følge.

Statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn ved statleg, regional og kommunal planlegging. I tråd med retningslinjene bør handelsverksemd lokaliserast ut frå ei regional heilskapleg vurdering og være tilpassa eksisterande og planlagt senterstruktur og kollektivknutepunkt.

Formålet med Regional plan for handel, service og senterstruktur i Akershus er å styrke handels- og servicetilbodet i sentrum av byar og tettstader, og unngå ei utvikling som fører til unødvendig by- og tettstadsspreiing. Regional plan for areal og transport i Oslo og Akershus omtaler handel med plasskrevjande varer i forbindelse med arealkrevjande verksemder. Dette er verksemder med stort behov for areal og biltransport, lav tettheit av arbeidsplassar og få kundar og besøkande. Den regionale areal- og transportplanen peiker ut Ås og Ski som dei to regionale byane søraust for Oslo.

Det er viktig at kommunane legg prinsippa i dei regionale planane til grunn i si vurdering.  Departementet meiner at likevel at det i denne saka bør kunne opnast for sal av møblar og kvite- og brunevarar i Nygård næringspark. Departementet har lagt avgjerande vekt på at det i Nygård næringspark allereie er etablert handelstilbod i same eller liknande varegrupper, og at området difor synes egna for etablering av handel innafor møblar, kvitevarer og brunevarer.

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner etter dette reguleringsplanføresegna § 3-1 som tillét etablering av møbla, kvitevarer og brunevarer i Nygård næringspark. Motsegna frå Statens vegvesen og Nordre Follo kommune vert ikkje teke til følge.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Planområdet består i dag av hovudsakeleg flater med inngrep. Kunnskapsgrunnlaget vurderast som tilstrekkeleg, jf. naturmangfaldlova §§ 8 og 9. Ut frå eksisterande kunnskap er det ikkje nok som tilseier at inngrep vil ha vesentleg negativ verknad på økosystemet eller gjere vesentleg skade på naturmangfaldet. Planområdets karakter gjer at det ikkje er naudsynt med særskilte vurderingar etter naturmangfaldlova §§ 10-12.

Lovlegheitsklage
Ås kommune har vedtatt endring av reguleringsplanføresegna § 3-1 for Nygård næringspark med motsegn med den hensikt å opne for planendringar for same type handelsverksemd som det opnast for i kommuneplanføresegna § 21.3. Ved behandling av regulerings­planendringa blei det det fremma lovlegheitsklage på vedtaket (vedtak i sak 117/22) frå eit mindretal av representantar frå Rødt, SV og MDG, med grunnlag i forvaltningslova § 17 som seier at forvaltningsorganet skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før vedtak treffast. Grunngjevinga for lovlegheitsklagen var at handels- og trafikkanalysane ikkje vurderer konsekvensane for resterande handel i Follo, og at kvaliteten på desse rapportane ikkje blei vurdert av kommunedirektøren før politisk behandling. Det blei særleg peikt på at konsekvensane på anna handel i Follo ikkje var vurdert.

Problemstillinga som klagen gjeld har vært sentral i departementet si behandling av motsegnene knytt til kommuneplanføresegna § 21-3 og reguleringsplanføresegna § 3-1, som begge gjeld kva slags handel som skal tillatast i Nygård næringspark. Departementet meiner at temaet som er grunnlag for klagen er godt belyst i departementet si behandling av motsegnssakene, og at det ligg føre eit tilstrekkeleg grunnlag til å fatte endeleg etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd.

Vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd, godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet Ås kommunestyre sitt vedtak av 14. desember 2022 om endring av reguleringsføresegna § 3-1 i reguleringsplan for Nygård næringspark. 

Departementet sitt vedtak er endeleg, og kan ikkje klagast på. Kommunen er orientert om vedtaket gjennom kopi av dette brevet.

Med helsing  
Erling Sande

Kopi: 
Akershus fylkeskommune
Klima- og miljødepartementet
Miljødirektoratet
Nordre Follo kommune
Samferdsledepartementet
Statens vegvesen Vegdirektoratet
Ås kommune