Earth Hour - utfordring til kommunane
Brev | Dato: 15.03.2010 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og regionaldepartementet
Mottakar: Kommunane
Vår referanse: 10/746-2 JJO
Den verdsomspennande klimakampanjen ”Earth Hour – Slukk lyset en time ”– vert gjennomført i Noreg for andre gong 27. mars. I 2009 deltok 109 kommunar i kampanjen. Eg vil med dette oppmode alle landets kommunar til å delta i årets kampanje, og sløkke lyset i ein time frå kl. 20.30 laurdag 27. mars.
Den verdsomspennande klimakampanjen ”Earth Hour – Slukk lyset en time ”– vert gjennomført i Noreg for andre gong 27. mars. I 2009 deltok 109 kommunar i kampanjen. Eg vil med dette oppmode alle landets kommunar til å delta i årets kampanje, og sløkke lyset i ein time frå kl. 20.30 laurdag 27. mars.
Earth Hour er først og fremst ei symbolsk handling. Det er det ein gjer i dei andre timane i løpet av året som verkeleg betyr noko. Earth Hour minner oss på dette. Eg ynskjer å bruke høvet til å minne kommunane på den viktige jobben som må gjerast for å få ned klimagassutsleppa. Her spelar kommunane ei sentral rolle. 1. juli i år skal alle kommunane ha på plass første generasjons klima- og energiplanlegging, anten som ein eigen plan eller som del av anna planverk. Fornuftig planlegging, innan til dømes samferdsel eller avfallshandtering, og oppfølgjing av desse, er noko av det viktigaste kommunane kan gjere for å komme i gong med klima- og miljøtiltak som verkeleg monar.
Kommunane har òg ei viktig rolle som eigar av bygningar og ansvarleg for drift av bygg. Her kan kommunane gjere mykje. Eg ynskjer at kommunane skal gjere energisparing i bygg til ei kvardagshandling. Både gjennom dei små tiltaka, som å skru av lyset i rom som ikkje er i bruk, og gjennom ei haldningsendring i heile drifta si. Ingen sektor har hatt større vekst i energibruken dei siste 30 åra enn byggjesektoren. Sektoren står for om lag 40 prosent av den stasjonære energibruken i Noreg. Vi må snu denne trenden. Eg har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 30 år. Både offentlege og private bygningar har eit stort potensial for energisparing. I dag nyttar norske bygg 80 tWh i året. Innan 2040 bør vi vere nede på 40 tWh. Det er i dei eksisterande bygga det store potensialet ligg. Eg meiner at kommunane som eigarar av mange forskjellige bygg bør vere særs merksame på det potensialet som ligg i energieffektivitet.
Elektrisitet spart er pengar tente. I tillegg til at lågare energibruk gir lågare energiutgifter for byggeigar, vil dette hjelpe oss i å nå dei felles klimamåla våre. Eg vil oppmode norske kommunar til å tenkje heilskapleg på energibruk i drifta si og i val av løysingar. Energieffektivisering er Noregs største kraftverk, og kommunane spelar ei nøkkelrolle for å frigjere dette potensialet.
Eg utfordrar derfor kommunane til å delta i Earth Hour, og å bruke kampanjen til å tenkje vidare på kva den enkelte kommune kan gjere i den felles dugnaden det er å få ned klimagassutsleppa. Når lysa skal skruast på igjen etter Earth Hour, må vi gjere det med medvit.
Les meir på www.earthhour.no.
Med helsing
Liv Signe Navarsete