Evaluering av lokaldemokratitiltak i føregangskommunar

Politisk deltaking mellom val kan gi viktige innspel inn i politiske prosessar, men kan også forsterka forskjellar med tanke på kven som blir høyrde og representert i avgjerder. Denne rapporten fokuserer på særleg to aspekt; rekruttering og representativitet i ulike former for med verknad i kommunar, og korleis innspel frå innbyggjarar blir synleggjorde og lytta til i politiske avgjerdsprosessar.