Evaluering av samarbeid mot arbeidslivskriminalitet

På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har KPMG gjennomført eit FoU-oppdrag om evaluering av det tverretatlege samarbeidet om arbeidslivskriminalitet mellom politiet, Skatteetaten, Tolletaten, NAV og Arbeidstilsynet.

Rapporten viser at samarbeidet har hatt positiv effekt. Innsatsen mot arbeidslivskriminalitet på strategisk nivå er blitt synlegare og sterkare. Etatane arbeider betre saman på operativt nivå, blitt meir innovative og har bidratt til reformar i regelverket.

Samtidig peikar rapporten også på at organiseringa kan bli meir effektiv, kunnskapsutviklinga meir systematisk og styringa av samarbeidet mellom etatane meir strategisk. Metodane til kriminelle miljø i arbeidslivet tilpassar seg raskt nye tiltak og metodar, og KPMG meiner det er behov for raskare tilpassing frå styresmaktene.

I rapporten kjem KPMG med fleire konkrete tilrådingar. Mellom anna at etatane bør klargjere mandatet til a-krimsentera, og arbeidsfordelinga mellom sentera og dei ulike etatane. Etatane bør også styrke samarbeidet med eksterne organisasjonar. I tillegg bør det utviklast metodar for systematisk bruk av registerdata i analysar og etterforsking.  Årsrapporteringa bør også endrast.