Fastsetjing av planprogram for statleg reguleringsplan for E39 Stord - Os (Ådland - Svegatjørn) i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden

Kommunal- og distriktsdepartementet fastset med dette planprogram for E39 Stord–Os (Ådland–Svegatjørn) datert august 2022 og med endringar 31. januar 2023. Planprogrammet blir oppdatert med omtale av nytt jordvernmål. Departementet vurderer at planprogrammet gir eit godt grunnlag for gjennomføring av den vidare planprosessen for Hordfast-prosjektet. Økologisk kompensasjon og redusert vegstandard skal utgreiast og vurderast i tilknyting til planarbeidet.

Bakgrunn

Kommunal- og distriktsdepartementet viser til brev frå Samferdselsdepartementet den 1. desember 2022 med forslag til planprogram for statleg reguleringsplan for E39 Stord–Os (Ådland–Svegatjørn). Forslaget er utarbeidd av Statens vegvesen. Kommunal- og distriktsdepartementet er planstyresmakt for statlege arealplanar, jamfør plan- og bygningslova § 6-4 andre ledd, og skal fastsetje planprogrammet.

E39 Stord–Os (Hordfast) er eit delprosjekt under E39 Stavanger–Bergen, og inngår i satsinga på ferjefri E39. Prosjektet skal redusere reisetida mellom Stavanger og Bergen og knyte Haugalandet og Sunnhordland betre saman med Midthordland. Høgare standard skal gjere vegen tryggare.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok statleg kommunedelplan for E39 Stord–Os 5. september 2019. Kommunedelplanen blei vedteken med alternativ F. I vedtaket skreiv departementet at det i arbeidet med reguleringsplanen skal leggjast vekt på å avgrensa inngrepa i verdifull natur ytterlegare. Det blei lagt til grunn at Statens vegvesen og Statsforvaltaren i Vestland skulle samarbeide for å identifisere tiltak som kan avgrense negative verknader for miljøet. Det blei òg slått fast at økologisk kompensasjon skal utgreiast og vurderast. Det skulle ikkje planleggast for senketunnel under Bårdsundet.

Departementet avgjorde ved brev 19. desember 2019 til Os, Stord og Tysnes kommunar at vidare planlegging av E39 Stord–Os skulle gjennomførast som statleg reguleringsplan. Planområdet omfattar ein strekning på ca. 55 km mellom Ådland i Stord kommune, via bru over Langenuen og veg nordover langs vestsida av Tysnes kommune, til bru over Bjørnafjorden og påkopling til eksisterande E39 ved Svegatjørn i Bjørnafjorden kommune.

Vegtraseen er i utgangspunktet konsekvensutgreidd i kommunedelplanen. Arbeidet med reguleringsplanen for E39 Stord–Os er likevel omfatta av regelverket for konsekvens­utgreiingar på grunn av avvik frå vedteken kommunedelplan. Det skal difor utarbeidast eit planprogram som grunnlag for det vidare planarbeidet. Planprogrammet skal gjere greie for tiltaket, området og aktuelle problemstillingar, kva forhold som skal utgreiast og kva metodar som skal nyttast, alternativ som skal vurderast og korleis planprosessen skal gjennomførast.

Høyring av forslaget til planprogram

I brev til Samferdselsdepartementet 9. juli 2021 godkjende Kommunal- og moderniserings­departementet at forslag til planprogram for statleg reguleringsplan for E39 Stord–Os kunne sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Forslaget til planprogram blei sendt på høyring og låg ute til offentleg ettersyn frå 15. september til 30. oktober 2021. Statens vegvesen arrangerte eit ope informasjonsmøte om planprogrammet 20. oktober 2021. Det kom inn til saman 47 fråsegner til forslaget frå offentlege styresmakter og private partar. Statens vegvesen gjer i eit eige notat av august 2022 greie for høyringsfråsegnene og korleis dei er blitt vurderte og innarbeidde i planprogrammet.

Endringar i forslaget til planprogrammet etter høyring

Statens vegvesen sendte forslaget til planprogram til Samferdselsdepartementet 4. april 2022. Departementet bad 16. juni 2022 om at forslaget til planprogram blei oppdatert, mellom anna med ein meir utfyllande omtale av korleis konsekvensar skal utgreiast og at redusert vegstandard for prosjektet skal vurderast. Statens vegvesen sendte det oppdaterte forslaget til planprogram, datert august 2022, til Samferdselsdepartementet 18. oktober 2022.

Dei viktigast endringane i forslaget til planprogram etter høyringa er:

  • Konsekvensane av redusert vegstandard i prosjektet skal utgreiast, mellom anna med omsyn til kostnadar, nytte, trafikktryggleik, naturinngrep og andre miljøtema. Utgreiinga skal omfatte veg med standard tilpassa fartsgrense 90 km/t, 100 km/t, smalare 4-feltsveg og 2/3-feltsveg. Utgreiinga skal leggjast fram for Samferdsels­departementet, som avgjer kva vegstandard som skal leggjast til grunn for det endelege planforslaget.
  • Planforslaget skal ha ei eiga konsekvensutgreiing for massedeponi.
  • Samanstillingsområdet i Søreidsvika, der bruelementa skal setjast saman, skal konsekvensutgreiast saman med området Hodnanes–Beltestad.
  • Det er presisert at plandokumenta skal innehalde ei samla og oppdatert vurdering av konsekvensar for naturmangfald og andre aktuelle tema for heile planområdet. Dette skal supplere tidlegare gjennomført konsekvensutgreiing og sikre eit godt kunnskaps­grunnlag.
  • Framdriftsplanen er oppdatert og det er lagt inn ein detaljert plan for medverknad i planarbeidet.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet

Planområdet er delt inn i ni delområde. I delområde A, B, E, F, G, H og I er det eitt alternativ som skal regulerast, og som skal optimaliserast innanfor korridoren som er vedteken og konsekvensutgreidd i kommunedelplanen. I delområde C og D mellom Hodnanes og Beltestad legg planprogrammet opp til å utgreie alternativ som går utanfor den vedtekne korridoren i kommunedelplanen. Føremålet er å optimalisere traseen og redusere kostnader og verknader for miljøet. Dei nye alternativa utløyser krav om konsekvensutgreiing.

I område C mellom Hodnanes og Økland skal det utgreiast eitt alternativ med dagsone og eitt med tunnel. I område D mellom Økland og Beltestad skal det utgreiast eitt alternativ med bru over land (som i kommunedelplanen) og eitt med bru over Søreidsvågen. For desse strekningane er det òg aktuelt å utarbeide reguleringsplan med fleire alternativ. I arbeidet med planprogrammet er fleire andre alternativ, som går utanfor vedteken kommunedelplan, forkasta. Kommunal- og distriktsdepartementet meiner planprogrammet gjev ei god oversikt og grunngjeving for kva alternativ som skal vurderast.

Etter høyringa er det teke inn i planprogrammet at det òg skal gjennomførast konsekvens­utgreiing for massedeponi og for området i Søreidsvika der bruelementa skal setjast saman. For kryssinga av Bjørnafjorden skal det gjerast ei samanstilling av konsekvensane for dei to alternativa som blei utgreidd i kommunedelplanen.

Kommunal- og distriktsdepartementet har hatt dialog med Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen om forslaget til planprogram. Dette har medført nokre mindre endringar i planprogrammet, og eit oppdatert dokument blei motteke 31. januar 2023. Det er innarbeidd i kapittel 7 at reduksjon av overskotsmassar og alternativ til deponering av massar skal utgreiast, og det er gjort presiseringar som gjeld utgreiinga av redusert standard i kapittel 5.2, jordvern i kapittel 7.3.5, massedeponi i kapittel 8.1 og anleggsvegar i kapittel 8.2.5.

Merknader frå fylkeskommunen og kommunane

Vestland fylkeskommune ber om at planarbeidet legg særleg vekt på kulturminne og kulturmiljø, kollektivtransport og forholdet til fylkesvegnettet. Statens vegvesen viser til at dei legg opp til dialog med fylkeskommunen i det vidare planarbeidet. Kommunal- og distrikts­departementet meiner planprogrammet legg til rette for dei naudsynte utgreiingane og vurderingane av desse temaa.

Tysnes kommune meiner at det, av omsyn til grunneigarar og bebuarar, er uheldig at det blir opna for nye trasear utanom kommunedelplanen, og ber om at endeleg traseval blir avklart raskt. Kommunen har òg konkrete innspel til traseval, kryssløysingar, standard på nye fylkesvegstrekningar og etterbruk av overskotsmassar. Stord kommune ber om at det blir teke inn i planprogrammet at det er varsla oppstart av nytt planarbeid på strekninga Heiane–Ådland, og at det må vurderast å oppdatere kunnskapsgrunnlag for strekninga i Stord kommune. Vidare har kommunen merknader til opplegget for medverknad og korleis dette er synleggjort i planprogrammet. Både Tysnes kommune og Stord kommune meiner elles at planprogrammet gir eit godt grunnlag for vidare planprosess. Kommunal- og distrikts­departementet meiner forslaget til planprogram tek høgde for desse innspela.

Bjørnafjorden kommune ønskjer ikkje bru over Bjørnafjorden. Kommunen peikar vidare på at fleire tema som er viktige for dei, er lite omtalt i forslaget til planprogram. Det gjeld verknader for arealbruken i Kolskogen, Ulvenvatnet og områda rundt, strandsona i Røttinga, gang- og sykkelsystemet, påkopling til tunneltrase frå Kolskogen/Moberg til Osøyro, trafikkavvikling i Os sentrum og massehandtering. Kommunen ber òg om at Statens vegvesen ser på om ein endra korridor gjennom Liafjellet kan gje ei meir kostnadseffektiv løysing for området Ulvenvatnet/Kolskogen. Statens vegvesen skriv i oppsummeringa av innspel at dei nemnde problemstillingane blir følgde opp, at planprogrammet etter deira vurdering er dekkande, og at dei vil drøfte løysingar for Kolskogen med kommunen når planen er meir gjennomarbeidd. Kommunal- og distriktsdepartementet legg til grunn at Statens vegvesen følgjer opp dette.

Naturmangfald i planområdet

Vegprosjektet E39 Stord–Os blir planlagt gjennom eit område med mange førekomstar av trua naturtypar og trua artar. Det er i planområdet mellom anna registrert 33 lokalitetar med boreonemoral regnskog, som er ein trua naturtype som Noreg har eit internasjonalt forvaltaransvar for. Størstedelen av dei trua artane er knytt til områda med regnskog, og dei største naturverdiane er å finne på strekninga Søreid–Gjøvåg på Tysnes. Det er mellom anna på bakgrunn av desse store naturverdiane at det er bestemt at økologisk kompensasjon og redusert vegstandard skal utgreiast og vurderast.

Statsforvaltaren i Vestland skriv i si fråsegn til planprogrammet at dei meiner økologisk kompensasjon er naudsynt. Statsforvaltaren meiner det er behov for å oppdatere konsekvens­utgreiinga for naturmangfald for heile planområdet og ber om at det blir lagt meir vekt på landskapsøkologiske samanhengar og avbøtande tiltak for å redusere barriere­verknad og oppstykking av viktige leveområde. Statsforvaltaren meiner òg lågare fartsgrense er viktig å vurdere for å kunne redusere inngrepa i verdifull natur.

Planprogrammet legg opp til at naturmangfald i heile planområdet skal kartleggjast meir i detalj, slik at kunnskapen kan brukast i utforminga av vegprosjektet, i vurderinga av økologisk kompensasjon og i den heilskaplege vurderinga av verknader som skal inngå i planomtalen. I utgreiinga av redusert vegstandard skal mellom anna konsekvensane for naturmangfald inngå. Det skal òg utgreiast korleis redusert vegstandard påverkar behovet for økologisk kompensasjon. Departementet legg til grunn at utgreiinga vil svare på korleis redusert vegstandard kan bli brukt til å redusere inngrep i det svært viktige naturmangfaldet på strekninga Søreid–Gjøvåg, og korleis det på heile strekninga kan medverke til å redusere oppstykking av leveområde og tap av viktige økosystemtenester som lagring av karbon.

Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer at planprogrammet legg til rette for dei naudsynte utgreiingane av naturmangfald i planområdet, og at dette er i samsvar med føringane som blei gjevne i vedtaket av den statlege kommunedelplanen for E39 Stord–Os.

Massehandtering

Fleire høyringspartar har peika på behovet for god massehandtering og mest mogleg gjenbruk av massar. Prosjektet vil ha overskot av massar på grunn av fleire tunnelar og terrengtilhøva elles, og det er difor behov for deponiområde. Alle deponiområda skal konsekvensutgreiast. Departementet meiner deponering så langt mogleg bør unngåast, og meiner det i planprosessen må søkast å finne løysingar for å nytte massane til samfunns­nyttige føremål. I det justerte forslaget til planprogram, motteke 31. januar 2023, er det innarbeidd at alternativ til deponering skal utgreiast, og at utgreiinga skal vise moglegheitene til å redusere overskotsmassar i prosjektet.

Jordvern

Stortinget har 16. juni 2023 slutta seg til oppdatert jordvernstrategi, som blei lagt fram som vedlegg til proposisjonen om jordbruksoppgjeret for våren 2023 (prop. 121 S (2022–2023)). Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av dyrka jord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet. Den årlege omdisponeringa av dyrka jord skal ikkje overstige 2 000 dekar, og målet skal vere nådd innan 2030. Omtalen av jordvern i kapittel 7.3.5 i planprogrammet må oppdaterast i samsvar med dette.

Konklusjon

Statens vegvesen har svart ut høyringsfråsegnene på ein god måte i dokumentet «oppsummering av innspel til planprogram», datert august 2022, og aktuelle innspel er innarbeidd i planprogrammet. Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer etter dette at planprogrammet gjev tilstrekkeleg greie for gjennomføringa av planprosessen, medrekna omtale av tiltaket, planområdet og aktuelle problemstillingar, kva forhold som skal utgreiast, kva metodar som skal nyttast, kva alternativ som skal vurderast og opplegg for medverknad.

Vedtak

Kommunal- og distriktsdepartementet fastset i medhald av plan- og bygningslova § 12-9 tredje ledd, jamfør forskrift om konsekvensutgreiingar § 16, planprogram for E39 Stord–Os (Ådland–Svegatjørn) datert august 2022, med endringar 31. januar 2023. Kapittel 7.3.5 blir oppdatert med omtale av nytt jordvernmål, vedtatt 16. juni 2023.

Kommunal- og distriktsdepartementet ber om at Statens vegvesen oppdaterer kapittel 7.3.5 i planprogrammet i samsvar med dette vedtaket. Departementet ber òg om at dei som har kome med høyringsfråsegner blir gjort kjende med det fastsette planprogrammet, jamfør konsekvensutgreiingsforskrifta § 16 andre ledd.

 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi

 

Bjørnafjorden kommune

Fitjar kommune

Klima- og miljødepartementet

Statens vegvesen Vegdirektoratet

Statsforvaltaren i Vestland

Stord kommune

Tysnes kommune

Vestland fylkeskommune