Fellesføringar i tildelingsbreva for 2010

Alle statlege etatar skal regelmessig gjennomføre brukarundersøkingar. Resultata av dei skal vere offentlege. For å sikre meir heilskap og samanheng skal statlege verksemder leggje dei sju felles arkitekturprinsippa til grunn når dei utviklar nye IKT-løysingar.

Innleiing

Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) viser til rundskriv P 2/2009 av 14. mai 2009. Departementa skal vidareformidle følgjande to fellesføringar til dei underliggjande etatane i 2010: Brukarundersøkingar og IKT-arkitektur.

Vi viser òg til Finansdepartementet (FIN) sitt rundskriv R-113/2009 ”Presisering av håndtering av fellesføringer i tildelingsbrev og årsrapport” (PDF) av 24. august 2009. Av punkt 2 i dette rundskrivet går det fram at FIN som hovudregel legg til grunn at desse to fellesføringane vert innarbeidde i tildelingsbreva til dei underliggjande verksemdene.

Departementa kan gjerne nytte den teksten som står i punkt 2) nedanfor når dei skal vidareformidle fellesføringane, men dei må tilpasse han til eigenarten til verksemdene. Vi understrekar at fagdepartementa i 2010 skal følgje opp fellesføringane og rapporteringane på dei i den ordinære dialogen med verksemdene. FAD vil våren 2010 be departementa om innspel til fellesføringar for 2011.

  

Fellesføringane for 2010

 

Brukarundersøkingar

Alle statlege etatar skal regelmessig gjennomføre brukarundersøkingar. Resultata av dei skal vere offentlege.

Alle statlege verksemder skal i årsrapporten rapportere om dei har gjennomført brukarundersøkingar og gjort dei offentleg tilgjengelege. Dei som ikkje gjennomfører brukarundersøkingar i 2010, skal rapportere om når slike undersøkingar vil finne stad. Overordna departement vidaresender rapporteringa samla til FAD så raskt som mogeleg i 2011.

I arbeidet med brukarundersøkingar kan FADs vegvisar i brukarretting og brukarmedverknad vere nyttig.

IKT-arkitektur

For å sikre meir heilskap og samanheng skal statlege verksemder leggje dei sju felles arkitekturprinsippa (PDF) til grunn når dei utviklar nye IKT-løysingar. Prinsippa gjeld både ved utvikling av nye IKT-system og ved vesentleg endring av eksisterande system. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) forvaltar prinsippa.
Statlege verksemder skal òg ta i bruk felles løysingar for elektronisk ID, som Difi legg til rette for. I tillegg skal verksemdene bruke Altinn når dei produserer og gjer tilgjengelig elektroniske tenester (jf brev frå NHD av 8. april 2008 til alle departementa).

Statlege verksemder skal

  1. leggje arkitekturprinsippa til grunn når dei utviklar sine IKT-system
  2. ta i bruk felles eID når dei legg nye e-tenester ut på nett. Felles elektronisk signatur skal takast i bruk når han ligg føre(frå 2010). Eigne eID-løysingar som etatane brukar på eksisterande tenester, skal fasast ut og erstattast av den felles infrastrukturen i Difi. Etatar som framleis ønskjer å bruke eigne eID-løysingar, må grunngi dette
  3. grunngi dei tilfella der dei vel ikkje å bruke Altinn for produksjon av relevante tenester retta mot næringsliv og publikum

Verksemdene skal skrive i årsrapporten korleis dei har fylgt opp punkt a - c. Overordna departement sender rapporteringa vidare til FAD og NHD.

Om ei verksemd kjem fram til at ho ikkje vil leggje fellesføringa om Altinn (c) til grunn, skal avviket grunngjevast. Ho skal då orientere overordna departement om denne grunnen så snart avgjerda er teken. Fagdepartementa rapporterer vidare til NHD så snart som mogeleg.

FAD vil sende ut eit eige rundskriv P/4 2009 om endra rutinar for planlegging og samordning av IKT-investeringar i staten.


Med helsing

Lars-Henrik Myrmel-Johansen (e.f.)
ekspedisjonssjef
Inger-Anne Ravlum
avdelingsdirektør