Fellsføringane 2022

Formålet med dette rundskrivet er å orientere departementa nærare om fellesføringane. Grunnlaget for fellesføringar som verkemiddel er gjort greie for i rundskriv P 2/2009 av 14. mai 2009.

Regjeringa har gjeve sin tilslutnad til at offentlege verksemder skal få to fellesføringar i tildelingsbreva for 2022:

  • Redusere konsulentbruken
  • Knytte til seg lærlingar kor talet på lærlingar skal stå i eit rimeleg høve til storleiken på verksemda.

Formålet med dette rundskrivet er å orientere departementa nærare om fellesføringane. Grunnlaget for fellesføringar som verkemiddel er gjort greie for i rundskriv P 2/2009 av 14. mai 2009.

1) Redusere konsulentbruken

"Arbeidet med effektivisering utgjer ein integrert del av den ordinære styringsdialogen mellom departement og verksemd, og fylgjer dei allmenne prinsippa for styring i staten. I 2022 skal <verksemda> arbeide for å redusere konsulentbruken på område der det ligg til rette for å nytte interne ressursar og kompetanse. Utover informasjons- og haldningskampanjar skal tenester frå kommunikasjonsbransjen som hovudregel ikkje nyttast.

<Verksemda> skal rapportere om konsulentbruken i årsrapporten for 2022."

 

 

1.                Regjeringas mål med fellesføringa

Regjeringa har sagt klart frå om at konsulentbruken i staten skal reduserast. Det er eit mål at statsforvaltninga skal ha ei årleg kostnadsinnsparing. I Hurdalsplattformen seier regjeringspartia at regjeringa vil:

  • kutte i konsulentbruken i staten ved å utvikle eigen kompetanse
  • kraftig redusere kjøp av tenester frå kommunikasjonsbransjen som statlege verksemder gjer. Utover informasjons- og haldningskampanjar skal ein som hovudregel ikkje nytte slike tenester.
  • sørgje for at store IKT-prosjekt i offentleg sektor skal styrast på ein ny og betre måte basert på tett involvering av brukarar og tilsette, og ved å byggje opp kompetanse i eigen organisasjon framfor å kjøpe konsulenttenester.

 

Ifølge statsrekneskapen brukte staten 12 milliardar kroner på kjøp av konsulenttenester i 2020. Til samanlikning var dei totale lønnsutgiftene på i overkant av 130 milliardar kroner. Konsulentbruken utgjorde med dette nesten 10 pst. av lønnsutgiftene. For einskilde verksemder utgjorde denne delen mange hundre prosent.

 

Tabellen nedanfor syner fordelinga av utgiftene til kjøp av konsulenttenester på fire underkategoriar.

 

Konsulenttenester i 2020 (mill. kr) fordelt på artskodar og type verksemd

670 Konsulenttenester innan økonomi, revisjon og juss

      430

671 Konsulenttenester til utvikling av programvare, IKT-løysingar mv.

   5 315

672 Konsulenttenester til organisasjonsutvikling, kommunikasjonsrådgjeving mv.

      657

673 Andre konsulenttenester, under dette konsulenttenester til samferdsleprosjekt

   5 567

Sum

 11 969

 

Som det går fram av tabellen, er tala for konsulentbruken i statsrekneskapen på eit aggregert nivå. Vi har til dømes ikkje høve til å skilje mellom organisasjonsutvikling og kommunikasjonsrådgjeving under artskonto 672 i dag. Det er eit mål at verksemdene skal hente inn ei samanstilling av alle konsulentkjøp som departement og underliggjande verksemd har gjort i 2021. Vi vil kome attende med eit meir konkret opplegg for korleis dette skal gjennomførast.

 

2              Døme på korleis ein kan gå fram for å redusere konsulentbruken

Departementa med underliggjande verksemder har ulike rammevilkår og ulike motiv for å kjøpe inn konsulenttenester. Dei viktigaste drivarane[1] for private og offentlege tingarar av konsulenttenester er:

  • Behov for fagkompetanse som det ikkje er føremålstenleg å ha internt på permanent basis.
  • Mangel på kapasitet til å gjennomføre oppgåva sjølv.
  • Mangel på kapasitet/røynsle til å løyse krevjande eller nye problemstillingar
  • Behov for ekstern/uavhengig vurdering for å legitimere avgjersler.

 

Verksemdene bør ha klart for seg kva slags behov dei har for å kjøpe konsulenttenester. Ein slik gjennomgang kan vere eit utgangspunkt for å vurdere om det er mogeleg å dekke behovet gjennom å byggje opp eigen intern kapasitet og kompetanse. DFØ arbeider med å ferdigstille retningsliner for statleg konsulentbruk, som verksemdene kan nytte her.

 

Dei ulike verksemdene i statsforvaltninga varierer betydeleg i storleik. Alt anna likt må ein forvente at kostnadene til konsulentkjøp vil vere større for store verksemder enn for små. For å justere for ulik storleik kan man rekne ut utgifter til konsulentar i høve til totale lønnsutgifter. Denne delen kan takast som utgangspunkt for etatsstyringsdialogen om kor avhengig verksemda er av å bruke eksterne konsulentar. Slike tal kan reknast ut med utgangspunkt for statsrekneskapen. Førebels finst berre årstal for 2020, men i løpet av fyrste halvår vil det også kome årstal for 2021. KDD har gjort slike utrekningar for 2020 for alle verksemdene. Tala kan ein få ved å ta kontakt med KDD.

 

Vi understrekar at utrekningane av konsulentdelen berre vil vere ein fyrste indikasjon på i kva grad ein er avhengig av konsulentar. Delen kan til dømes vere låg fordi lønskostnadene omfattar aktivitetar med liten relevans for analysen. Og delen kan vere høg pga. spesielle omstende, som koronakrisa vi fekk i 2020.

 

3.     Kva ventar ein av departementa?

Departementa skal ta fellesføringa inn i tildelingsbreva sine, vise til rundskrivet og følge opp verksemdene i korleis dei gjennomfører fellesføringa. Etter KDD si vurdering skjer oppfølging best gjennom den ordinære styringsdialogen.

 

Departementa bør også leggje til rette for rettleiing til underliggjande verksemder, og for erfaringsutveksling mellom verksemdene, mellom anna ved å vidareformidle gode døme.

 

I tildelingsbrevet for 2022 har KDD bedt DFØ om å setje av ressursar til å følge opp arbeidet med retningslinene for konsulentbruk i dialog med departementa, og å gi råd og fagleg bistand om bruk av konsulenttenester i staten. Departementa skal støtte DFØ i dette arbeidet.

 

4.        Kva ventar ein av verksemdene?

Verksemdene skal, i dialog med overordna departement, følge opp fellesføringa om konsulentbruken i staten. I dette ligg at verksemdene skal arbeide for å redusere konsulentbruken på område der det ligg til rette for å utnytte interne ressursar og kompetanse.

 

I årsrapporten skal verksemdene gjere greie for arbeidet med å redusere konsulentbruken. KDD vil kome attende til et nærmare opplegg for denne rapporteringa.

 

 

 

2) Knytte til seg lærlingar kor talet på lærlingar skal stå i eit rimeleg høve til storleiken på verksemda.

"Statlege verksemder skal ha lærlingar knytte til seg kor talet på lærlingar skal stå i eit rimeleg høve til storleiken på verksemda. Verksemder med meir enn 75 tilsette skal til kvar tid ha minst ein lærling, og større verksemder bør ha ambisjon om fleire enn ein lærling. <Verksemda> skal også kvart år vurdere om det er mogleg å tilby opplæring i nye lærefag og om ein kan auke talet på lærlingar. Alle statlege verksemder skal knyte seg til opplæringskontoret OK stat eller eit anna opplæringskontor.

I årsrapporten skal <verksemda> rapportere følgande:

Talet på lærlingar, om det er vurdert å auke talet på lærlingar og eventuelt innafor kva for fag saman med kva for opplæringskontor verksemda er knytt til. Verksemder som ikkje har oppfylt krava, må gjere greie for årsaka til dette og kva dei har gjort for å oppfylle krava."

 

1.     Regjeringa sitt mål med fellesføringa

Satsinga på å auke talet på læreplassar i staten er forankra i Hurdalsplattformen. Regjeringa vil sikre læreplass for alle ungdommar som er kvalifiserte etter Vg2 i samarbeid med fylkeskommunane og arbeidslivet. Etter at det administrative styringskravet om minst éin lærling i statlege verksemder med over 100 tilsette kom i 2015, auka talet på lærlingar i 2016, for så å flate ut. Blant 130 statlege verksemder med over 100 tilsette har rundt 65 prosent teke inn minst éin lærling (NIFU-rapport 2020:11).

 

I 2020 var det 7000 søkjarar som stod utan læreplass som dei trong for å fullføre utdanninga si. Arbeidet med å skaffe fleire læreplassar er difor høgt prioritert for denne regjeringa. Staten må gå føre og ta eit medansvar for dette.

Målet er at fellesføringa kan bidra til at fleire ungdommar får læreplass slik at dei får fullført utdanninga si. 

 

2.     Korleis arbeide med fellesføringa

Arbeidet med fellesføringa vil inngå som ein del av styringsdialogen mellom departement og den einskilde verksemda. Departementa skal ta fellesføringa inn i tildelingsbreva sine, vise til rundskrivet og følge opp korleis verksemdene gjennomfører fellesføringa.

 

Det er viktig at ein sikrar at informasjon om lærlingsatsinga når ut til alle ledda i verksemda (avdelingar, regionale einingar). Mindre verksemder og regionale einingar kan ha ein type arbeidsoppgåver som passar lærlingane betre enn oppgåver som departement og direktorat har. Departementa bør leggje til rette for rettleiing til verksemdene innanfor sitt departementsområde om lærlingordninga og vere pådrivar for erfaringsutveksling og etablering av nettverk mellom verksemder.

Kompetansekartlegging i ei verksemd med tanke på nye lærefag er eit godt hjelpemiddel i arbeidet med å få fleire lærlingar. Fleire verksemder har også god røynsle med såkalla opplæringsringar. Det inneber at fleire verksemder samarbeider slik at lærlingen kan oppnå kompetansemåla i læreplanen.

 

3.     Rapportering

I årsrapporten for 2022 skal verksemda rapportere følgande:

Talet på lærlingar, om det er vurdert å auke talet på lærlingar og eventuelt innanfor kva for fag og også kva for opplæringskontor verksemda er tilknytt. Verksemder som ikkje har oppfylt krava, må gjere greie for årsaka til dette og for kva dei har gjort for å oppfylle krava.

 

4.     Ytterlegare informasjon og rettleiing

Verksemdene kan kontakte Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) v/OK stat for nærare råd og rettleiing. På Arbeidsgiverportalen er det generell informasjon og rettleiing om ulike verktøy og metodar som verksemdene kan nytte.  

 

 

 

 

Med helsing

 

 

Jan Hjelle (e.f.)

ekspedisjonssjef

 

 

Asgeir Fløtre

avdelingsdirektør

 

Dokumentet er elektronisk signert og har ikkje håndskrivne signaturar

 

 

 

Kopi:

Statsministerens kontor

Riksrevisjonen

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)

 

[1] Abelia (2017): Verdien av gode råd – Rådgivernæringens størrelse og betydning i Norge.