Fjell kommune – motsegn til reguleringsplan for Solsviksundet, Misje
Brev | Dato: 12.07.2010 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Miljøverndepartementet
Mottakar:
- Fylkesmannen i Hordaland
- Pb 7310
- 5020 Bergen
Dykkar referanse:
2003/6938 421.4
Vår referanse:
200901781-5/KIM
Miljøverndepartementet finn ikkje å kunne stadfesta framlegget til reguleringsplan for Solsviksundet slik det nå ligg føre. Departementet viser til at deler av planen kjem i konflikt med nasjonal strandsonepolitikk og med arealdel til gjeldande kommuneplan.
Miljøverndepartementet viser til fylkesmannen si oversending hit av 11. mai 2009. Saka er i medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova av 1985 send Miljøverndepartementet for avgjerd. Fylkesmannen i Hordaland har framsett motsegn til planen grunna i omsynet til strandsona.
Miljøverndepartementet finn ikkje å kunne stadfesta framlegget til reguleringsplan for Solsviksundet slik det nå ligg føre. Departementet viser til at deler av planen kjem i konflikt med nasjonal strandsonepolitikk og med arealdel til gjeldande kommuneplan.
Bakgrunn for saka
Saka gjeld bygging av bustader og naust i 100-metersbeltet langs sjøen. I arealdelen til kommuneplan for Fjell kommune er det meste av det aktuelle planområdet avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde. I området vest for riksvegen er det i arealdelen avsett eit større område for spreidd bustadbygging.
Arbeidet med reguleringsplanen starta opp i 2002. Eit planframlegg som la til rette for 10 nye bustader og 14 nye naust, vart godkjend for offentleg ettersyn hausten 2003. På bakgrunn av motsegn frå fylkesmannen har utbyggjar og Fjell kommune, i dialog med fylkesmannen si miljøvernavdeling, arbeidd vidare med sikte på å imøtekomme motsegna.
I revidert framlegg er 3 tomter mot sjøen trekt ut, og 4 andre er trekt lenger vekk frå strandlinja. Det er sett ei byggjegrense på ca 45 meter frå strandlinja.
Vidare er 2 naustområde tekne ut av planen, medan naustområde BN2 er noko utvida.
Fylkesmannen i Hordaland fremja motsegn til planen i brev av 30. desember 2003 av di mest alle dei nye bustadtomtane, samt veg til bustader og naust, låg innanfor 100-meterbeltet og difor var i strid med nasjonal strandsoneforvaltning. I brev av 19. mars 2004 til Fjell kommune presiserte fylkesmannen motsegna. Mellom anna vart det her vist til at det i kommuneplanen er avsett eit større område vest for riksvegen der spreidd bustadbygging er tillete. Fylkesmannen fann det uheldig at det vert fremja planforslag som bryt med den heilskapelege og overordna planlegginga som er nedfelt i ein kommuneplan.
Ut frå omsynet til strandsona meinte fylkesmannen at alle bustadtomtane i fyrste rekke mot sundet må takast ut av planen. Vidare må veg fram til naustområde BN3 gå ut. Naustområde BN1 og BN4 må også gå ut då dei er i strid med strandsonevernet.
Etter omarbeiding av opphavleg plan fremja fylkesmannen i brev av 7. august 2007 på nytt motsegn. Det vart peika på at det nye planframlegget er betra på nokre punkter med merknadane frå fylkesmannen, mellom anna er naustområda merka BN1 og BN4 tatt ut av planen, veg til BN3 er fjerna og felt BN3 er gjort noko smalare, samt at det er sikra ein grønkorridor mot Kvernavatnet.
På den andre sida er berre nokre av bustadtomtene i fyrste rekke mot sundet tatt ut av planen, naustområdet BN2 er utvida mot nord og det er tatt inn to småbåthamner.
Fylkesmannen peika og på at den bustadforma som følgjer av fotomontasje i saka bryt med stadens byggeskikk, og slike bygningar vil verte særleg eksponert mot sjøen og områda ikring.
Hordaland fylkeskommune ga uttale i saka i brev av 15. oktober 2007 og rådde der frå framlegget til reguleringsplan, då det er i strid med kommuneplanen sin arealdel, strandsonevernet og omsynet til landskapet. Fylkeskommunen ber om at nytt byggjeområde for bustader, samt det sørlege byggjeområdet for naust, vert trekt ut av planen. Fylkeskommunen tek atterhald når det gjeld omsynet til kulturminne.
Fjell kommune vedtok det reviderte planframlegg samrøystes i møte den 27. mars 2008. Kommunen meiner at det reviderte planframlegget ligg innanfor dei føringar som vart gjeve av fylkesmannen i drøftingar.
Kommunen viser elles til at grunna tidlegare dispensasjonssaker er det aktuelle byggjeområdet ikkje lenger urørt. Dei få husa som ligg der har ein privatiserande effekt, og kommunen meiner det vil vere positivt å få ei styrt utvikling av området, der viktige omsyn blir ivaretekne, og fleire får lettare tilgang til strandsona.
Mekling med innlagt synfaring vart halde den 11. november 2008. Fylkesmannen påpeikte særleg at plasseringa av dei 4 bustadane nærast sjøen i feltet B3 er problematisk. Ei alternativ plassering av desse kunne eventuelt vurderast. Fylkes-mannen kunne også eventuelt gå med på ei redusert utbygging i naustområde BN2. Mekling førte ikkje fram.
Fylkesmannen viser i sitt oversendingsbrev hit av 11. mai 2009 til at planframlegget er problematisk i høve til det nasjonale byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. På prinsipielt grunnlag meiner fylkesmannen dessutan at nybygging må skje i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen. Reguleringsplanar som er i strid med kommuneplanen underminerer denne som styringsreiskap og gjer det langsiktige planarbeidet på kommunalt og regionalt nivå vanskeleg.
På bakgrunn av at planframlegget er i strid med kommuneplanen og strandsonevernet, tilrår fylkesmannen at planframlegget ikkje vert stadfesta.
Synfaring i saka vart halde den 15. september 2009 med representantar frå kommunen, fylkesmannen, utbyggjar, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.
Direktoratet for naturforvaltning (DN) ga uttale i saka i brev av 16.oktober 2009. DN tilrår at motsegna frå fylkesmannen når det gjeld dei fire nedste bustadane i B 3 vert teken til følgje, og at heile naustområdet BN 2 vert teken ut av planen. Det vert mellom anna peikt på at dei fire bustadane i B 3 vil kunne privatisere området ved Solsviksundet på ein slik måte at det vil redusere ferdsel langs stranda og hindre opphald og fiske.
DN meiner det er positivt at reguleringsplanen ryddar opp i eit uheldig utbyggingsmønster basert på mange einskilde dispensasjonar. Slik den funksjonelle strandsona er avmerka i arealdelen, er det opna for fortetting i den øvre byggeforbodssona i 100-metersbeltet. DN har ikkje merknader til dette.
Miljøverndepartementet si vurdering
Usemja i denne saka gjeld spørsmålet om å tillate plassering av eit byggjeområde med bustader og naust innanfor 100-metersbeltet langs sjøen.
Kommunen viser til at det er eit sterkt ønske om å få etablert nye bustader i denne delen av kommunen, og at det er ønskeleg å rydde opp i tidlegare dispensasjonssaker.
Det vert i den samanheng vist til at det aktuelle område ikkje lenger kan seiast å vere urørt. Området ligg for det meste i landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF), i gjeldande arealdel til kommuneplan.
Departementet har forståing for ønsket om fleire bustader utanom sentrum i kommunen, og at det vil vere rett å legge opp til dette gjennom utarbeiding av reguleringsplanar. Departementet kan likevel ikkje sjå at det er rett å bryte med dei føringar for utbygging som er lagt i overordna planer som i dette tilfelle. Departementet viser her til at den aktuelle reguleringsplanen bryt med kommuneplanen sin arealdel, og at planen legg opp til utbygging som er i strid med nasjonal og regional strandsonepolitikk. Til sist viser departementet og til at det i gjeldande kommuneplan er lagt ut område for spreidd busetnad vest for riksvegen.
Ut frå ovannemnde finn Miljøverndepartementet ikkje å kunne stadfeste føreliggande reguleringsplan slik den no er framstilt. Motsegna frå fylkesmannen vert såleis tatt til følgje.
Departementet finn likevel at det innanfor det aktuelle området bør kunne skje ei viss utbygging, men at denne må skje i samsvar med den nasjonale politikken for strandsonevernet. Departementet rår derfor til at kommunen i samråd med fylkesmannen finn fram til eit utbyggingsmønster som er i tråd med nemnde retningsliner, og dermed legg grunnlag for at planframlegget kan eigengodkjennast av kommunen. Planen må rettast opp i tråd med gjeldande regelverk for planframstilling.
Vedtak
I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 1985 finn departementet ikkje å kunne stadfesta Fjell kommunestyre sitt vedtak av 27. mars 2008 om reguleringsplan for Solsviksundet, Misje.
Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.
Med helsing
Erik Solheim
Kopi:
Fjell kommune, Pb 184, 5342 Straume
Hordaland fylkeskommune, Pb. 7900, 5020 Bergen
Direktoratet for naturforvaltning, Tungasletta 2, 7485 Trondheim