Forskrift om endring av forskrift 26. august 1999 nr 965 om tilskott til mjølkeproduksjon
Forskrift | Dato: 12.09.2005 | Landbruks- og matdepartementet
Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 12. september 2005 med heimel i lov av 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18, og etter samråd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
I
I forskrift 26. august 1999 nr. 965 om tilskott til mjølkeproduksjon vert følgjande endringar gjort:
§ 5 skal lyde:
§ 5. Generelle vilkår
Tilskott kan gis til ku- og geitmjølk som er:
1. |
produsert innafor landbrukseigedommen sin kvote 1> og som er levert til meieriselskap etter gjeldande forskrift om prisutjamningsordninga for mjølk 2>. Mjølka vart rekna som levert når ho er vege inn på tank. Tanken skal ha måleapparat godkjend av Justervesenet. |
2. |
produsert innafor landbrukseigedommen sin kvote, og omsett som foredla produkt, eller |
3. |
produsert med fritak frå overproduksjonsavgift 3>, og omsett som foredla produkt. |
Det vert berre gjeve tilskott til mjølk kor produksjon, og eventuell foredling og omsetjing oppfyller krav gjeve i gjeldande forskrift om produksjon og omsetning mv. av rå melk, varmebehandlet melk og melkebaserte produkter 4>.
1> |
Jf. forskrift av 7. januar 2003 nr. 14 om kvoteordningen for melk. |
2> |
Jf. forskrift av 4. desember 2003 nr. 1453 om prisutjevningsordningen for melk § 3 første ledd bokstav e. |
3> |
Jf. forskrift av 24. juni 2003 nr. 777 om fritak fra overproduksjonsavgift ved lokal foredling av melk. |
4> |
Jf. forskrift av 30. juni 1995 nr. 636 om produksjon og omsetning mv. av rå melk, varmebehandlet melk og melkebaserte produkter . |
§ 7 skal lyde:
§ 7. Omrekning av foredla produkt
Ved foredling etter § 5 første ledd punkt 2 og 3, reknes mengde omsatt mjølkeprodukt om til mengde foredla melk etter omregningsfaktorer fastsatt i gjeldende forskrift om kvoteordningen for melk 1>. Mengde liter omrekna mjølk er grunnlag for berekning av tilskott.
1> |
Jf. forskrift av 7. januar 2003 nr. 14 om kvoteordningen for melk § 2 anna og tredje ledd. |
§ 11 skal lyde:
§ 11. Utbetaling
Statens landbruksforvaltning betalar ut tilskott til meieriselskap som nemnt i § 5 første ledd punkt 1. Statens landbruksforvaltning kan betale ut tilskott á konto til kvart meieriselskap basert på prognosar for vedkomande månad og justere det for tidlegare utbetaling.
Meieriselskapet betalar tilskottet vidare til mjølkeproduksjonsføretaka. I den avrekninga som selskapet gjer overfor føretaka skal storleiken på tilskotta gå fram, og det skal opplysast kor store tilskottssatsane er.
Ved foredling etter § 5 første ledd punkt 2 og 3, kan føretak få utbetalt tilskott gjennom meieriselskap dersom det føreligg avtale med meieriselskapet om rapportering, jf. § 14. Føretak utan slik avtale kan få utbetalt tilskott frå Statens landbruksforvaltning. Føretak som rapporterer direkte til Statens landbruksforvaltning kan få utbetalt tilskott ein gong pr. halvår/år.
Statens landbruksforvaltning kan utbetale eit samla tilskott til grupperingar av meieriselskap som syter for utbetaling til kvart enkelt selskap og til grupperingar av føretak som samarbeider om foredling.
§ 14 første ledd skal lyde:
Meieriselskap som nemnt i § 5 første ledd punkt 1 skal kvar månad sende spesifisert oppgåve til Statens landbruksforvaltning med prognose for inneverande månad og registrerte tal for føregåande månad over kvantum med rett til tilskott og tilskottsbeløp og rapportert lokal foredling etter § 5 første ledd punkt 2 og 3.
§ 14 tredje ledd skal lyde:
Føretak som foredlar mjølk etter § 5 første ledd punkt 2 og 3, skal kvar månad føre spesifiserte oppgåver over mengde omsett foredla produkt. Ved samarbeid om foredling, må også fordelinga av mjølkemengda mellom dei enkelte produksjonsføretaka utarbeidast . Rapportane sendes enten til Statens landbruksforvaltning etter endt kalenderhalvår/år, eller etter avtale med den Statens landbruksforvaltning gir fullmakt.
§ 17 skal lyde:
§ 17. Avgjersle om tilskott og klage
Vedtak som er fatta etter denne forskrifta kan bli klaga inn for Landbruks- og matdepartementet etter reglane i lov av 10. februar 1967 (forvaltningslova) kap. VI. Klage må bli send via Statens landbruksforvaltning.
II
Endringane trer i kraft straks.