Høring om Forskrift om opptak til høyere utdanning for opptaksåret 2019-2020
Høring | Dato: 04.07.2018 | Kunnskapsdepartementet
Høyringsbrev Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning
Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.
Departementet vurderer normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. Alle innkomne forslag er vurdert i samråd med Samordna opptak (SO), som etter omorganisering av kunnskapssektoren nå er ein del av Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit). Det er gjort greie for forslaga til endringar i vedlagte høyringsnotat.
Høyringssaka er tilgjengeleg på regjeringen.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringsfråsegner på www.regjeringen.no/id2605937 Alternativt kan høyringsfråsegner sendast Kunnskapsdepartementet; postmottak@kd.dep.no Høyringsfråsegner er offentlege og blir publisert. Høyringsfristen er måndag 1. oktober 2018.
Vi viser også til vårt brev av 6. april 2018 til universitet og høgskolar. I dette brevet blei alle institusjonane som har studium der det er fastsett ein eller fleire spesielle kvotar og/eller studium der det er fastsett tilleggspoeng for kvinner, bede om å melde inn behovet for å vidareføre ordningane til eigne studium.
Departementet har innan fristen 15. juni d.å. fått tilbakemelding frå fire institusjonar. Ikkje alle har vore like tydelege på om dei meiner at det framleis er behov for særbehandling av kvinnelege søkjarar til studium som har slike tilleggspoeng. Vi minner om at det er fleire institusjonar som tilbyr t.d. bachelorstudium i ingeniørutdanning som ikkje har svart. Vi gjer merksam på at dei fastsette kvotane/tilleggspoenga ikkje vil bli vidareførte om ikkje institusjonane grunngir behov i tråd med fastsette vilkår, jf. kommentarar til § 7-9 i rundskriv F-01-18.
Vi ber igjen institusjonane som meiner at det er behov for å vidareføre noverande ordningar for kvinner om å grunngi dette. Fristen for å søkje om nye spesielle kvotar eller tilleggspoeng og eventuell vidareføring av tilleggspoeng for kvinner med sikte på opptak til studieåret 2019-2020 er den same som gjeld for høyringa av forskrifta. Søknader som blir mottekne etter denne fristen vil ikkje bli handsama.
Søknadane må omfatte følgjande:
- Kvifor ein (fortsatt) vil ha tilleggspoeng eller kvotar, mellom anna kva ubalansen i fordeling av kjønn skuldast, kvifor det er viktig med jamn balanse, kva effekt ein kan forventa.
- Kva slags tiltak som tidlegare er blitt vurdert og/eller prøvd ut.
- Kva er kjønnsbalansen på studiet og i yrket no?
- Veit ein noe om kva som er årsaka til skeiv kjønnsbalanse?
- Kvifor er det viktig med god kjønnsbalanse i den aktuelle utdanninga?
- Er det forhold i samfunnet eller i arbeidslivet eller blant brukarar som bør ivaretakast?
- Institusjonane må sjølve legge fram forventa effekt av å gje eit eller to kjønnspoeng.
- Kor mykje vil kjønnsandelen endre seg?
- Søknader skal angi start og sluttpunkt for tiltaket.
Vi gjer for ordens skuld merksam på at OsloMet – storbyuniversitetet har søkt om å få avslutte forsøksordning med karakterkrav i norsk for opptak til sjukepleiarutdanning, jf. § 4-2 punkt 7. Årsaka er nytt punkt 8 som gjeld alle bachelorstudium i sjukepleie frå og med opptak til studieåret 2019-2020, omfattar opptakskrava i forsøksordninga. Det er openbart ikkje nødvendig å sende dette på høyring.
Departementet oppmodar høyringsinstansane til å nytte nynorsk i deira høyringssvar, og når dei eventuelt søkjer om tilleggspoeng og/eller kvotar.
Med helsing
Toril Johansson (e.f.)
ekspedisjonssjef Inger Johanne Christiansen
seniorrådgiver
Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar
Vedlegg
Universiteter og høyskoler
Unit - Direktoratet for IKT og Fellestjenester i høyere utdanning og forskning
Utdanningsdirektoratet
Fylkesmennene
Fylkeskommunene
Videregående skoler
Fagskoler
Elev og studentorganisasjoner
Kopi:
Universitets- og høgskolerådet
Rådet for offentlige fagskoler
Forum for fagskoler
Departementene
Lærerorganisasjonene
Forskerforbundet
Statens lånekasse for utdanning
Likestilings- og diskrimineringsombudet
Kompetanse Norge
NOKUT
NAV