Forslag om å flytte føresegnene i fiskeriforbodslova over til havressurslova
Høring | Dato: 10.10.2016 | Nærings- og fiskeridepartementet
Høyringsbrev - forslag om å flytte føresegnene i fiskeriforbodslova over til havressurslova.
Nærings- og fiskeridepartementet har utarbeidd eit høyringsnotat med forslag til oppheving av fiskeriforbodslova og endringar i havressurslova, jf. vedlegg.
Frist for å sende ei høyringsfråsegn er 10. januar 2017.
Høyringar er opne, og alle kan sende innspel til oss. Vi ber om at dere sender inn høyringsfråsegner digitalt ved å bruke skjema for høyringsfråsegner på www.regjeringen.no.
1. Hovudinnhaldet i høyringsnotatet
Departementet foreslår i dette høyringsnotatet å oppheve lov 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann (fiskeriforbodslova) ved å flytte dei attverande føresegnene i lova til lov 6. juli 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova). Departementet foreslår i tillegg enkelte tekniske justeringar i lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomiske sonelova).
Fiskeriforbodslova regulerer fiske og anna fiskerirelatert verksemd for dei som ikkje er norske statsborgarar eller likestilte med norske stasborgarar. Ved ei lovendring i 2013 vart fleire av føresegnene i fiskeriforbodslova oppheva eller flytta til andre lover. Forslaget i dette høyringsnotatet går ut på å flytte dei attverande føresegnene i fiskeriforbodslova til havressurslova og inneber i hovudsak ingen materielle endringar. Hovudformålet med lovforslaget er å forenkle regelverket. Ei flytting vil dessutan medføre ei oppdatering av føresegnene i lova til eit meir moderne språk og ein meir oppdatert lovteknikk.
Forslaget inneber likevel ei materiell endring ved at føresegnene om sanksjonar og inndraging i havressurslova vil gjelde ved brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova. Departementet ser det som en fordel at det meir moderne sanksjonssystemet i havressurslova kan gjelde ved brot på dei aktuelle føresegnene.
Lovforslaget inneber i hovudsak at:
- fiskeriforbodslova vert oppheva
- føresegnene som avgrensar fiskeriaktiviteten i territorialfarvatnet til dei som verken er norske statsborgarar eller likestilte med norske statsborgarar vert tatt inn i eit nytt kapittel 4 a i havressurslova
- sanksjons- og reaksjonsføresegnene i havressurslova vil gjelde ved brot på dei nye føresegnene i kapittel 4 a i havressurslova
2. Vurdering av behov for endringar
Departementet har relativt nyleg gjennomført ein fullstendig gjennomgang av fiskeriforbodslova der ein vurderte om ein burde oppheve føresegnene i lova eller flytte dei til andre lover. Dette arbeidet resulterte i eit lovvedtak 31. mai 2013 der dei fleste av føresegnene i lova vart oppheva eller flytta til andre lover, hovudsakleg til havressurslova, jf. Prop. 59 L (2012-2013) Endringer i deltakerloven, fiskeriforbodslova mv. Etter ei totalvurdering vart sjølve forbodet mot at utlendingar fiskar i territorialfarvatnet og enkelte andre føresegner verande igjen i ei stuttare utgåve av fiskeriforbodslova.
Nærings- og fiskeridepartementet meiner etter ei ny vurdering at dei beste grunnar no taler for å flytte dei attverande føresegnene i fiskeriforbodslova til havressurslova, slik at fiskeriforbodslova kan opphevast.
Det er fleire moment som talar for ei slik løysing. For det første er det eit politisk ønske om å oppheve unødige lover. Det er i seg sjølv ei forenkling at vi får ei lov mindre. For det andre inneber ei flytting av dei attverande føresegnene i lova ei oppdatering til eit moderne språk og ein betre lovteknikk. For det tredje vil det vere positivt at det meir moderne og oppdaterte reaksjons- og sanksjonssystemet i havressurslova vil gjelde for dei aktuelle føresegnene dersom dei vert flytta, i staden for dei eldre straffe- og inndragingsføresegnene i fiskeriforbodslova.
Samstundes er det ein absolutt føresetnad at flyttinga ikkje inneber at føresegnene får endra verkeområde. Fiskeriforbodslova og havressurslova har ulike verkeområde, mellom anna gjeld ikkje fiskeriforbodslova i territorialfarvatnet ved Svalbard. Dette har samanheng med at føresegnene i fiskeriforbodslova, til dømes fiskeriforbodet i § 3, diskriminerer etter nasjonalitet. Det er ikkje aktuelt å innføre slike diskriminerande føresegner i territorialfarvatnet ved Svalbard. Departementet meiner derfor at det er nødvendig å presisere i lovteksten at desse føresegnene har eit meir avgrensa verkeområde enn andre føresegner i havressurslova.
Departementet meiner at det beste er å flytte dei attverande føresegnene i fiskeriforbodslova til eit eige kapittel i havressurslova, og at ein i dette kapittelet har ei eiga føresegn som avgrensar det stadlege verkeområdet. På denne måten vil det komme klarare fram at reglane som tidlegare var i fiskeriforbodslova har eit anna verkeområde enn dei andre føresegnene i havressurslova. Det er i denne samanheng naturleg å ta inn i kapitlet føresegnene i havressurslova § 23 a som gjeld forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting av fisk. Lova vil såleis verte meir ryddig når det gjeld føresegnene som inneber diskriminering etter nasjonalitet.
3. Nærmare om forslaga til lovendringar
3.1 Stadleg verkeområde
3.1.1 Gjeldande rett
Fiskeriforbodslova og økonomiske sonelova
Det følgjer av fiskeriforbodslova § 1 at det stadlege verkeområdet til lova er norsk territorialfarvatn, medrekna territorialfarvatnet ved Jan Mayen. Etter fiskeriforbodslova § 1 andre punktum gjeld fiskeriforbodslova ikkje for territorialfarvatnet ved Svalbard.
Utstrekninga av territorialfarvatnet er regulert i lov om Norges territorialfarvann og tilstøtende sone (territorialfarvatnslova). Etter § 1 i lova omfatter territorialfarvatnet til Noreg både i sjøterritoriet og dei indre farvatna. Sjøterritoriet er havområda frå grunnlinjene og ut til 12 nautiske mil frå desse, og indre farvatn er farvatn som ligg innafor grunnlinjene, jf. territorialfarvatnlova §§ 2 og 3.
Føresegnene i fiskeriforbodslova gjeld tilsvarande i område oppretta med heimel i økonomiske sonelova, jf. økonomiske sonelova § 3. Med heimel i økonomiske sonelova § 1 og i tråd med Havrettskonvensjonen kapittel V er det oppretta soner på inntil 200 nautiske mil utanfor grunnlinjene ved fastlandet, Jan Mayen og Svalbard, jf. forskrift 17. desember 1976 nr. 15 om iverksettelse av Norges økonomiske sone, forskrift 23. mai 1980 nr. 4 om opprettelse av fiskerisonen ved Jan Mayen og forskrift 3. juni 1977 nr. 6 om fiskevernsonen ved Svalbard. Det er likevel fastsatt i forskrifta om fiskevernsona ved Svalbard § 2 at føresegnene førebels ikkje gjeld i fiskevernsona.
Havressurslova
Havressurslovagjeld mellom anna for alle fartøy i norsk sjøterritorium og indre farvatn og i område oppretta med heimel i økonomiske sonelova § 1 og § 5, jf. havressurslova § 4 første ledd. I områda som er oppretta med heimel i økonomiske sonelova gjeld forskrifter fastsett med heimel i havressurslova berre for utlendingar og utanlandske føretak når det er fastsett i forskriftene, jf. havressurslova § 5 første ledd.
Havressurslova har såleis eit vidare stadleg verkeområde enn føresegnene i fiskeriforbodslova som berre gjeld i territorialfarvatnet og dessutan ikkje i territorialfarvatnet ved Svalbard.
3.1.2 Departementet si vurdering
Det er ein absolutt føresetnad at dei attverande føresegnene i fiskeriforbodslova skal ha det same stadlege verkeområdet etter flyttinga til havressurslova. Det er derfor nødvendig å ta inne ei eiga føresegn i havressurslova som presiserer eit særskilt verkeområde for dei nye føresegnene.
Departementet foreslår på denne bakgrunn å lage eit eige kapittel 4 a i havressurslova om fiskeriaktiviteten til utlendingar i territorialfarvatnet, og at dette kapittelet har ei eiga føresegn som avgrensar det stadlege verkeområdet i høve til føresegnene i havressurslova § 4. På denne måten vil det komme klarare fram at reglane som no er i fiskeriforbodslova skal ha eit anna verkeområde enn det alminnelige verkeområdet til havressurslova.
Ved lovendringa i 2013 vart føresegna om forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting av fisk flytta frå fiskeriforbodslova til havressurslova § 23 a. Det vart da presisert i lovteksten at denne føresegna ikkje skulle gjelde i fiskevernsona og territorialfarvatnet ved Svalbard. Departementet foreslår at denne regelen, med nødvendige tekniske justeringar, vert flytta til ein ny § 23 c i det nye kapittelet 4 a i havressurslova, slik at føresegnene med same verkeområde kan finnast i same kapittel.
Departementet legg dessutan opp til å justere føresegnene i økonomiske sonelova §§ 3 og 6 som i dag viser til fiskeriforbodslova og havressurslova § 23 a, slik at dei i staden viser til nytt kapittel 4 a i havressurslova.
Forslag
På denne bakgrunn foreslår departementet å
- oppheve fiskeriforbodslova § 1
- innføre eit nytt kapittel 4 a i havressurslova om fiskeriaktiviteten til utlendingar i territorialfarvatnet, med same stadlege verkeområde som fiskeriforbodslova
- flytte føresegna i havressurslova § 23 a (forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting) til ei ny føresegn i nytt kapittel 4 a
- endre økonomiske sonelova § 3 og § 6 slik at dei viser til havressurslova kapittel 4 a, og ikkje til fiskeriforbodslova eller noverande § 23 a i fiskeriforbodslova.
Føresegnene som tas inn i havressurslova vil også gjelde i territorialfarvatnet ved Bouvetøya. Det same gjeld Dronning Maud Land og Peter I Øy dersom territorialfarvatnslova trer i kraft i desse områda.
3.2 Fiskeriforbodslova § 3 – fiskeriforbodet
3.2.1 Gjeldande rett
Fiskeriforbodslova inneheld eit forbod mot fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar i territorialfarvatnet for dei som ikkje er norske statsborgarar eller likestilte med norske statsborgarar etter deltakarlova § 5, jf. fiskeriforbodslova § 3 første ledd. Dessutan gjeld eit forbod mot å bruke andre fartøy enn norske, jf. § 3 andre ledd. Som norsk fartøy vert rekna fartøy som er omfatta av verkeområdet til deltakarlova § 2. Som norske fartøy i denne samanheng vert dessutan rekna fartøy som kan tildelast ervervsløyve etter føresegner fastsette i medhald av deltakarlova § 2 andre ledd andre punktum.
Bakgrunnen for forboda var i si tid eit ønske om å redusere fiskepresset frå utanlandske fartøy i havområde nær Noreg. Forbodet var viktigare før det vart oppretta økonomisk sone i 1976, noko som gav Noreg suverene rettar til å utnytte mellom anna levande marine ressursar helt ut til 200 nautiske mil. Ein har likevel gjeve fartøy frå andre statar lov til å fiske i Norsk økonomisk sone etter overeinskomst med Noreg, men ikkje innanfor 12-milsgrensa, jf. særleg økonomiske sonelova § 6. Ei rekkje statar har liknande reglar.
Etter havressurslova § 22 fjerde ledd kan dei som ikkje er norske statsborgarar eller likestilte med norske statsborgarar likevel drive sportsfiske med handreiskapar, jf. fiskeriforbodslova § 3 tredje ledd. Det følgjer av havressurslova § 22 sjuande ledd at denne avgrensinga ikkje gjeld i fiskevernsona eller territorialfarvatnet ved Svalbard.
3.2.2 Departementet si vurdering
Departementet foreslår å føre vidare fiskeriforbodet og forbodet mot å bruke andre fartøy enn norske i norsk territorialfarvatn og Norsk økonomisk sone. Forboda vil framleis ikkje gjelde for sportsfiske og rekreasjonsfiske som er lovleg for dei som ikkje er norsk statsborgarar eller likestilte med norske statsborgarar i medhald av havressurslova § 22 fjerde ledd, jf. sjette og sjuande ledd.
Forslag
På denne bakgrunn foreslår departementet å
- oppheve fiskeriforbodslova § 3
- flytte føresegnene i fiskeriforbodslova § 3 (fiskeriforbodet) til ei ny føresegn i havressurslova § 23 b første, andre og tredje ledd
3.3 Fiskeriforbodslova § 4 – prøvedrift av nye fartøytypar eller reiskap
3.3.1 Gjeldande rett
Fiskeriforbodslova § 4 gir Fiskeridirektoratet kompetanse til å dispensere frå regelen om at berre den som er norsk eller likestilt med norsk statsborger kan drive fiske og fangst i territorialfarvatnet. Ein kan gje dispensasjon når prøvedrift av nye fartøytypar eller reiskapar eller andre særlege grunnar gjer det ønskeleg.
Føresegnene i fiskeriforbodslova § 4 opnar for å tillate bruk av utlendingar som mannskap, lottfiskarar eller fartøyførarar i større utstrekning enn kva som er tillate etter deltakarlova § 5 a, ved slik prøvedrift av fartøy som nemnt ovanfor.
Regelen kom inn i fiskeriregelverket ved fiskerigrenselova av 1906 og har med unntak av nokre redaksjonelle endringar vore uendra sidan da.
3.3.2 Departementet si vurdering
Ved lovendringa i 2013 vart regelen vidareført fordi det vart registrert eit behov for dispensasjon frå nasjonalitetskravet og bustadskravet ved prøvedrift av reiskapar. Vedtakskompetansen vart lagt til Fiskeridirektoratet i staden for departementet. Departementet meiner at det framleis er behov for regelen, og meiner det formålstenleg å føre regelen vidare i havressurslova, men slik at den kjem fram i same føresegn som fiskeriforbodet. Ein viser til forslag til ny § 23 b fjerde ledd i havressurslova.
Forslag
På denne bakgrunn foreslår departementet å
- oppheve fiskeriforbodslova § 4
- flytte det materielle innhaldet i fiskeriforbodslova § 4 til ei ny føresegn i havressurslova § 23 b fjerde ledd (forbod for utlendingar mot å drive fiske)
3.4 Fiskeriforbodslova § 6 – unntak i særlege tilfelle
3.4.1 Gjeldande rett
Fiskeriforbodslova § 6 gjev kongen heimel til å gjere unntak frå fiskeriforbodet i § 3 i avgrensa område i territorialfarvatnet i særlege tilfelle. Føresegna opnar for unntak frå forbodet i § 3. For område der det er gjeve slik løyve, kan ein fastsetje at den lovlege verksemda heilt eller delvis ikkje skal vere underlagt norsk lov.
Føresegna i § 6 er ei vidareføring av fiskerigrenselova av 1961 § 2 og kom inn i fiskeriforbodslova ved utvidinga av fiskerigrensa frå 4 til 12 nautiske mil. Det følgjer av forarbeida at unntak normalt berre kjem på tale i dei tilfelle der det er nødvendig av omsynet til overeinskomst med framand stat, jf. Ot.prp. nr. 40 (1960-61).
Ved resolusjon 8. juni 1967 gjorde kongen unntak frå forboda i fiskeriforbodslova § 3 i området mellom 4 og 12 nautiske mil på kyststrekninga aust for Lindesnes, for fartøy registrerte i Danmark og Sverige, jf. St.prp. nr. 75 (1966-67). Danske og svenske fartøy som driv fiske i dette området er ikkje undergjevne norsk lovgiving. Dette er i samsvar med overeinskomst 19. desember 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige om gjensidig fiske i Skagerrak og Kattegat. Avtalen varte til 6. august 2012. Ein ny avtale, avtale mellom Norge og Den europeiske union EU om gjensidig adgang til fiske i Skagerrak for fartøyer som fører dansk, norsk eller svensk flagg, vart underteikna 15. januar 2015. Avtalen har ennå ikkje trådd i kraft, men er gitt førebels verknad.
Fiskeriforbodslova § 6 er eit av fleire heimelsgrunnlag for å tillate forskingsaktivitet med utanlandske fartøy, jf. forskrift 30. mars 2001 nr. 360 om utenlandsk vitenskaplig havforskning i Norges indre farvann, sjøterritorium og økonomisk sone og på kontinentalsokkelen. Dispensasjonsføresegna er såleis nødvendige for å kunne gje løyve til vitskapeleg havforsking.
3.4.2 Departementet si vurdering
Dispensasjonsføresegna i fiskeriforbodslova § 6 er nødvendig for å ivareta forpliktingar som Noreg har teke på seg i overeinskomst med framand stat, og for å kunne gje løyve til vitskapeleg havforsking. Departementet meiner derfor at ein bør føre vidare det materielle innhaldet i fiskeriforbodslova § 6.
Forslag
På denne bakgrunn foreslår departementet å
- oppheve fiskeriforbodslova § 6
- flytte det materielle innhaldet i fiskeriforbodslova § 6 til ei ny føresegn i havressurslova § 23 d (unntak frå forboda i bestemte område)
3.5 Fiskeriforbodslova § 10 og § 11 og havressurslova § 23 a, jf. kapittel 12 – sanksjonssystemet
3.5.1 Gjeldande rett
Brot på fiskeriforbodslova kan etter § 10 straffast med bøter. For gjentekne lovbrot eller ved særleg alvorlege høve, kan lovbrot straffast med bøter eller fengsel inntil 3 månader eller begge delar. I tillegg kan ein ved brot på fiskeriforbodslova § 3 inndra fartøy, fangst og anna utstyr, same kven som er eigar, jf. § 10. I staden for sjølve tingen, kan ein inndra verdien (straffeprosessuell inndraging).
Brot på havressurslova § 23 a som gjeld forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting av fisk, er i dag ikkje straffbart etter havressurslova kapittel 12 om straffansvar.
3.5.2 Departementet si vurdering
Som gjennomgangen ovanfor viser, foreslår departementet å flytte dei attverande føresegnene i fiskeriforbodslova til havressurslova.
Departementet meiner at det framleis er for heimel for å kunne reagere ved brot på føresegnene i nytt kapittel 4 a. Vi ser det som naturleg å erstatte sanksjons- og reaksjonsreglane i fiskeriforbodslova med sanksjons- og reaksjonsreglane i havressurslova. Dette medfører at det meir moderne og oppdaterte reaksjons- og sanksjonssystemet i havressurslova vil gjelde, noko som er positivt fordi forvaltninga og domstolane da kan velje mellom fleire ulike reaksjonar tilpassa kor alvorleg lovbrotet er.
Dette betyr også at brot på føresegnene i nytt kapittel 4 a, inkludert nytt føresegn om forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting av fisk (ny § 23 c) , kan straffast etter §§ 61 eller 64.
Strafferamme
Ved å bruke sanksjonssystem i havressurslova kapittel 12 vil ein utvide strafferamma frå bøter eller fengsel inntil 3 månader til bøter eller fengsel i inntil 1 år, eller seks år ved grove lovbrot. Forsøk og medverknad vert straffa på same måte.
Straffeprosessuell inndraging
Ved brot på nytt kapittel 4 a kan ein inndra fangst (straffeprosessuell inndraging), jf. havressurslova § 65.
Administrativ inndraging
I kapittel 9 i havressurslova er det ei føresegn om inndraging av fangst eller verdien av fangst som er hausta i strid med føresegner som er fastsette i medhald av havressurslova eller deltakarlova (administrativ inndraging), jf. § 54. Fiskeriforbodslova har ikkje ein tilsvarande regel.
Havressurslova § 54 er eit utslag av det grunnleggjande prinsipp om at haustarar av dei marine ressursane ikkje skal få verdien av fangsten ”dersom han ikkje har løyve til å fiske, eller fangsten er ulovleg etter kvotereglar eller andre reglar” jf. Ot.prp. nr. 20 (2007-2008) om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova). Det er altså ikkje tale om ein sanksjon i form av straff, men inndraging av fangst som av ein eller anna grunn er ulovleg, og som det derfor ikkje er lov å høyste. Inndraging har altså ikkje eit pønalt formål, og skjer utan vurdering av skuld. Det er tilstrekkeleg å påvise at fangsten objektivt sett er hausta i strid med lova.
Departementet ser på det som positivt at ein no kan bruke administrativ inndraging når utlendingar bryt fiskeriforbodet.
Lovbrotsgebyr og tvangsmulkt
Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner som er fastsette i eller i medhald av havressurslova, kan påleggjast lovbrotsgebyr, jf. havressurslova § 59. Fiskeriforbodslova har ikkje ein tilsvarande regel. Havressurslova § 58 gjev heimel for å påleggje tvangsmulkt for å sikre at føresegner som er fastsette i eller i medhald av havressurslova vert følgde.
Forskrift 20. desember 2011 nr. 1437 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova (LBG-forskrifta) gjev nærare føresegner om bruk av desse to reaksjonsformene.
Departementet meiner det er positivt at det er heimel for lovbrotsgebyr ved brot på føresegnene i nytt kapittel 4 a i havressurslova. Det er en føresetnad for bruk av lovbrotsgebyr ved brot på kapittel 4 a at LBG-forskrifta vert endra etter ein eigen høyringsprosess.
Forsøk
Forsøk vil etter lovendringa vere straffbart, noe det ikkje er etter fiskeriforbodslova, jf. lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff (straffeloven) § 16 første ledd:
"Den som har forsett om å fullbyrde et lovbrudd som kan medføre fengsel i 1 år eller mer, og som foretar noe som leder direkte mot utføringen, straffes for forsøk, når ikke annet er bestemt."
Forslag
På denne bakgrunn foreslår departementet å
- oppheve fiskeriforbodslova § 10 og § 11
Dette inneberer at sanksjonar og reaksjonar i havressurslova kapittel 11 og 12 vil gjelde ved brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova til havressurslova.
4. Administrative og økonomiske konsekvensar, konsekvensar for det samiske folk
Hovudformålet med lovforslaget er å forenkle regelverket. Ei flytting medfører også ei oppdatering av dei attverande føresegnene i lova til eit meir moderne språk og ein meir oppdatert lovteknikk.
Forslaget inneber ei inkorporering av ei lov i ei anna og i hovudsak ingen materielle endringar, med unntak for reglar om sanksjonar og inndraging kor ei flytting vil innebere at det meir moderne og oppdaterte sanksjonssystemet i havressurslova vil gjelde. Dette er positivt. Desse endringane har ingen økonomiske konsekvensar.
Når ein inndrar fangst eller verdien av fangst, tilfell dette vedkomande salslag eller staten, jf. havressurslova § 54.
Departementet kan ikkje sjå at forslaget har nokre spesielle konsekvensar for det samiske folket.
5. Departementet sine forslag til lovendringar
I
Lov om oppheving av lov 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann (fiskeriforbudsloven) vert oppheva.
II
I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) vert det gjort følgjande endringar:
Gjeldande § 23 a i havressurslova vert oppheve, og blir erstatta av § 23 c i nytt kapittel 4 a.
Nytt kapittel 4 a med §§ 23 a til 23 d skal lyde:
Kapittel 4 a. Avgrensingar i fiskeriaktiviteten til utlendingar i territorialfarvatnet
§ 23 a. Avgrensa stadleg verkeområde for kapittel 4 a
Kapittel 4 a gjeld berre i norsk territorialfarvatn, men likevel ikkje i territorialfarvatnet ved Svalbard.
§ 23 b. Forbod for utlendingar mot å drive fiske
Det er forbode å drive fiske, fangst eller anna hausting av viltlevende marine ressursar for den som ikkje er norsk statsborger eller likestilt med norsk statsborger i medhald av deltakerloven § 5.
Det er forbode å nytte fartøy som ikkje er norsk til fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Som norsk fartøy vert rekna fartøy som er omfatta av verkeområdet til deltakerloven § 2.
Forboda i første og andre ledd gjeld ikkje sportsfiske og rekreasjonsfiske etter § 22 fjerde og sjette ledd.
Fiskeridirektoratet kan for eit enkelt høve eller for eit kortare tidsrom gjere unntak frå andre ledd og frå bustadkravet i deltakarlova § 5 a dersom prøvedrift av nye fartøytypar eller reiskap eller andre særlege grunner gjer det ønskeleg.
§ 23 c. Forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting
For den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar i medhald av deltakerloven § 5, er det forbode å tilverke, pakke eller laste om viltlevande marine ressursar eller delar og produkt av slike. Forbodet gjeld fangst både frå norske og utanlandske fartøy.
Forbodet mot tilverking omfattar alt vidare arbeid med fangsten om bord i fartøyet etter at fangsten eventuelt er bløgga, sløgd og hovudkappa. Innfrysing utan at det vert arbeidd vidare med fangsten, vert likevel ikkje rekna som tilverking.
Forbodet mot pakking omfattar ikkje pakking som er naturleg fordi fangsten skal frysast inn om bord og deretter verte transportert med fartøyet. Det er ein føresetnad at den aktuelle innpakkinga er ueigna for sal til forbrukar eller annan sluttbrukar.
Fiskeridirektoratet kan gjere unntak frå forbodetmot tilverking, pakking og omlasting når særlege grunnar tilseier det.
For norskfanga fisk kan Fiskeridirektoratet også gjere unntak frå forbodet mot tilverking, pakking og omlasting når følgjande vilkår er oppfylte:
- omsynet til omsetningstilhøva tilseier det, og
- omsynet til produksjonen ved foredlingsanlegga i land ikkje talar imot.
Unntak etter femte ledd skal gjevast for eit bestemt kvantum, for eit bestemt tilfelle, for bestemte fiskeslag og for eit bestemt tidsrom.
§ 23 d. Unntak frå forboda i bestemte område
I særlege tilfelle kan Kongen i forskrift gjere unntak frå føresegnene i dette kapittel for bestemte område. Kongen kan gje føresegner om at fiskeriverksemd som får slikt unntak, heilt eller delvis ikkje skal vere underlagt norsk lovgjeving.
III
I lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomiske soneloven) blir det gjort følgjande endringar:
§ 3 første ledd skal lyde:
Det er forbudt å drive fiske eller fangst eller annen utnyttelse av viltlevende marine ressurser innenfor den økonomiske sonen for den som ikke faller inn under lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst § 5. Bestemmelsene i havressurslova gjelder tilsvarende i den økonomiske sone.
§ 6 skal lyde:
Kongen kan gjøre unntak fra bestemmelsene i §§ 3, 4 og 5 eller forskrift gitt i medhold av disse i området mellom 12 nautiske mil og 200 nautiske mil når dette er nødvendig av hensyn til overenskomst med fremmed stat eller hvor særlige hensyn tilsier det. Slike unntak kan også gjøres gjeldende innenfor 12 nautiske mil for så vidt angår områder der kapittel 4 a i lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) ikke er iverksatt.
- Fiskebåt
- Fiskeridirektoratet
- Fiskekjøpernes Forening
- Det norske maskinistforbund
- Justis- og beredskapsdepartementet
- Kystvakta
- Landsorganisasjonen i Norge
- Norges Fiskarlag
- Norges Kystfiskarlag
- Norsk Sjømannsforbund
- Norske Sjømatbedrifters Landsforening
- Pelagisk Forening
- Regelrådet
- Sametinget
- Statsadvokatembetene i Tromsø og Stavanger
- Sjømat Norge
- Utenriksdepartementet
Følg saken
-
05.07.2017
Nytt turistfiske-regelverk
Pressemelding | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag fastsatt forskrift om turistfiskevirksomheter. Dette er en del av oppfølgingen av høringen i fjor høst om nytt regelverk som skal regulere turistfiskenæringen. Den nye forskriften trer i kraft 1. januar 2018.
-
21.04.2017
Prop. 119 L (2016–2017) - Endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.)
Proposisjon | Nærings- og fiskeridepartementet
Proposisjonen inneheld forslag om å gje departementet heimel til å regulere turistfiskenæringa. Departementet vil kunne stille krav om rapportering av fangst og registrering av verksemd. Regjeringa foreslår dessutan å forenkle fiskerilovgjevinga ved å flytte føresegnene i fiskeriforbodslova til havressurslova, slik at vi får ei lov mindre.
-
10.10.2016
Forslag om å flytte føresegnene i fiskeriforbodslova over til havressurslova
Høring | Nærings- og fiskeridepartementet
Departementet foreslår i dette høyringsnotatet å oppheve fiskeriforbodslova ved å flytte dei attverande føresegnene i fiskeriforbodslova over til havressurslova. Departementet foreslår i tillegg enkelte tekniske justeringar i økonomiske sonelova.
Status: Ferdigbehandlet
Høringsfrist: 10.01.2017
-
28.09.2016
Forslag til endringer i havressursloven § 22 om sports- og rekreasjonsfiske og til ny forskrift om turistfiskevirksomheter m.v.
Høring | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet foreslår en enkel registreringsordning for turistfiskebedrifter og rapportering av gjestenes fangst. Kvoten for hvor mye fisk som kan tas ut av landet foreslås økt fra 15 kg til 30 kg for turister som har fisket ved en registrert bedrift.
Status: Ferdigbehandlet
Høringsfrist: 09.11.2016
-
08.09.2011
Høring av arbeidsgrupperapport om turistfiske i sjø
Høring | Nærings- og fiskeridepartementet
Status: Under behandling
Høringsfrist: 09.12.2011
-
29.06.2011
Turistfiske i sjø
Rapport | Nærings- og fiskeridepartementet
Vurdering av mulige forvaltningstiltak overfor næringsvirksomhet basert på turistfiske i sjø. Rapport fra partssammensatt arbeidsgruppe (27. juni 2011).
-
19.11.2008