Fvl. § 28 - Om rettslig klageinteresse og avkall på klagerett

Vi viser til e-post den 24. april 2024 med spørsmål om rettsleg klageinteresse og avkall på klagerett i ei seksjoneringssak. Departementet tek ikkje stilling til konkrete saker, men kan på generelt grunnlag foreta tolking av regelverk som vi har ansvar for, blant anna eierseksjonsloven.

Ditt første spørsmål er om ein som har inngått avtale om kjøp av ein bustad, men som enda ikkje har fått overdrege heimel til seksjonen, kan ha rettsleg klageinteresse på eit seksjoneringsvedtak.

Vi viser til uttalen som departementet har gitt i sak 18/2964 om klagerett i seksjoneringssaker. Kommunen må som seksjoneringsmyndigheit vurdere konkret i den enkelte sak kven som kan ha rettsleg klageinteresse jf. forvaltningsloven § 28. I den nemnde uttalen legg departementet til grunn at leigarar og hjemmelshavarar etter ei konkret vurdering kan ha rettsleg klageinteresse på eit positivt seksjoneringsvedtak. Det same gjeld ein som har inngått kjøpskontrakt, men som enda ikkje har fått overdrege heimel til seksjonen.

Ditt andre spørsmål er om ein kan betrakte eit samtykke til seksjonering frå panthavar/urådighetshavar, som ligg vedlagt ein seksjoneringssøknad, som tilstrekkeleg avkall på klagerett.

Vi viser til uttale i sak 18/2964 der departementet antar at ein søkar kan gje avkall på klageretten i seksjoneringssaker etter at vedtaket er treft. Ditt spørsmål gjeld der ein panthavar/urådighetshavar har gitt samtykke til seksjonering før det har blitt fatta eit seksjoneringsvedtak. I eit slikt tilfelle blir spørsmålet om samtykket gjer at vedkomande taper/mister ein rettsleg klageinteresse vedkomande elles ville hatt.

Departementet meiner at kommunen må vurdere dette konkret i det enkelte tilfelle. Sentralt i vurderinga blir om det er rimeleg at den det gjeld får prøva saken på nytt. Dersom ein panthavar/urådighetshavar på førehand har gitt skriftleg samtykke til seksjonering, og det blir fatta seksjoneringsvedtak i samsvar med det vedkomande har samtykka til, vil det være liten grunn til at vedkomande skal kunne klage på vedtaket. Dersom vedtaket omfattar noko meir eller anna enn det det er gitt samtykke til, blir vurderinga ei anna. Sjå til dømes Sivilombudet sin uttale i sak 2007/474 der Sivilombudet konkluderte med at ein nabo som hadde samtykka i eit byggetiltak gjennom signatur på nabovarsel likevel hadde rettsleg klageinteresse.

Ditt tredje spørsmål er om det gjeld noko formkrav til avkall på klagerett.

Avkall på klagerett må gis på ein klar og utvitydig måte jf. departementet sin uttale i sak 18/2964. Det er ingen formelle krav til korleis eit avkall på klagerett skal sjå ut, men eit avkall bør være skriftleg for å sikre notoritet.