Fylkesplan for Sogn og Fjordane 2005 – 2008
Kongeleg resolusjon | Dato: 27.02.2009 | Klima- og miljødepartementet
Opphavleg utgjeve av: Miljøverndepartementet
Nr: 200603075
Fylkesplan for Sogn og Fjordane 2005 – 2008, vedteken av fylkestinget 9. juni 2004, vert godkjent i medhald av plan- og bygningslova sin § 19-4, med dei merknader og atterhald som er nemnt i Miljøverndepartementet sitt foredrag i saka.
Miljøverndepartementet har i oversending av 30.08.2006 motteke fylkesplan for Sogn og Fjordane fylke 2005 – 2008 til sentral godkjenning.
Fylkesplan for Sogn og Fjordane 2005 – 2008 er sett saman av eit mål- og strategidokument og ein handlingsplan for kvart av dei sju satsingsområda. I tråd med framlegget til ny planlov har fylket utarbeidd ein regional strategi som vert kalla Vegen vidare for Sogn og Fjordane. Det overordna målet i fylkesplanen er å oppretthalde folketalet og busetnadsmønster, der det blir lagt vekt på verdiskaping og gode bu- og levevilkår. Det skjer gjennom å ta heile fylket i bruk ved å nytte kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte samt gi innbyggjarane moglegheit til å skape seg eit rikt og meiningsfylt liv der god helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande verdiar.
Satsingsområda er:
Verdiskaping i:
- Industrien
- Småskala/mangesysleri
- Sjøretta aktivitet
- Tenesteyting/nye næringar
Innafor ”bu og leve” gjennom arbeid med:
- Folkehelse
- Ungdom
- Folkestyre og medverknad
Til kvart satsingsområde er det formulert ulike eksplisitte ”Vi vil-krav” til staten.
I den regionale strategien er det også teke med nokre grunnleggjande tema som
bygger opp under og er ein føresetnad for arbeidet i satsingsområda.
Tema er: Berekraftig utvikling/balansert utvikling mellom bruk og vern, infrastruktur/samferdsel, kultur og identitet og kompetanse og opplæring.
Planen har vorte til gjennom deltaking frå kommunane, offentlege etatar, næringslivet og frivillige organisasjonar. I arbeidet med fylkesplanen er regionane trekte aktivt inn i utarbeiding og konkretisering av måla og strategiane
(7 arbeidsgrupper). Regionråda har særleg vore sentrale i gjennomføringsfasen.
Regjeringa sluttar seg i all hovudsak til både mål og strategiar og meinar fylkesplanen er eit godt styringsdokument for planperioden.
Likestilling står framleis sentralt i Regjeringas politikk. Hovudmålsetjinga om å satse på verdiskaping og gode oppvekstmiljø føreset lokalsamfunn kor kvinner sine behov og interesser blir tekne vare på, og kor kvinner har same moglegheiter som menn til deltaking og rett til å bestemme i politikken og i arbeidslivet. Det må leggjast vekt på å utvikle kvinneretta tiltak.
Regjeringa understrekar at prinsippa om universell utforming skal leggjast til grunn i fylkesplanlegginga og i tiltaka i handlingsprogramma.
Det er Regjeringas målsetjing at ein må ta omsyn til tryggleik og beredskap i all samfunnsplanlegging. Dei naturlege tilhøva i Sogn og Fjordane gjer at det er viktig at alle utbyggingsprosjekt i fylket tek særleg omsyn til samfunnstryggleiken.
Sogn og Fjordane har til kvart satsingsområde formulert til saman 67 ulike ”vi vil”-krav til staten. Regjeringa vil gi følgjande svar til fylket:
Verdiskaping
Regjeringa ser positivt på at Sogn og Fjordane lyfter fram verdiskaping der ein tek heile fylket i bruk ved å nytte kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte og med fokus på ei balansert utvikling mellom bruk og vern. Arealplanlegginga i kommunane er eit godt verkemiddel for berekraftig arealforvaltning og har derfor auka fokus. Jordvern må òg stå sterkt i all planlegging, og fylket sin Fylkesdelplan for landbruk er viktig for måloppnåing og framgang på bygdene. Miljø og verdiskaping er handsama i St. meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand.
Til ambisjonane om vidare utbygging av vasskrafta i fylket vil Regjeringa understreka at vasskrafta kan utnyttast på berekraftig vis i tråd med Retningslinene for små vasskraftverk, Samla plan for vassdrag, og Forskrift om rammer for vassforvaltning (Vassforskrifta).
Regjeringa viser til at Noreg har som mål å stanse tapet av det biologiske mangfaldet innan 2010. Plandelen av ny plan- og bygningslov er vedteken av Stortinget i mai, vil kunne gi kommunane og regionale styresmakter eit godt verkemiddel til å ta vare på miljøverdiane, mellom anna biologisk mangfald, i arealforvaltninga.
Regjeringas transportpolitikk vert lagt fram i Nasjonal transportplan, jf. Stortingets handsaming av St. meld. nr. 24 (2003-2004) for perioden 2006-2015, og ein går ut frå at konkrete tiltak og prioriteringar innan samferdselssektoren i Sogn og Fjordane tek utgangspunkt i dette.
Ved kongeleg resolusjon av 27. juni 2008 er det fastsett forskrift om rikspolitisk føresegn for kjøpesentra. Føresegna gjeld frå 1. juli 2008 og varar i inntil 10 år, eller inntil ho vert avløyst av regional planføresegn i medhald av § 8-5 i plandelen av ny plan- og bygningslov (lov av 27. juni 2008 nr. 71). Regjeringa har merka seg at Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører gjeldande regional plan for senterstruktur og lokalisering av handel og service, men Regjeringa har til føresetnad at det i samsvar med ny lov vert utarbeida regionale planføresegn for å etablere kjøpesentra m.m.
Industrien
Regjeringa gjer merksam på at det i Revidert nasjonalbudsjett 2008 er gjort framlegg om å avvikle selskapsskatten som kommunal skatt. I staden vert det foreslått å leggje den delen av skatten som selskapsskatten utgjer i dag over på skatt på alminneleg inntekt og formue. Det er Stortingets ansvar å fastsetje skattar og avgifter som går til statskassa. Sogn og Fjordane fylke kan ha som strategi å prøve å påverke Regjering og Storting til at selskapsskatten i større grad skal kunne gå til produksjonskommunen. Dette bør kome fram i fylkesplanen, og punktet ”vi vil la selskapsskatten bli tilbakeførd til produksjonskommunen” bør derfor skrivast om i samsvar med dette.
Småskalaverksemd og lokalsamfunn, og tenesteyting
Det er eit nasjonalt mål å ta vare på særskilt verdifulle kulturlandskap i jordbruket. I denne oppfølginga er det mellom anna ei målsetting at ein skal løfta særskilt utvalde kulturlandskap og gi dei ei særskilt forvaltning innan 2010.
Det er av stor verdi at eit levedyktig reiseliv er bygget på natur- og kulturarven. Når det gjeld å leggje til rette for ei vidareutvikling av reiselivsnæringa basert på fylket sitt natur- og kulturgrunnlag, vil Regjeringa støtte og oppmuntre arbeidet med ”regionalparkar”, fylkesdelplanar og kystsoneplanar med vekt på lokal verdiskaping knytt til natur og kultur. Regjeringa viser òg til mål og tiltak i den nasjonale reiselivs-strategien og at Luster og Stryn er blant dei 23 kommunane i landet som har fått status som nasjonalparkkommune. Regjeringa vil prioritere arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda, med sikte på auka bruk, utan at verneverdiane vert svekka.
Regjeringa viser vidare til pilotprosjektet Nærøyfjorden Verdsarvpark som er eit av elleve pilotprosjekt i verdiskapingsprogrammet til Miljøverndepartementet på kulturminne-området. Prosjekta skal medvirke til at kulturarven vert brukt som ressurs i samfunnsutviklinga. Kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss deltar i prosjektet, som er inspirert av dei franske regionale natur- og kulturparkane. Prosjektet omfattar alt frå restaurering og skjøtsel av bygningar og landskap til formidling av kunnskap og utvikling av berekraftige, kommersielle aktivitetar og produkt. Verdiskapingsprosjektet skal bidra til at lokalsamfunnet meistrar rolla som vertskap i eit verdsarvområde på ei god og berekraftig måte. Prosjektperioden varer ut 2010.
Sjøretta aktivitetar
Regjeringa vil leggje til rette for at havbruksnæring si trong for areal kan bli dekt gjennom gode prosessar der omsynet til miljø og nærings- og bruksinteresser som ferdsel og friluftsliv vert teke vare på i tråd med Stortingets føresetnader,
jf. St. meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav.
Regjeringa vil styrkje arbeidet med ei meir heilskapeleg, økosystembasert og kunnskapsbasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn – i tråd med EUs rammedirektiv for vatn. EUs rammedirektiv for vatn, som vart implementert i Forskrift om rammer for vannforvaltningen som vart sett i kraft 1. januar 2007, vil vere eit sentralt verkemiddel for regionale styresmakter sitt arbeid.
Regjeringa legg vekt på ei forsterka politikk for vern og utvikling av villaksen. Ein viser til St. meld. nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder.
Bu og leve
Folkehelse og livsutfalding
Regjeringa merker seg som positivt at folkehelse er lyfta fram som eit prioritert område innafor eit av dei to satsingsområda i fylkesplanen. Dette følgjer opp ein lang tradisjon med systematisk førebyggjande arbeid i ”trivselsfylket” Sogn og Fjordane. Regjeringa vil samtidig gjere merksam på at innbyggjarane si helse og vilkår for god helse for alle også vert teken i vare i andre sektorar som er omtalt i fylkesplanen. Som regional utviklingsaktør og planmyndigheit har fylkeskommunen ei oppgåve i å take i vare ei heilskapleg utvikling som fremjar helse, trivsel og tryggleik, og som kan medverke til utjamning av sosiale forskjellar og sosiale helseforskjellar.
Avslutting
Det vert gjort merksam på at godkjenninga av fylkesplan for Sogn og Fjordane 2005 – 2008 ikkje inneber konkret ressursbruk. Godkjenning av fylkesplanar har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar. Prioritering og tildeling av ressursar vert følgd opp gjennom dei årlege budsjettprosessane. Det vert føresett at fylkeskommunen tek kontakt med gjeldane statlege styresmakter for å sikre gjennomføringa av planen sine strategiar og tiltak.
Miljøverndepartementet
tilrår
Fylkesplan for Sogn og Fjordane 2005 – 2008, vedteken av fylkestinget 9. juni 2004, vert godkjent i medhald av plan- og bygningslova sin § 19-4, med dei merknader og atterhald som er nemnt i Miljøverndepartementet sitt foredrag i saka.