Gode sikkerheitsråd til kandidatar som stiller til val ved kommunestyre- og fylkestingsvalet
Brosjyre/veiledning | Dato: 04.07.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet sender i juli ut ein informasjonsbrosjyre i posten til alle som står på ei valliste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet.
Brosjyren gir blant anna informasjon om korleis framande statar og andre aktørar kan forsøke å få tilgang til sensitiv informasjon, og gir råd om kva ein kandidat kan gjere for å hindre dette.
Brosjyren er ein del av regjeringa sin tiltaksplan for å styrke motstandsdyktigheita mot uønskt påverknad av valet.