Godkjenning av fylkesdelplan for museum i Hordaland

Hordaland fylkeskommune
Postboks 7900
5020 BERGEN

Deres ref

Vår ref

Dato

200000078-355/656.T07/GBOL

200500834-8/OAH

14.04.2005

Godkjenning av fylkesdelplan for museum i Hordaland

Vi viser til brev frå Hordaland fylkeskommune, datert 20. januar 2005, der fylkesdelplanen for museum i Hordaland vart oversendt for sentral godkjenning. Miljøverndepartementet har handsama planen i samråd med Kultur- og kyrkjedepartementet.

Miljøverndepartementet godkjenner i medhald av § 19‑4 i plan- og bygningslova og Kongeleg resolusjon av 16. mars 1990, fylkesdelplan for museum i Hordaland, vedteken av Fylkestinget i Hordaland 11. juni 2003.

Departementet vil peike på at fylkes(del)planar bør sendast til sentralt hold kort tid etter vedtak i fylkestinget, for å sikre ei god oppfølging av planane. Det har ikkje vore praksis for at fylkesdelplanar for museum har vore til formell godkjenning på statleg nivå tidlegare.

Vi gjer merksam på at godkjenninga ikkje inneber nokre bindingar av statlege ressursar til gjennomføring av strategiar og tiltak i planen.

Med hilsen
Tom Hoel (e.f.)
ekspedisjonssjef

Ole A. Hagen
rådgiver