Godkjenning av fylkesdelplan for strand- og kystsona i Møre og Romsdal

13.03.02

Godkjenning av fylkesdelplan for strand- og kystsona i Møre og Romsdal

Miljøverndepartementet har motteke fylkesdelplan for strand- og kystsona i Møre og Romsdal for sentral godkjenning. Miljøverndepartementet har handsama planen i samråd med Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet, Landbruksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet.

Vedtak:

Med dei merknadene som er nemnde nedanfor, godkjenner Miljøverndepartementet i medhald av § 19-4 i plan- og bygningsloven og kongeleg resolusjon av 16. mars 1990, fylkesdelplan for strand- og kystsona i Møre og Romsdal, vedteken i fylkestinget den 13. desember 2000.

Merknader frå departementa

Departementa ser positivt på at fylkeskommunen har teke ein aktiv rolle i utarbeidinga av ein fylkesdelplan for strand- og kystsona i nært samarbeid med kommunane. Utfordringane i kystsona er av ein slik karakter at det er behov for å sjå arealforvaltninga i samanheng, i eit langsiktig perspektiv, på tvers av sektorinteresser, og ut over grensene til den einskilde kommune.

Måten Møre og Romsdal har organisert planprosessen på – med kommunane representert i alle arbeidsgruppene saman med regionale aktørar – er ei god arbeidsform som gir høve til for samarbeid på tvers av etatar og forvaltningsnivå. Fylkesdelplanen er òg eit verkemiddel for å auke kompetansen om kystsoneplanlegging i kommunane.

Møre og Romsdal deltok ikkje i det regionale kystsoneplanprosjektet, eit nasjonalt forsøksprosjekt om kystsoneplanlegging i regi av Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Fiskeridepartementet og Miljøverndepartementet, men har likevel vore i kontakt med det nasjonale prosjektet og delteke på fagsamlingar. Slik sett har fylket fått fagleg kompetanse til utarbeiding av sin eigen plan.

Departementa ser positivt på hovudutfordringane og dei strategiske vala i planen. Departementa er òg positive til at ein ønskjer å snu fokus i arealplanlegginga mot dei areala som ein ønskjer å halde uendra, og at ein legg til grunn ei streng praktisering av dispensasjon i desse områda. Dette vil kunne medverke til ein større fokus retta mot å skjerme urørt areal som det er knytt viktige nasjonale interesser til, jf. St. meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Ved å samstundes knytte dette opp mot større fleksibilitet i andre område, vil ein opne for ein arealpolitikk som legg betre til rette for til dømes næringsutvikling der arealbehova kan skifte raskt. Departementa viser til godkjenninga av fylkesplanen for Møre og Romsdal 2001-2004, der regjeringa støttar måla om omstilling og nyskaping i næringslivet. Havbruksnæringa er viktig i denne samanhengen.

Fylkesdelplanen set opp generelle mål og retningsliner for forvaltning av kystsonen og er ikkje noko handlingsprogram. Den er i liten grad retta inn mot konkrete tiltakspunkt og strategiar, men meir ei rettleiing i korleis kommunane og ulike sektorstyresmakter i Møre og Romsdal kan og bør medvirke i, og gjennomføre kystsoneplanprosessar. Når det gjeld eventuelle endringar i plan- og bygningslova og innskjerping i forhold til praktiseringa av lova, viser Miljøverndepartementet til strandsonesatsinga og til planlovutvalet sitt arbeid. Gjennom strandsonesatsinga er blant anna den juridiske hjelp og rettleiing til fylka i strandsonespørsmål styrka.

Mål og retningsliner som er sett for arealforvaltninga i kystsona i Møre og Romsdal, er i hovudsak i tråd med nasjonal strandsonepolitikk. Miljøverndepartementet har skjerpa inn at ein skal basere plan- og dispensasjonspraksis i 100-metersbeltet på at strandsona ikkje nokon stad skal byggjast ned på ein måte som undergrev nasjonale miljømål. Ein må difor sjå planlegging og dispensasjonspraksis for fritids- og bustadbygging ut frå dei lokale forholda og den faktiske situasjonen for friluftsliv, naturverdiar, landskap og kulturmiljø i den einskilde region. Fortetting kan vere fornuftig, men krev bevaring av god grøntstruktur lokalt. Behovet for gode planar gjeld like mykje der det er samanhengande utmarksnatur langs kysten, slik at ikkje tilfeldig utbygging "punkterer" strandsona på ein uheldig måte. I arbeidet med å leggje til rette for optimal utnytting /bruk av kystsona må ein søke å sjå dei ulike brukerinteressene og verneinteressene i desse områda samla. Departementa meiner òg at det hadde vore ein fordel om inngrepsstatus i 100-metersbeltet hadde vore kartfesta. Det same gjeld område som er viktig for turisme og landskapsoppleving. Ein vil vidare understreke målet om auka interkommunale planprosessar av felles fjord- eller kystsystem.

Det kommunale sjølvstyret er eit viktig prinsipp og som det vert lagt stor vekt på. Departementa vil likevel understreke at dersom viktige nasjonale mål og regionale interesser ikkje vert tatt vare på i kommunal planlegging, vil det bli gitt motsegn av sektorstyresmaktene, sjølv om kommunane har grunngjeve avgjerdene godt. Det er derfor viktig at alle relevante overordna sektorstyresmakter medverker i kommunal planlegging av denne typen slik at ein kan unngå eventuell motsegn seinare. Det ligg til sektorstyresmaktene sitt ansvar å leggje vekt på kommunale vedtak, men dei same styresmaktene har også eit ansvar for å ivareta nasjonale interesser og gjennomføre nasjonal politikk på sine respektive område, jfr. punkt 6.2, mål 3.

Departementa slutter seg til dei mål og retningsliner som er nedfelt for å sikre næringslivet sitt behov for areal, og meiner desse på ein god måte legg til rette for å utnytte ressursane i kystsona. Departementa vil vidare peike på det i 2001 er lagt fram to stortingsmeldingar som og gir viktige føringar for utviklinga i kystsona; ei om biologisk mangfald (St. meld. nr. 42 (2000-2001) og ei om friluftsliv (St. meld. nr. 39 (2000-2001)). I tråd med meldingane bør omsynet til biologisk mangfald og å sikre kystsona for det allmenne friluftslivet vere blant dei førande prinsippa for planlegging av utviklinga i kystsona.

Det vidare arbeidet med vern av natur i kystsona vil bli fylgt opp i samsvar med St. meld. nr. 43 (1998-1999) Vern og bruk i kystsona. Som ein del av dette er arbeidet med ein nasjonal marin verneplan starta opp.
Fylkesdelplanen nemner som ei av retningslinene å sikre leveområda for villaks og aure gjennom arealplanlegging. I følgje plan- og bygningslova kan ein ikkje skilje mellom dei ulike oppdrettsformene i arealplanbestemmelsene, slik at sikringa må skje på annan måte.

I arbeidet med å få utarbeidd ein langsiktig forvaltningsplan for tang og tare har Fiskeridirektoratet starta arbeidet med fylkesvise gjennomgangar. I dette arbeidet vil ein gå gjennom dei enkelte områda og vurdere dei i forhold til taretråling. For dette arbeidet er det oppretta fylkesvise arbeidsgrupper med deltaking frå Fiskeridirektoratet sine regionkontor, fylkesmannen, fylkeskommunen og taretrålnæringa.

Departementa har merka seg at det i planen er fremma synspunkt på endringar av plan- og bygningslova. Desse spørsmåla vil bli vurdert av Planlovutvalet.

Avslutning

Miljøverndepartementet vil streke under § 19-6 i plan- og bygningslova, der det står at fylkesplanen, her òg fylkesdelplanar, skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd, og vere retningsgjevande for kommunal og statleg verksemd i fylket. Plan- og bygningslova føreset at statlege organ som vil fråvike føresetnadene i godkjend fylkesplan, skal ta dette opp med fylkeskommunale planstyresmakter. Dersom fylkeskommunen og vedkomande sektorstyresmakt ikkje blir samde, skal ein ta saka opp med dei sentrale planstyresmaktene.

Med helsing
Børge Brende

Kopi:
Kommunane i Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Fiskeridirektoratet, region Møre og Romsdal
Direktoratet for naturforvaltning
Fiskeridepartementet
Landbruksdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Arbeids- og administrasjonsdepartementet