Godkjenning av Fylkesplan for Hordaland 2005-2008
Kongeleg resolusjon | Dato: 13.04.2007 | Klima- og miljødepartementet
Opphavleg utgjeve av: Miljøverndepartementet
Nr: 200503587
Miljøverndepartementet har i oversendingsbrev av 14. desember 2005 motteke fylkesplan for Hordaland 2005-2008 til sentral godkjenning. Planen er utarbeidd etter reglane i plan- og bygningslova og vedteke i fylkestinget 11. oktober 2005.
Fylkesplan Hordaland i pdf (pdf)
1. Innleiing
Miljøverndepartementet har i oversendingsbrev av 14. desember 2005 motteke fylkesplan for Hordaland 2005-2008 til sentral godkjenning. Planen er utarbeidd etter reglane i plan- og bygningslova og vedteke i fylkestinget 11. oktober 2005.
I den sentrale godkjenningsbehandlinga har regjeringa vurdert planprosessen og dokumentet på bakgrunn av reglane i plan- og bygningslova og rundskriv T-3/98 om arbeidet med fylkesplanane. Regjeringa skal ta stilling til innhaldet i planen ut frå:
- Fylkets mål og strategiar, sett i høve til gjeldande statleg politikk og interesser
- Forventa deltaking frå statlege etatar i oppfølging og gjennomføring av fylkesplanen
- Usemje regionalt som det er venta at regjeringa skal avklare
Regjeringa har ikkje vurdert om det er føringar i planen som bør følgjast særleg opp i
departementas arbeid mot Stortinget. Regjeringas merknader er knytt til dei einskilde kapitla i planen, med fylkets eigne mål og strategiar som bakgrunn.
2. Regjeringas merknader
A. Om planprosessen
Det er gjennomført ein omfattande og målretta fylkesplanprosess med Fylkesplan-konferanse, Hordalandskonferansen, Regionalt Næringsforum, utvalsdrøfting og høring, før vedtaket i fylkestinget. Mange personar, instansar og aktørar har teke del.
B. Om fylkesplanen
Fylkesplanen presenterer visjon, mål og strategiar, med verdiskaping som gjennomgåande tema. Fylkesplanen har fire satsingsområde med kvar si fanesak: næringsutvikling, kompetanse, kultur og transport/areal/miljø, og gjev generelle utfordringar, mål og strategiar etter område.
Fylkesplanen uttrykkjer ein sterk vilje til politisk styring for å oppnå god regional utvikling. Realisering av måla føreset at fylkeskommunen har nok krefter og verkemiddel. Dette må sjåast i samanhang med den kommande regionreforma.
Nokre konflikttema i regionen: forholdet mellom vekst og vern, gasskraftverk på Mongstad, og behovet for transportutvikling med meir infrastruktur. Handlingsprogram til fylkesplanen skal utarbeidast seinare, med forslag til tiltak innafor satsingsområda. Handlingsprogrammet skal rullerast kvart år i planperioden, der bruk av regionalpolitiske verkemiddel vil stå sentralt.
Etter regjeringas vurdering er fylkesplanen ein god plan som dekkjer dei fleste samfunnsområde. Det vert drive eit godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap i Hordaland. Regjeringa ser det som viktig at fylket tek tryggings- og beredskapsmessige omsyn i all planlegging i fylket. I all hovudsak tilrådast det at regjeringa sluttar seg til fylkets mål og strategiar.
C. Om fylkesplanens innhald
a. Innleiing og visjon
Fylkesplanen gir visjon, mål og strategiar. Verdiskaping er det gjennomgåande temaet.
Visjonen for planen er: ”Hordaland – eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion.”
Regjeringa har ingen merknader til dette.
b. Satsingsområde med fanesaker
Fylkesplanen har fire slike: (1) Næringsutvikling, med auka bruk av naturgass som mål, og energiverk på Mongstad som satsing. (2) Kompetanse, med Bergen som kunnskapsby som mål, og entreprenørskapssenter som satsing. (3) Kultur og kulturbasert næring, med Noregs festivalfylke og eit senter for musikkindustri som mål. (4) Transport, areal og miljø, med infrastrukturutvikling som mål, og kyststamvegen m.v. som satsing.
Regjeringa vil påpeike at kraftvarmeverket på Mongstad er dimensjonert ut frå behovet for varme på Mongstad. 60 MW av den elektriske kraftproduksjonen på til saman 280 MW vil bli nytta i raffineriet. Overskotskrafta vil bli nytta på Kollsnes og Troll A. Evt. overskot ut over dette vil bli distribuert i det ordinære nettet. Kraftvarmeverket ventast ikkje ferdigstilt før i 2010.
c. Generelle utfordringar
Fylkesplanen nemner følgjande generelle utfordringar: verdiskaping, deltaking og likestilling, kommunikasjonsteknologi, folkehelse, særtrekk ved Hordaland, regionane i endring, storbyen i høve til resten av fylket, samt den regionale politikken.
Regjeringa merker seg at folkehelse med auka fysisk aktivitet som innsatsområde er framheva under generelle utfordringar. Dette er i samsvar med St. meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for eit sunnare Noreg. Arbeid for å fremje folkehelse er den samla innsatsen i eit samfunn retta mot samfunnstilhøve og miljøfaktorar med sikte på å betre befolkninga si helse og medverke til ei meir rettferdig fordeling av helse i befolkninga. Folkehelse er i eit slikt perspektiv ein indikator på samfunnsutviklinga, evna til god regional utvikling og lokalsamfunnsutvikling. Regjeringa saknar dette perspektivet i fylkesplanen og ei omtale av korleis fylkeskommunen som regional utviklingsaktør og planmynde kan ta eit heilskapleg grep og ansvar for folkehelsearbeidet i fylket i samarbeid med andre aktørar og kommunane i fylket.
d. Næringsutvikling
Næringsvisjonen er å vera mellom dei mest innovative regionane i Europa i næringar der fylket har særlege føremoner, med vekt på lønsemd, konkurransekraft og omstilling. Fylkesplanen gjev fleire næringsmål og næringsstrategiar for å oppnå dette.
Regjeringa har ingen merknader til desse måla og strategiane.
e. Kompetanse
Kompetansevisjon er at Hordaland skal vera ein lærande region. Fylkesplanen fremjar fleire kompetansemål og kompetansestrategiar for å oppnå dette, så som livslang læring og vidaregåande skuler som lokale ressursentra og sentra for entreprenørskap.
Regjeringa har ingen merknader til desse måla og strategiane.
f. Kultur
Kulturvisjonen er å ha eit rikt og mangfaldig kulturliv forankra i regionale særtrekk og ope for nye impulsar. Alle skal kunne ta del i og oppleva aktivitetar. Fylkesplanen fremjar fleire kulturmål og -strategiar for å oppnå dette, og at kunst/kultur/idrett er viktig for busetnad og næringsutvikling.
Regjeringa har ingen merknader til desse måla og strategiane.
g. Transport, areal og miljø
Miljø, areal- og transportvisjonen er å utvikla levedyktige regionar og attraktive lokalsamfunn, med eit heilskapleg transportsystem av tilfredsstillande standard. Utbygginga skal vere berekraftig og miljøvennlig, med samordna transport, areal- og energibruk, og der universell utforming skal leggjast til grunn. Tilbodet skal medverka til positiv verdiskaping og robuste ABS-regioner; til å oppnå viktige miljøpolitiske målsettingar; og til å redusera risikoen for ulukker.
g.1. Transport
Fylkesplanen fremjar fleire transportmål og transportstrategiar for å fremja dette. Dette omfamnar tryggleik, Hordalandsringen, flaskehalsar på det sekundære vegnettet, vegvedlikehald, transportkapasiteten i Bergensområdet, Bergensprogrammet med bybane, Bergensbana, kollektivtransporten elles, Bergen og regionsentra som knutepunkt, større del av gods med båt og jernbane, universell utforming, samt luftfart og sjøfart.
I og med at Regjeringa sin transportpolitikk blir lagt fram i Nasjonal transportplan (NTP), jamfør Stortinget si behandling av St. meld. nr. 24 (2003-2004) for 2006-2015, er det ikkje føremålstenleg for Regjeringa å kommentere dei enkelte prosjekta i ein kongeleg resolusjon.
Konkrete tiltak og prioriteringar innan samferdselssektoren i Hordaland tek utgangspunkt i Stortinget si behandling av NTP og dei påfølgjande handlingsprogramma. Vi viser og til Soria Moria-erklæringa der hovudmåla i samferdselspolitikken går fram. Det er mange pågåande og kommande samferdsleprosjekt i Hordaland. Fylket har ein høg del vegar med bompengar, men er òg det fylket som får mest statlege midlar til dei andre riksvegane.
Planen inneheld gode målformuleringar, men gir få svar i forhold til målkonfliktar. Vi stiller spørsmål ved om kollektivtransporten kan ta større del av veksten i persontrafikken, så lenge dei samla tiltaka legg opp til vekst framleis i personbiltrafikken. Fylkesplanen sine visjonar, mål og strategiar er elles i tråd med nasjonal politikk på samferdsleområdet.
g.2. Areal og miljø
Fylkesplanen fremjar fleire areal- og miljømål og tilsvarande strategiar for å fremja dette. Dette omfamnar regionar og lokalsamfunn, areal- og naturressursar, lokalisering, landskap, biologisk mangfald, berekraftig næringsutvikling, landbruk, kulturminne/miljø, økologi sjø/vassdrag, markavgang, fornybar energi, samt gode planar og betre forvalting.
Det bør utarbeidast ein ny fylkesdelplan for heile Hardangervidda. Planen skal omfatte både bruk og vern. I tillegg til å sikre leveområdet til villreinen, skal planen avklare arealbrukskonfliktar, vise moglegheiter for økologisk forsvarleg næringsutvikling og gje dei overordna rammene for kommunal planlegging og behandling etter sektorlovar. Forhold knytt til Rv. 7 vil være eit aktuelt tema i ein fylkesdelplan som skal leggje rammene for ei heilskapleg forvalting av Hardangervidda. Jamfør St.prp. nr. 1 (2006-2007) frå Samferdselsdepartementet for budsjettåret 2007, side 60.
I 2001 vart det vedteke at Den europeiske landskapskonvensjonen skal gjennomførast i Noreg. Konvensjonen trådde i kraft 1. mars 2004. Regjeringa ber styresmaktene i Hordaland konsentrere iverksettinga særleg om to tilhøve – kvardagslandskapet der folk bur og arbeider til dagleg, samt kyst- og fjordlandskapet som hovudattraksjon i marknadsføringa av norsk reiseliv.
Samstundes vil Miljøverndepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet samarbeide med fylkesmannen og fylkeskommunen i Hordaland om å utvikle ein metode for korleis fylkesnivået kan støtte kommunane i deira arbeid med landskap i lokalpolitikk, arealdisponering og stadsutvikling.
Regjeringa vil auke utbygginga av miljøvennleg vindkraft. For å bidra til at utbygginga skjer der det er akseptabelt i høve til landskap og andre miljø- og samfunnsinteresser, er det laga eit forslag til retningsliner for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg som var til høyring fram til desember 2006. Energi- og miljøvernmyndigheitene samarbeider òg om retningsliner for fylkesvise planer for småkraftverk som ein òg skal bruke der det ikkje føreligg fylkesvise planer.
Regjeringa ynskjer at vi skal kunne utnytte næringspotensialet i norsk natur betre. Vi skal utvikle nasjonalparkar og landskapsvernområde som ein ressurs for lokalsamfunna og for vidare lokal verdiskaping. Ein skal utarbeide ein handlingsplan for berekraftig bruk, forvaltning og skjøtsel av verneområde som skal avklare rammene for verksemd i og knytt til verneområde. Verdiskaping og næringsutvikling i og omkring store verneområde må skje på ein slik måte at dei naturverdiane som ein gong blei verna ikkje går tapt.
Det blei i desember 2006 fremja ein Stortingsproposisjon nr. 32 (2206-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar.
g.3. Arealpolitiske retningsliner
Fylkesplanen har ikkje eigen arealdel, men ei samling og oppdatering av gjeldande areal-
politiske retningsliner, frå førre fylkesplan (2001) og åtte tematiske fylkesdelplanar.
3. Avslutning
Godkjenninga av fylkesplanar omfattar ikkje konkret ressursbruk. Prioritering og tildeling av ressursar blir vurdert gjennom dei årlege budsjettprosessane. Fylkeskommunen må ta kontakt med dei aktuelle statlege styresmakter for å sikre gjennomføring og oppfølging av planen.
Fylkesplanen skal etter plan- og bygningslova leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd og vera retningsgjevande for kommunal og statleg verksemd i fylket. Retningslinjene gjev klare regionale signal til kommunane i fylket og skal bidra til å samordne og styre arealbruken på tvers av kommunegrensene. Dersom ein kommune fråvik retningslinjene, gjev dette grunnlag for å framme motsegn til kommunens planar. Statlege organ som ynskjer å fråvike føresetnadane i godkjent fylkesplan, må ta dette opp med fylkeskommunen. Om partane ikkje blir sams, skal saken takast opp med dei sentrale planstyresmaktene.
Miljøverndepartementet tilrår:
Fylkesplan for Hordaland 2005-2008, vedteken av fylkestinget 11. oktober 2005, godkjennast i medhald av Plan- og bygningslovas § 19-4, med de merknader og atterhald som er gjeve i Miljøverndepartementets utgreiing i saka.